torsdag 29. juli 2010

Stolt oransje&blå dagen derpå

Litt flaks må'n jo ha

AaFK - Motherwell 1-1

Dette var slett ikkje verst!

I fyrste omgang hadde vi full kontroll på bortelaget, pluss/minus eit par skot som Lindegaard redda mesterleg (eg foreslår at vi byrjar å legge på ein million på pr. redning på prislappen hans). Vi burde ha scora, Demar var SÅ nær. 0-0 til pause var nesten litt ... surt.

Og så hender det som så ofte hender. Motstanderen kjem ut frå pause, starter omgangen i høggir og plutselig ligg vi under utan at nokon har skjønt kva som har hendt. Korpå våre skotske vener la seg i forsvar som ein vegg, særs nøgde med å ha fått bortemålet sitt.

AaFK kom rett nok mot slutten, og fekk inn ein del angrep. Men det svikta framføre mål. Speakeren annonserte to minutt tillegg, folk byrja å gå. Mesteparten (underteikna inkludert) gjekk ut ifrå at det no blei tap.

... altså, eg gjekk ikkje før kampen var slutt. Ein går ikkje før kampen er slutt, sånn er det berre med den saka.

Men dei kan angre, dei som gjekk. Siste angrepet i kampen, Demar blir hindra i feltet og det er straffe! Mathisen, kald og rolig, sett ballen i nota. Dommeren bles for mål, og bles så av.

Europadrømmen lev videre.

Eg veit det ikkje blir lett å slå Motherwell neste veke. Men, vi treng ikkje å slå dei. Uavgjort 2-2, og vi er videre. Sjølv om eg personleg håper på siger. For vi var fullt på høgde med dei i fyrste omgang, kva som skjedde etter pause aner eg verkeleg ikkje.

Rekdal hevder det var den dårlegaste kampen vi har spelt i år. Eg er ikkje heilt einig i den, så dårlege var vi da ikkje. Men vi rota voldsomt i andre omgang, og det straffer seg fort. Mot eit betre lag enn Motherwell hadde det nok straffa seg enda meir.

Nei, eg tykkjer vi kom godt ut av vår fyrste kamp i Europa. Så får vi berre håpe at kampprogrammet framover ikkje øydelegg verken for den eine eller den andre turneringa.

onsdag 28. juli 2010

Kampnervar

På denne tida i morgon er eg heime att frå den kampen eg har gledd meg desidert mest til i år ... utanom kanskje Molde-kampen. Men det blir noko anna. Det var Tippeliga.

Dette er Europe League.

Vi skal faktisk spele Europacup-kamp i morgon.

... eller, spelerane skal spele. Eg skal berre synge meg hes på supportersangar og prøve å ikkje kjefte så mykje som sist.

Dette er stort. STORT.

Eg var innom Ålesund ein tur i dag, og gjekk meg rett på ein stim med skotske fotballspelarar. Og då blei det veldig ekte, plutselig. Vi skal spele kamp mot dei i morgon jo!

Kampnervane er det i alle fall ingenting i vegen med. Dei er der som berre juling, allereie. Men det er sånne gode kampnervar. Glede-seg-kampnervar. Sjølv om det å gå videre hadde vore hinsides alt som er fantastisk, så er det ganske fantastisk å spele kvalikk-kamp i seg sjølv. Og når eg tenkjer tanken at kanskje vi kan gå videre frå dette... då får eg sånne gele-kne som eg fekk då det var sju minutt att av AaFK-Odd i semien i fjord, og eg innsåg at vi var sju minutt unna cupfinale.

Nei, dette er stort. Same korleis det går i morgon. Framleis stolt oransje&blå. Og eit steg nærare 'Absolutt verdensherredømme'.

lørdag 24. juli 2010

18. runde - Wow!

Det er dager som denne eg hugser kvifor eg elsker fotball.

AaFK - VIF 1-0

Misforstå meg rett, eg går ikkje rundt å lurer sånn til daglig. Men etter kamper som den i dag, då kjenner eg verkeleg at dette er gøy!

Det er lenge sidan eg har kjefta så mykje på fotballkamp. Og det til trass for at både eg og pappa eigentleg hadde konstantert med at 2/3-0 tap i dag var "greit". Etter å ha sett litt på Vålerenga i det siste var det berre å konstantere at dei var i fin flyt. Og at sjølv eit AaFK-lag på sitt beste skulle få slite denne kampen. Håp og kjærleik, men smått med tru.

Men at du egentleg tar kampen med knusande ro, det gløymer du med ein gong dommeren bles i gong. Og når dei fyrste femten minutta har gått, og du enda ikkje har fått målet du forventa å få imot, då vakner eit eller anna.

I dag var vi surrette. Upresise. Tre mann på ein VIF-speler, og han kom seg likevel unna med ballen. Men, det var to ting som redda oss i dag; vi har Anders Lindegaard i mål, og vi gir ALDRI opp... vi ga i alle fall aldri opp i dag. 0-0 til pause vekka ein aldri så liten optimisme. Og då blei andre omgang enda verre.

Eg er glad i gutane, veldig glad i dei. Sånn på ein heilt platonisk og grei "flinke-favorittlaget-mitt"-måte. Men av og til kan eg ikkje noko for det; av og til må eg kjefte. Og i dag kjefta eg. Masse. På alle. Eg er til dømes særs glad for at alle brølte samstundes då eg ropte "faen i helvette, Parr" etter ei noko dristig dribling framføre eige mål. Eg stoler på deg altså, Jonathan. 0-0 er berre sånn eit horriblet resultat medan det pågår (for eitt poeng i dag hadde vore gull det, altså).

Så eg kjefta, small, trua med å gå heim, eller å kaste opp. Reiv meg i håret, heiv både opp og ut med armane. Det er eit under at eg ikkje har strekk i eit eller anna...

Så skjer det. Eit av tre million innlegg på Aarøy i denne kampen (og to minutt tidlegare hadde eg ytra noko sarkastisk om at "jada, oss må spele opp på an Aarøy. De he virka SO bra hittil i kampen"). Denne gongen lander ballen der den skal. Eller det står ein speler der ballen lander. Og Alexander Mathisen veit kvar målet står, og sender ballen i elegant bue rundt både forfjamsa keeper og forvirra forsvarsspelarar.

Den kjensla du får når ballen går i nota, etter at du har brølt deg igjennom 89 minutt ... den går det ikkje an å beskrive. Og eg er ganske sikker på at det brølet eg sette i då ballen gjekk i mål er grunnen til at eg no svir heftig i halsen, og ikkje har stemme att. Det tok liksom siste rest.

Dessutan har eg sunge alt eg var god for i dag. Både eg og Stormen. Stormen var verkeleg både bestemann og 12. mann i dag, medan Klanen var noko spak til seg å vere.

VIF skulle sikkert hatt straffe. Det skulle kanskje vore frispark. Skulle skulle, burde burde. Fakta er at då dommaren blåste for fulltid hadde vi slått Vålerenga. Og unnskyld meg, men det er faen ikkje dårleg!

Torsdag er det Europe League-kamp på CLS. EUROPE LEAGUE! Eg får kriblingar berre av å skrive orda. Korleis det går tør eg verken spå eller tenkje på. Men vere der skal eg, med sjerf, drakt og entusiasme i bøtter og spann.

Eg må berre pleie stemma mi litt først...

søndag 18. juli 2010

17. runde - Gryande uro

Altså, ikkje for sesongen generellt, for eg kan ikkje klage. Men naturgras...

Start - AaFK 1-0

No byrjer denne naturgras-greia å likne eit seriøst problem. Eg kjenner ikkje att laget mitt frå runde til runde. Vi kan spele fantastisk ei helg, for så å møte ekte grastustar neste helg og sjå ut som eit lilleputt-lag.

Eg skjøner at det er skilnad mellom naturgras og kunstgras. Og eg hadde sikkert ikkje klart det betre sjølv. Men eg speler heller ikkje fotball på toppnivå. Ei heller har eg peiling nok til å vete kva vi skal gjere for å ordne opp i dette. Ikkje trur eg det blir nedrykk av å alltid tape på naturgras heller. Men alvorleg talt; noko må vi då kunne gjere med det?

Eg slit med å finne lyspunkt i dag. Einaste positive eg kan seie er at vi i alle fall jobber som eit lag. Er ein dårleg, så er alle dårlege. Bortsettfrå kanskje Lindegaard.

Nei, legge denne kampen bak seg med ein einaste gong og tenkje framover. Og håpe at Fredrik Carlsen er speleklar til laurdag, for han treng vi verkeleg.

... og ein liten ting til; når motstanderen har bestemt seg for, og lukkast med, å pakke inn Tor Hogne som ei tidleg julegåve; hadde det då ikkje vore ein idè å ha ei alternativ løysing? Nokon annan å spele til? Sånn for å variere, meiner eg...

søndag 11. juli 2010

16. runde - Vakum

Det viktigste er ikkje å vinne, men å ikkje tape. Og i alle fall når ein speler mot Molde.



AaFK - Molde 0-0

Så sånn sett er eg nøgd. Eg tek heller eit uavgjort-resultat mot våre rivalar på andre sida av fjorden, enn eit forsmederleg tap. Og attpåtil på heimebane. Sånn sett; 0-0 heeeeeilt greit.

Men, sånn liker ikkje Anders Lindegaard at eg tenkjer, så eg har ikkje slått meg heilt til ro med det.

Det var ein rotette kamp i går. Og sikkert ein keisam ein, for dei som sat heime og såg den, utan tilhørigheit til nokon av laga. Ein skulle trass alt tru at Slaget om Møre og Romsdal skulle bli noko meir ... spanande.

Altså, det var spanande nok for oss i oransje og/eller blått på stadioen. Men for dei som ikkje brydde seg om utfallet var det nok ikkje store fotballkampen.

Den blei litt vakum for meg og, etterpå. For eg har gledd meg til denne kampen ganske lenge. Og uansett utfall så var eg ganske sikker på både mål, gule kort, sviande taklingar og kanskje til og med ei utvisning.

No fekk eg rett nok eit par gule kort, og nokre sviande taklingar. Fredriksen var til dømes i høggir i går (og det var for så vidt Hoseth og). Men måla uteblei. Sjansane uteblei til ein viss grad og. Og sjølv om det var spanande nok medan det stod på, kan eg ikkje rista av meg kjensla av å vere bittelitt skuffa no i etterkant.

Og det er vel sånn det skal vere? For etter tabellen så skulle vi slått Molde. Men, etter tabellen skulle Tromsø slått Hønefoss og.

Eg tek i alle fall til takke med eitt poeng, framleis 4. plass og å ha unngått tap mot Molde på CLS. Spelerane tok det heldigvis noko tyngre. Og det håper eg går utover Start neste helg.

mandag 5. juli 2010

15. runde - Den der gjor HIMLA godt!

To tap før ferien. Dette var knusande naudsynt!

Tromsø - AaFK 0-1

– Ein sensasjon om vi vinn, sa Rekdal før kampen. Og eg var heilt einig. Forsvarstrøbbel i lange baner, skader, skader og enda fleire skader. Men, det viser seg at desse karane kan når dei vil.

For dette var imponerande. Tromsø pressa i 45 minutt + tillegg. Og vi haldt unna. Igjen må ein stor klapp på skuldra gå til Anders Lindegaard. Eg aner verkeleg ikkje kva vi skulle gjort utan han.

Positivt overraska over Tollås i går. Eg går og håper han finn attende til den forma han var i fyrste sesongen sin på a-laget. Han var fryktlaus og bunnsolid, uansett. Han har det i seg.

Og Ville, som visstnok var skada denne veka. Han rynka på nasen ein gong, fem min ut i fyrste omgang, men elles var det ikkje mykje som vitna om vondt kne. Full kontroll og styring i forsvar. Blir berre betre og betre.

Demar byrjar å glimte til med den forma han hadde før skaden sin. Same med Pablo, som er gull på sitt beste.

Og det beste av alt er at vi vann 1-o i ein kamp der mostanderen pressa i over ein omgang.

Laurdag venter lokaloppgjer. Eg kan ikkje anna enn innrømme at eg gler meg som ein unge. Uansett vêr, føreforhold, resultat og gudane veit kva. Og eg går ikkje rundt og innbiller meg at det blir siger heller, det kan fort bli smertefullt. Og ekstra smertefullt med tanke på at det er Molde. Og vi er på heimebane.

Men eg gler meg til TIFO, og show og full stadion. Det er sånne kampar det er ekstra gøy å vere fotballsupporter. I alle fall før kampstart :)