søndag 7. august 2011

Kjære Ole Christian Rørvik,

Amund Skiri, Edvard Skagestad, Jonatan Tollås Nation, Ville Jalasto, Magnus Sylling Olsen, Jason Morrison, Fredrik Carlsen, Sander Post, Peter Orry Larsen, Pablo Herrera, Sten Grytebust, Jonathan Parr, Daniel Arnefjord, Enar Jääger, Demar Phillips, Christian Myklebust, Kjell Rune Sellin, Didrik Fløtre, Robert Sandnes, Fredrik Ulvestad, Mathias Rasmussen, Lars Fuhre, Sverre Økland, Magnus Solevåg, Solomon Okoronkwo, Michael Barrantes Rojas og Jonas Sandqvist;

Misforstå meg no rett. Det har vore fantastisk gøy å vere på Europa League kamp på CLS i år. Kvar gong. Og eg er umåteleg stolt oransje og blå av måten vi har kome oss videre på.

Men. Eg vil mykje, mykje, mykje heller ha tre poeng i Tippeligaen.

Vi veit at dykk kan. Kvar og ein av dykk. Det har dykk vist mot Neath, mot Ferencváros og mot Elfsborg. Kan dykk vere så snille å gjere dette mot Strømsgodset, Molde og Sogndal i staden?

For no treng vi tre poeng meir enn noko anna.

mandag 4. juli 2011

13. runde: Lokaloppgjer til besvær

Det var ikkje det at eg hadde så store forventningar. Ei heller at eg har noko imot å tape for betre fotballag. Men denne kampen gav vi bort.

Molde - AaFK 5-2

Vi rett og slett gav den bort. Eg har ikkje tenkt å skulde på nokon spesiell, ei heller har eg tenkt å ta nokon unna (nei, ikkje ein gong deg, Ville. Spesiellt ikkje deg).

Vi gav rett og slett bort 4 mål. Og vi kasta vekk 6-7 målsjansar. Då taper ein fotballkampar, anten ein speler mot Molde eller Måløy.

Tek denne kampen som eit arbeidsuhell. Rekner med full skjerpings mot Neath på torsdag. For eg trur ikkje Rekdal finn seg i mange slike kamper på rad ...

torsdag 30. juni 2011

Europa League 2011

Litt deilig å vinne ein fotballkamp kjempesuverent igjen

AaFK - Neath FC 4-1

Kjempegod kamp. Meir er det ikkje å seie. Litt irriterande å "gi" dei eit bortemål (sjølv om det var eit fantastisk fint mål), men ellers er det absolutt ingenting å utsette på innsatsen. Vi spelte dei trill rundt, verken meir eller mindre.

Og Magnus Sylling Olsen er den nye helten min. Eg aner konturane av ein ganske så brilliant angreps-tre'ar.

Skulle gjerne vore med til Wales neste veke og heia gutane videre. Men eg får sitje heime med kryssa fingrar i staden.

Vi skal berre ein liten snartur oppom Molde først ... *grøss*

torsdag 16. juni 2011

11. runde -

Skal ikkje kjefte på gutane mine. Skal ikkje kjefte på dommeren. Det eg har å seie om RBK, sa eg for så vidt i fjor.

AaFK - RBK 1-3

mandag 13. juni 2011

10. runde - Lindegaard who??

Kjære norske fotballkommentatorane; fra no av vil eg ikkje høyre eit ORD om å "fylle hanskane til Lindegaard"

Stabæk - AaFK 1-2

No er det nok. Kvar einaste kamp eg har sett på TV i år (og eg mistenkjer at det har blitt nevnt før dei kampane der eg har vore på stadion og), har det blitt påpeika at Sten Grytebust har "store hanskar å fylle etter at Anders Lindegaard forsvann i vinter". Og Sten Grytebust har nesten ikkje gjort anna enn å bevise at han fint klarer å fylle dei hanskane.

Og i dag sette han krona på verket. FOR EIN KAMP! For ein keeper!

Eg vil ikkje høyre eit pip til om 'hanskane til Lindegaard'. Eller skoa til Lindegaard. Eller noko som helst som har tilhøyrt Lindegaard. Vi har keeper. Han heiter Sten Grytebust. Og han er fantastisk!

Utrulig deilig å vinne i dag, det var ein GRUSOM fotballkamp. Det var berre flaks at vi gjekk til pause med 1-0 (fantastisk angrep!). Andre omgang var betre, men framleis ikkje bra. Men igjen; fantastisk angrep! Nydelig mål!

Alt i alt; kanskje ikkje den beste kampen vi har spelt. Men vi vann. Og det er trass alt det fotball handler om.

RBK på torsdag. Nytt nervehelvette. Men steik kor ej gle mej!

søndag 29. mai 2011

*9. runde: Kjetil Rekdal *klapp klapp klapp* Kjetil Rekdal *klapp klapp klapp*

Rekdal, eg bøyer meg i støvet.

AaFK - Viking 2-0

Eg var nervøs i dag. Og lettere skeptisk. Meir enn eg plar vere. Med Demar og Jason ute på landslagsoppdrag mangla det plutseleg to veldig viktige brikker på midtbana vår. Og med Fredrik framleis skada, og Sander og ute av spel, var eg ein smule uroa over start 11'ren.

Eg hadde gløymt at eg kan lite på Kjetil Rekdal.

Eg såg rett nok litt skrått på iPhonen då lagoppstillinga tikka inn. Men, eg bestemte meg for at Kjetil, som Alex Ferguson, veit kva han driv på med. Sjølv om det ikkje alltid ser slik ut. Og det skulle vise seg at eg hadde rett.

Solid og god kamp, frå fyrste til siste spark. Full kontroll på Viking, minus nokre minutt i byrjinga av andre omgang. Fantastisk flotte mål! Og klar forbedring på absolutt alle spelerane.

Og ein ting vil eg berre seie; kjære toppklubbane utanfor Noreg sine grenser som etter kvart kjem til å snuse på Michael Barrantes. Kan dykk vere så snill å ligge unna han denne sesongen? Han er gull verdt for oss akkurat no. Eg er klar over at ein slik speler ikkje blir i ein klubb som AaFK så veldig lenge. Men om vi i alle fall kan behalde han til november i år, så blir eg veldig glad.
Dykk kan for så vidt berre byrje å telle pengar, for når den mannen reiser så blir det ikkje for lommerusk.

Eg kan ikkje skryte nok av Sten Grytebust heller. For kvar kamp blir han berre tryggare og tryggare, og betre og betre. I dag var han bunnsolid.

Daniel og Ville gjer ein kjempejobb i midtforsvaret. Enar og Jonathan like så på kvar sin kant (innlegget til Parr på målet til Magnus var glitrande!).

Og Fredrik Ulvestad og Christian Myklebust ... det gjer så fantastisk godt å sjå AaFK få opp slike talent. Fantastisk gode, og ikkje redde for noko som helst. Strålande!

Sellin, konstant på hugget. Fuhre mykje meir organisert i dag. Orry var så god at eg knapt kjende han att frå sist kamp.
Og Magnus Sylling Olsen; du må GJERNE score fleire slike mål. Fantastisk!

Kjære alle AaFK-spelarane; kan dykk ikkje spele slik kvar einaste kamp?


* 8. runde fann eg ikkje noko fint å seie om. Og som kjent; kan ein ikkje seie noko fint, treng ein ikkje seie noko i det heile teke.

onsdag 25. mai 2011

NM 2011 - 3. runde: I dag har eg lært ei viktig lekse

Gi aldri aldri ALDRI opp ein fotballkamp!

Hødd - AaFK 1-2 (e.e.o)

Eg var skeptisk før kampen. Eg var skeptisk under kampen. Eg var skeptisk til pause. Og då Hødd tok leiinga var eg sikker; denne kampen var tapt. Og eg blei meir og meir sikker jo lenger ut i andre omgang vi kom. Eg vurderte å skru av, men ein ekte supporter går som kjent ikkje før kampen er slutt.
(ein ekte supporter gir vel heller aldri opp, men la oss ikkje henge oss opp i akkurat det)

Det gjekk så langt at eg til slutt skrudde av lyden, for å spare meg for sigersbrølet som kom til å kome frå Hødd-fansen når som helst.

I staden gjekk eg glipp av brølet då Daniel utlikna.

Eg blir ikkje klok på AaFK. Eg kjem aldri til å bli klok på AaFK. Om eg våger meg til å tru at dei skal vinne ein kamp, så får dei juling av eit andredivisjonslag. Om eg misser motet, så motbeviser dei meg til den store gullmedalja.

Eg har ikkje negler att. Eg har betydelig mindre hår. Eg har vondt i halsen. Og eg er sikker på at husverten trur det har klikka for ho i kjelleren.

Men, vi er videre. Og ein ting er i alle fall sikkert; å halde med AaFK er ALDRI keisamt!

mandag 16. mai 2011

7. runde - Gratulerer med dagen!

Altså, ikkje den dagen. Dagen før den dagen. Fotball-nasjonaldagen. Og akkurat slik skal den feirast!

AaFK - Strømsgodset 2-1

Eg skal vere ærlig; eg hadde ei lei kjensle i dag. Eg gledde meg som ein liten unge, men eg hadde likevel ei sånn litt ekkel kjensle. Så då Godset tok ei så tidleg leiing, vart eg bittelitt nedbrutt.

Eg hadde gløymt at eg alltid kan lite på Kjetil Rekdal. Og på gutane mine. To bytter midvegs i fyrste omgang, og nokre minutt og ein corner seinere såg alt så meget mykje betre ut. Og den andreomgangen ... eg har ikkje sett maken ... eg har ikkje ORD!

Demar og Michael fortener ... eg har lyst til å seie skryt, men det ordet blir alt, ALT for spakt. Og resten av gjengen og, så klart. Alle, eigentleg. Eg er skikkeleg stolt oransje og blå i dag, nesten enda meir enn eg bruker å vere.

Eg gidd ikkje ein gong å bruke energi på å påpeike at den som lager straffa aldri skal ta straffa. Det speler absolutt inga rolle.

Eg er rett og slett utlada. Sliten. Sår i halsen. Tett i øyrene. Lukkeleg. Og stolt. Og litt ute av stand til å formulere meg.

No skal eg berre nyte morgondagen. Uroe meg for Sarpsborg-kampen er det tidsnok å starte med onsdag ...

onsdag 11. mai 2011

NM 2011 - 2. runde: Klok av skade

I fjor godta eg meg over cupbombene. Det slo tilbake så det suste. Så i år skal eg berre gle meg over

Tornado Måløy - AaFK 0 - 5

Når eg ikkje får sett kampen er det ikkje så lett å seie så mykje. Anna enn at eg er veldig glad for at Sander fekk eit mål. Kanskje løsner det for han i serien og no?

Videre til neste runde. Eit steg nærare Ullevaal. Og endå så uendeleg langt unna.

søndag 8. mai 2011

6. runde - Tom

Eg tåler ikkje mange slike kampavsluttningar, AaFK ...

Start - AaFK 2-3

Det er slike kampar som gjer alt verdt det. Det er slike opplevingar, slike kjensler som eg sit att med no som gjer det å vere fotballfrelst verdt kvart eit sekund.
Alle nedturar, alle dårlege kampar, alle feilpassningar ... alt sånt blir gløymt når ein vinn kampar slik vi gjorde i dag.

Dei siste ti minutta i dag var grusomme! Å leie 3-1 er på ein måte greit. Men å sleppe inn eit mål med ti minutt att av kampen er forferdeleg. Plutseleg har du nervar på cupfinale-nivå. Plutseleg er alt livsfarlig, sjølv dei passningane som går dit dei skal. Men den kjensla når dommeren bles av ... den er den beste i verda!

Eg er skikkelig stolt av gutane mine i dag. Å starte kampen på ein slik måte, for så å kome tilbake, snu kampen og faktisk vinne ... Eg kunne kyssa kvar og ein av dykk!

Plutselig ser tabellen så meget mykje betre ut. Plutseleg ser alt så meget mykje betre ut. Det er kanskje jævlig medan det står på. Men livet er meir morosamt for den som er glad i fotball.

søndag 1. mai 2011

NM 2011 - 1. runde: SÅNN skal førsterunder spelast!

Cup'en i fjor i gløymt.

Stranda - AaFK 0 - 8

Videre. Strålande! Stort meir er det ikkje å seie om den saka.

Bortsett frå at;
Magnus Sylling Olsen, du må GJERNE score så mange mål i vanlege kampar og!

mandag 25. april 2011

5. runde - 10 år eldre på 90 minutt

Kjære AaFK; så spanande treng det ikkje å bli kvar gong.

AaFK - Sogndal 1-0

... uffameg. Eg er heilt utlada. Eg veit ikkje kvar eg skal byrje, kva eg skal seie ... Sånn reint bortsettfrå 'TAKK!', for etter 89 sånne minutt låg det an til ein forhaldsvis laber biltur heim, og ein heller sur kveld med alt anna enn FotballXtra på TV.

Men, heldigvis. Tusen takk, Fredrik Ulvestad. Du redda kvelden min.

Men alvorlig talt; vi skulle då ha leda denne kampen 3-0 til pause. Minst. Sogndal var ikkje i nærleika av ballen dei første 30 minutta (og ikkje såg det ut som dei ville vere det heller), vi hadde FULL kontroll.

Når det er sagt så er kampen slutt, tre poeng er sikra og det er det einaste som tel akkurat no. Det, og at Fredrik Carlsen friskner til att så snart som råd.

4. runde - Jo takk, vi tek den

Eg har ikkje gløymt Odd-kampen ... eller jo, det har eg. Ganske dårleg gjort når den for ein gongs skuld var minneverdig.

ODD - AaFK 2-2

Det er ikkje så veldig mykje anna å seie om denne kampen enn at når vi tek poeng etter å ha spelt slik fotball, då er det ikkje lov til å klage.

søndag 10. april 2011

3. runde - Ingen grunn til panikk

Det var rett nok ikkje perfekt. Men dei tre fyrste poenga i år gjorde innmari godt!

AaFK - Haugesund 1-0

Ikkje at det var den beste kampen vi nokon gong har spelt. Men alt var så meget mykje betre. Passningane stemte, angrep på angrep på angrep. Dog, litt å utsette på uttellinga, men det kjem etter kvart.

Grytebust stod enda ein solid kamp, med to absolutte klasseredningar. Og Sander Post er den perfekte erstatter for Aarøy. Stor, sterk, god med både beina og hovudet (trur han tapte berre ein hovudduell). Phillips var fantastisk, nydelig mål.

Alle var eigentleg betre i dag. Akkurat slik som dei bruker å vere. Er ein dårleg, er heile laget dårleg. Er ein gode, er alle gode.

Det var rett nok litt vel spanande på slutten. Og det er eit stykke att til vi kan puste letta ut. Men, dette ser veldig mykje betre ut. Og bra er det, for neste helg venter Odd ...

fredag 1. april 2011

2. runde - Aprilsnarr?

Det er ikkje det at eg har noko imot å tape for betre lag. Men vi treng då vel ikkje å gi dei måla?

VIF - AaFK 2-0

Overhodet ikkje uventa. Overhodet ikkje overraskande. Overhodet ikkje uungåeleg.
Alvorlig talt; tre VIF-spelarar heilt åleine på det fyrste målet. Kvar var forsvaret??
Og Bojan Zajic er jo ikkje kjent for å score mange mål, eller å vere spesiellt god, så han kan jo berre få springe fritt. Ingen grunn til å fylje opp han.

Eg veit ærleg talt ikkje kva eg skal seie om denne kampen. Vi var sjanselause, rett og slett. Så eg får ta med meg det eg kan;
  • Sten stod nok ein solid kamp, og ser ut til å ha spelt på seg sjølvtillitt.
  • Sander Post ser lovande ut. Ganske brutalt å bli kasta inn i sin første kamp under 24 timer etter at han skreiv under for klubben. Men, når han får lært seg namnet på lagkameratane så blir nok dette bra.
  • Det er framleis 28 kampar att i år
Eg skal ikkje berre kjefte på gutane mine. Eg skal kjefte litt på MAX og. MAKAN!
Ein ting er analyse og intervju og greier før kampen, det er ganske vanleg. Men kvifor i allverdas land og rike må Steinar Nilsen dukke opp midt i omgangane for å oppdatere oss på om analysen han gjorde før kampen om korleis kampen skulle bli held mål no som kampen er i gong?
Og kvifor i allverda skal Bent Hulsker luske fram og tilbake mellom benkane for å sjekke om trenerane har drilla inn det og det trekket på trening denne veka?
Det var nok analyser og sånn i fyrste omgangen til å fylle ei heil Fotball Xtra-sending på TV2. ALVORLIG TALT! Legg det i det minste til pausa, slik at dei av oss som har sett meir enn fem minutt fotball før i livet kan få ein sjanse til å skru av.

Eit plusspoeng skal dykk likevel få; det er fyrste AaFK-kampen eg har sett på lenge der kommentatoren ikkje har referert til Enar Jääger som Einar.

Haugesund neste helg. Aner ikkje kva eg skal tru om det. Framleis stolt oransje&blå, men bittelittegranne uroa akkurat i dag. Aller mest for korvidt skaden til Jalasto var alvorleg.

... livet må vere keisamt for dei som ikkje bryr seg om fotball

mandag 21. mars 2011

1. runde - Verken sint, eller veldig skuffa.

Nytt lag, ny sesong, nye mogelegheiter. Og då kom ikkje


AaFK - FFK 1-2

særs uventa. Det har vore litt opp og ned før sesongstart. Og FFK har hatt ei forrykande oppkøyring. Så tanken på at det ikkje skulle gå vegen i dag har eg tenkt for lenge sidan.

Difor vil eg fokusere på dei positive tinga, og gløyme resultatet. Det er trass alt 29 kampar att i år.

Sten Grytebust gjorde ein solid kamp. Jo meir sjølvtillitt han speler på seg, jo betre blir det.

1-0 målet var direkte vakkert. Og Phillips hadde ein noko betre kamp enn resten av gjengen i dag. Det same kan seiast for Ville Jalasto, til tross for at han kanskje skulle scora eit mål eller to. Akkurat det var han ikkje åleine om.

Det var ikkje mykje vi fekk til i dag. FFK var gode, heile tida på hugget og takla vêr og føreforhald betre enn oss. Men, det lille vi fekk til var verkeleg vakker fotball. Eg har sett desse spelarane mykje, mykje betre tidlegare i år. Eg veit dei har det i seg, og difor har eg overhodet ikkje tenkt å få panikk.

Tap, liten storm og mangelfullt midtbanespel til trass; Tippeligaen 2011 er i gong. Og eg gler meg allereie til neste kamp!

søndag 20. mars 2011

Nytt lag, ny sesong, nye mogelegheiter

Det er berre timar att.

TIMAR!

Dei siste to vekene har gått forbi som i ei tåke. Eg har rett nok tenkt litt på andre ting, men for det meste har ein ting svirra i hovudet på meg;

21. mars. Color Line Stadion Ålesund. AaFK - FFK.

Seriestart.

Eg var igrunn lei av å vente for ei veke sida. No har eg hatt kampnervar sidan fredag. Det er overpåtide at dagen kjem. At timen kjem. At helvettet bryt laus igjen.

Dette blir ikkje noko objektivt, analyserande, "korleis ligg vi an før sesongstart"-innlegg. Ingen forsøk på å sette opp førsteelvar (sjølv om eg har gjort meg mine tankar). Ingen synsing om motstander, eller fokus på alle som har spelt kampar dei tre siste dagane. For no er det berre ein ting som tel;

Om 18 og ein halv time starter Tippeligaen 2011 for AaFK.

Og eg GLER MEG!

torsdag 24. februar 2011

Nok er nok

No er eg rett og slett lei. Det får då vere GRENSER for kor negative det skal gå ann å vere om Sten Grytebust.

Lindegaard er Manchester United-speler no. Sten Grytebust er AaFK sin fyrstekeeper. Og sånn er det med den saka

Sett vekk frå ein bortekamp mot Molde i serien, har ikkje Grytebust spelt mykje. Den kampen fekk han til gjengjeld mykje skryt for. Så er det ikkje bittelitt tidleg, etter eit knippe treningskampar, å avskrive han som verdig etterfølger?

Dessutan liker eg ikkje heilt uttrykket 'verdig etterfølger'. Vi hadde god keeper i fjor, ja, men det var ikkje Gud som stod i mål. Lindegaard var faktisk ikkje perfekt han heller. Han hadde til dømes ein "grødemasse" utspel av den mildt sagt upresise sorten.

Eg skal ikkje prøve å stikke under ein stol at innsatsen til Grytebust mot Sogndal ikkje var bra. Men så er det langt mellom fotballspelarar, anten dei er keeper eller spiss, som speler upåklageleg i kvar kamp. Alle kan ha dårlege dager. Og i alle fall i treningskamper, det er jo då vi har lov til å gjere feil. Finne ut kvar landet ligg x antall dager før seriestart, for så å ta fatt i det som ikkje fungerer slik det skal.

Er det ikkje betre å støtte opp om Grytebust? Vise han at vi har trua på han? (eg har i alle fall trua) Er ikkje det halve vitsen med å vere supporter; å støtte spelarane når dei har ein dårleg dag? Vise at vi stoler på dei?

Personleg trur eg Grytebust kjem til å gjere det bra. At han kanskje er litt usikker no skulle nesten berre mangle, det er store hansker han skal fylle. Og han går rett frå benken til fast plass på laget som vart nummer fire i Tippeligaen i fjor. Dessutan, er det nokon som har noko å utsette på innsatsen hans hittil i år, dersom vi ser vekk frå kampen mot Sogndal? (ein kamp der det forøvrig var fleire enn Grytebust som hadde ein dårleg dag på jobb)

Ein ting er sikkert; det er alt, alt, ALT for tidleg å byrje å snakke om 'keeperkrise'. Ta dykk saman!

fredag 18. februar 2011

Med trykk på *trening*

Fotball er fasinerande. Og då ser eg for ein gongs skuld vekk frå det som hender på bana. Sjølv det å sitje på ein stadion, eller i ein hall som i dag, å sjå noko så uviktig som ein treningskamp er noko heilt for seg sjølv.

For sjølv om det berre er treningskamp, og sjølv om den ikkje tell på nokon måte, så tek du deg, og alle rundt deg, i å ta det dønn seriøst. Du reiser kanskje ikkje til kamp med dei same sommerfuglane i magen. Du er ikkje så nøye på om du har rette sokkane, eller at du høyrer på rette CDen i bilen på veg til stadion. Du sit ikkje der og bit neglar, uroar deg over den og den skada eller korvidt storscoraren til bortelaget blir speleklar.

Du er enkelt og greit litt sånn avslappa.

Heilt til kampen starter.

Då blir det alvor likevel. Då kjem nervane. Då brøler du likevel når dommeren bles offside sjølv om det er KLINKANDE KLART at passninga vart lagt FØR speleren var i offside. Du kjefter. Du ooo-ar og off-ar på fine skudd og sløsing med sjansar.

Fotball er fotball, uansett.

Og det beste med alt; rundt deg på tribuna er du omringa av menneske som tenkjer akkurat det same. Anten dei er 15 eller 55, alle er like fokusert, like glødande engasjert i det som hender på bana.
Det er ingen som ser ned på deg på fotballkamp, ingen som flirer rått om du sit sju rader over bana og stille dirigerer spelerane, eller mumler for deg sjølv når laget ditt har ballen "Sjå an Ville. Ville. Ville. Der ja! Sikt på an Fløtre, framfor mål. BRA! He du Carlsen, dinna he du, dinna he du. Flink!"

For alle rundt deg har sine heilt eigne måtar å sjå fotballkamp på.

Du har gamlekarane, som har gått på kamp sidan laget kava rundt nede i tredjedivisjon, og som framleis veit betre enn samtlige på trenerbenken
... skjønt, det gjer vi vel strengt tatt alle.

Du har dei som, uansett stilling eller eller posisjonering på bana, konstant roper på "spel framover. Framover! FRAMOVER for faen!"

Du har dei som alltid held motet oppe, som alltid har trua inntakt.

Og dei som gir opp på fyrste baklengsmålet, og byrjer å snakke om nedrykk etter femten minutt.

Dei som sit dønn stille heile kampen, verken opner kjeften eller le'er på ein muskel.

Dei som ikkje kan rett namn på ein einaste speler.

Dei som kan namnet på alle spelarar som nokon sinne har spelt for laget.

Og dei som kjefter på dommaren, uansett kor soleklart frisparket var.

Dei som sit på fremste rad, for å kome nærast mogeleg bana og spelerane.

Og dei som skulle ynskje dei framleis var unge nok til å setje seg på fremste rad, for å kome nærast mogeleg bana og spelerane.

Det er kanskje berre ein treningskamp mot Sogndal. Den gir verken pokalar, poeng eller særleg med prestisje.

Men fotball er fotball. Og det er trass alt berre 31 dagar til seriestart.



PS: Det er lov å gjere feil i treningskampar. Det er difor det heiter 'treningskamp'. Det er mykje betre å gjere dei feila i februar, enn å gøyme dei til seriestarten i mars.

torsdag 3. februar 2011

45 dagar ...

Etter å ha sett gutane mine i aksjon i to av tre kamper på La Manga må eg innrømme ein ting;

Eg gler meg VERKELEG til sesongen i år.

Ein siger og to uavgjort. To kamper der vi spelte forhaldsvis godt, direkte glimrande til tider, mot forhaldsvis gode fotballag. Og ja, eg veit at FCK ikkje starta med førstelaget sitt. Dei starta framleis med FCK-spelarar. Som mistenkjeleg nok gjekk frå å vere hakket unna førstelaget før kampen til å plutselig ha blitt tredjeval i pausa, då det ikkje stod 14-0 til FCK.

Så, to tap i straffekonk til trass; eg er kjempenøgd! Eg sakner nesten ingen av dei spelerane som har reist. Dei som har kome inn i staden gjer det kjempebra. Sten er solid i mål, Fuhre har blitt enda betre, Sellin er direkte fantastisk ... og då har eg ikkje sett Morrison og Solomon i aksjon enno.

Så nøgd er eg at eg rett og slett let passere at Davy Wathne sine febrilske freistingar på å gjere AaFK til bunnlag. "Er du overraska over ...", "er du overraska over ...", "overrasker det deg at".
Alvorlig talt, TV2. Er det mogeleg å vinkle ei stigande formkurve på ein god måte for ein gongs skuld, sjølv om laget den høyrer til ikkje kjem frå verken Oslo eller Trondheim?

Igjen; det er tidleg enno. Alvoret byrjer ikkje før 20. mars. Men dette ser INNMARI BRA UT, gutar!

søndag 9. januar 2011

Hello goodbye

Det beste eg veit er å få julegåver etter nyttår. Sånne som ikkje har kome fram til juleaftan og difor blir liggande kvar dei no er til neste år. I år kom desse gåvene frå AaFK.

Velkomen til både Kjell Rune Selin og Jason Morrison. No mangler eg berre Thorstein Helstad, så er eg hakket mindre uroa for sesongen i år.

Og så må eg, diverre, seie adjø til Tor Hogne Aarøy. Eg unner han denne sjansen av heile mitt hjarte, men det blir likevel litt tomt no som han er borte. På meir enn ein måte.

Og adjø også til Johan Arneng. Det hadde kanskje vore på sin plass med eit aldri så lite "takk for meg" frå kapteinen før han forlot skuta, men lykke til videre Johan.

Plus/minus to månader til sesongstart. Alt alt ALT for lenge!