søndag 11. juli 2010

16. runde - Vakum

Det viktigste er ikkje å vinne, men å ikkje tape. Og i alle fall når ein speler mot Molde.



AaFK - Molde 0-0

Så sånn sett er eg nøgd. Eg tek heller eit uavgjort-resultat mot våre rivalar på andre sida av fjorden, enn eit forsmederleg tap. Og attpåtil på heimebane. Sånn sett; 0-0 heeeeeilt greit.

Men, sånn liker ikkje Anders Lindegaard at eg tenkjer, så eg har ikkje slått meg heilt til ro med det.

Det var ein rotette kamp i går. Og sikkert ein keisam ein, for dei som sat heime og såg den, utan tilhørigheit til nokon av laga. Ein skulle trass alt tru at Slaget om Møre og Romsdal skulle bli noko meir ... spanande.

Altså, det var spanande nok for oss i oransje og/eller blått på stadioen. Men for dei som ikkje brydde seg om utfallet var det nok ikkje store fotballkampen.

Den blei litt vakum for meg og, etterpå. For eg har gledd meg til denne kampen ganske lenge. Og uansett utfall så var eg ganske sikker på både mål, gule kort, sviande taklingar og kanskje til og med ei utvisning.

No fekk eg rett nok eit par gule kort, og nokre sviande taklingar. Fredriksen var til dømes i høggir i går (og det var for så vidt Hoseth og). Men måla uteblei. Sjansane uteblei til ein viss grad og. Og sjølv om det var spanande nok medan det stod på, kan eg ikkje rista av meg kjensla av å vere bittelitt skuffa no i etterkant.

Og det er vel sånn det skal vere? For etter tabellen så skulle vi slått Molde. Men, etter tabellen skulle Tromsø slått Hønefoss og.

Eg tek i alle fall til takke med eitt poeng, framleis 4. plass og å ha unngått tap mot Molde på CLS. Spelerane tok det heldigvis noko tyngre. Og det håper eg går utover Start neste helg.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar