torsdag 24. februar 2011

Nok er nok

No er eg rett og slett lei. Det får då vere GRENSER for kor negative det skal gå ann å vere om Sten Grytebust.

Lindegaard er Manchester United-speler no. Sten Grytebust er AaFK sin fyrstekeeper. Og sånn er det med den saka

Sett vekk frå ein bortekamp mot Molde i serien, har ikkje Grytebust spelt mykje. Den kampen fekk han til gjengjeld mykje skryt for. Så er det ikkje bittelitt tidleg, etter eit knippe treningskampar, å avskrive han som verdig etterfølger?

Dessutan liker eg ikkje heilt uttrykket 'verdig etterfølger'. Vi hadde god keeper i fjor, ja, men det var ikkje Gud som stod i mål. Lindegaard var faktisk ikkje perfekt han heller. Han hadde til dømes ein "grødemasse" utspel av den mildt sagt upresise sorten.

Eg skal ikkje prøve å stikke under ein stol at innsatsen til Grytebust mot Sogndal ikkje var bra. Men så er det langt mellom fotballspelarar, anten dei er keeper eller spiss, som speler upåklageleg i kvar kamp. Alle kan ha dårlege dager. Og i alle fall i treningskamper, det er jo då vi har lov til å gjere feil. Finne ut kvar landet ligg x antall dager før seriestart, for så å ta fatt i det som ikkje fungerer slik det skal.

Er det ikkje betre å støtte opp om Grytebust? Vise han at vi har trua på han? (eg har i alle fall trua) Er ikkje det halve vitsen med å vere supporter; å støtte spelarane når dei har ein dårleg dag? Vise at vi stoler på dei?

Personleg trur eg Grytebust kjem til å gjere det bra. At han kanskje er litt usikker no skulle nesten berre mangle, det er store hansker han skal fylle. Og han går rett frå benken til fast plass på laget som vart nummer fire i Tippeligaen i fjor. Dessutan, er det nokon som har noko å utsette på innsatsen hans hittil i år, dersom vi ser vekk frå kampen mot Sogndal? (ein kamp der det forøvrig var fleire enn Grytebust som hadde ein dårleg dag på jobb)

Ein ting er sikkert; det er alt, alt, ALT for tidleg å byrje å snakke om 'keeperkrise'. Ta dykk saman!

fredag 18. februar 2011

Med trykk på *trening*

Fotball er fasinerande. Og då ser eg for ein gongs skuld vekk frå det som hender på bana. Sjølv det å sitje på ein stadion, eller i ein hall som i dag, å sjå noko så uviktig som ein treningskamp er noko heilt for seg sjølv.

For sjølv om det berre er treningskamp, og sjølv om den ikkje tell på nokon måte, så tek du deg, og alle rundt deg, i å ta det dønn seriøst. Du reiser kanskje ikkje til kamp med dei same sommerfuglane i magen. Du er ikkje så nøye på om du har rette sokkane, eller at du høyrer på rette CDen i bilen på veg til stadion. Du sit ikkje der og bit neglar, uroar deg over den og den skada eller korvidt storscoraren til bortelaget blir speleklar.

Du er enkelt og greit litt sånn avslappa.

Heilt til kampen starter.

Då blir det alvor likevel. Då kjem nervane. Då brøler du likevel når dommeren bles offside sjølv om det er KLINKANDE KLART at passninga vart lagt FØR speleren var i offside. Du kjefter. Du ooo-ar og off-ar på fine skudd og sløsing med sjansar.

Fotball er fotball, uansett.

Og det beste med alt; rundt deg på tribuna er du omringa av menneske som tenkjer akkurat det same. Anten dei er 15 eller 55, alle er like fokusert, like glødande engasjert i det som hender på bana.
Det er ingen som ser ned på deg på fotballkamp, ingen som flirer rått om du sit sju rader over bana og stille dirigerer spelerane, eller mumler for deg sjølv når laget ditt har ballen "Sjå an Ville. Ville. Ville. Der ja! Sikt på an Fløtre, framfor mål. BRA! He du Carlsen, dinna he du, dinna he du. Flink!"

For alle rundt deg har sine heilt eigne måtar å sjå fotballkamp på.

Du har gamlekarane, som har gått på kamp sidan laget kava rundt nede i tredjedivisjon, og som framleis veit betre enn samtlige på trenerbenken
... skjønt, det gjer vi vel strengt tatt alle.

Du har dei som, uansett stilling eller eller posisjonering på bana, konstant roper på "spel framover. Framover! FRAMOVER for faen!"

Du har dei som alltid held motet oppe, som alltid har trua inntakt.

Og dei som gir opp på fyrste baklengsmålet, og byrjer å snakke om nedrykk etter femten minutt.

Dei som sit dønn stille heile kampen, verken opner kjeften eller le'er på ein muskel.

Dei som ikkje kan rett namn på ein einaste speler.

Dei som kan namnet på alle spelarar som nokon sinne har spelt for laget.

Og dei som kjefter på dommaren, uansett kor soleklart frisparket var.

Dei som sit på fremste rad, for å kome nærast mogeleg bana og spelerane.

Og dei som skulle ynskje dei framleis var unge nok til å setje seg på fremste rad, for å kome nærast mogeleg bana og spelerane.

Det er kanskje berre ein treningskamp mot Sogndal. Den gir verken pokalar, poeng eller særleg med prestisje.

Men fotball er fotball. Og det er trass alt berre 31 dagar til seriestart.



PS: Det er lov å gjere feil i treningskampar. Det er difor det heiter 'treningskamp'. Det er mykje betre å gjere dei feila i februar, enn å gøyme dei til seriestarten i mars.

torsdag 3. februar 2011

45 dagar ...

Etter å ha sett gutane mine i aksjon i to av tre kamper på La Manga må eg innrømme ein ting;

Eg gler meg VERKELEG til sesongen i år.

Ein siger og to uavgjort. To kamper der vi spelte forhaldsvis godt, direkte glimrande til tider, mot forhaldsvis gode fotballag. Og ja, eg veit at FCK ikkje starta med førstelaget sitt. Dei starta framleis med FCK-spelarar. Som mistenkjeleg nok gjekk frå å vere hakket unna førstelaget før kampen til å plutselig ha blitt tredjeval i pausa, då det ikkje stod 14-0 til FCK.

Så, to tap i straffekonk til trass; eg er kjempenøgd! Eg sakner nesten ingen av dei spelerane som har reist. Dei som har kome inn i staden gjer det kjempebra. Sten er solid i mål, Fuhre har blitt enda betre, Sellin er direkte fantastisk ... og då har eg ikkje sett Morrison og Solomon i aksjon enno.

Så nøgd er eg at eg rett og slett let passere at Davy Wathne sine febrilske freistingar på å gjere AaFK til bunnlag. "Er du overraska over ...", "er du overraska over ...", "overrasker det deg at".
Alvorlig talt, TV2. Er det mogeleg å vinkle ei stigande formkurve på ein god måte for ein gongs skuld, sjølv om laget den høyrer til ikkje kjem frå verken Oslo eller Trondheim?

Igjen; det er tidleg enno. Alvoret byrjer ikkje før 20. mars. Men dette ser INNMARI BRA UT, gutar!