lørdag 27. november 2010

Lykke til, Anders!

Det har vore nokre spanade veker sidan sesongen slutta og overgangsspekulasjonane rundt Anders Lindegaard starta. Men no er det altså i boks;
Anders Lindegaard er Manchester United speler!

Det kjennast som eg har skrive dette innlegget 35 gonger allereie. Og eg skal ikkje gjenta meg sjølv i det uendelege. Men det må skrivast ein siste gong, no som signaturar og medisinske testar er i boks;
Tusen, tusen takk for alt, Anders!

Vi misser ein fantastisk keeper! Frå klasseredningar, til leierskap på bana, til entusiasme og oppfyring av publikum, for ikkje å snakke om strafferedningar i cupfinaler!
Og vi misser ein fantastisk fyr! Kven i allverda skal stå i media å snakke om orgasmer og impotens no? Kven skal gjere splitthopp når Tor Hogne avgjer semifinale-kampar mot Odd?

Det blir utruleg rart å sitje på CLS neste år, sjå spelerane springe ut til oppvarming og ikkje sjå Anders kome springane mot oss. Det blir utruleg rart å ikkje synge "Anders Anders Anders Lindegaard" idet han kjem springane mot oss, hoppande og veivande med armane, like gira som alle oss på tribuna.

Det er rett og slett litt trist.

Men samstundes er eg utruleg glad på Anders sine vegne. At han er klar for større utfordringar har vi alle sett. At desse utfordringane skulle bli i Manchester United var det nok få som trudde på (bortsettfrå underteikna). Og eg er sikker på at dette er ei utfordring han tek på strak arm. Han har vist så mange gonger at han har evnen til å heve seg akkurat dei hakka han treng for å bli så god som han må. Dette blir ikkje noko untak.



Dessutan er eg utruleg stolt av AaFK! Ein av spelerane våre har gått til den mest kjende fotballklubben i verda. Vi har solgt ein speler til Manchester United!
Det er ikkje lenge sidan Kjetil Rekdal tok over ei synkande skute, med stø kurs mot Adecco-liga. To år seinere, og vi sit her med cupgull, 4. plass i serien og ein speler solgt til Manchester United. Det er mildt sagt fantastisk.

Tusen, tusen takk for to fantastiske år, Anders. For strafferedninga i cupfinalen, for alle små og store redningar i serie- og treningskampar. Du blir sakna, sårt sakna. Men samstundes er eg sikker på at Manchester United blir eit nytt, enda større kapittel i fotballhistoria di.

Og skulle det, mot alle formodningar, ikkje gå så bra som eg trur, så er du hjarteleg velkomen heim til Ålesund. Alltid!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar