Viser innlegg med etiketten aafk. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten aafk. Vis alle innlegg

mandag 9. april 2012

Sivil status: AaFK-supporter

Eg har lenge rekna meg sjølv som singel. Men no har eg innsett at eg eigentleg ikkje er det. Eg er så absolutt i eit forhold. Og ikkje berre med ein mann, men med ein heil fotballklubb. Neste gong noko spør skal eg seie det som sant er;

Sivil status? AaFK-supporter.

For å vere fotballsupporter er som å vere i eit forhold. Du har dei gode dagane, der alt er rosenraudt og du smiler berre du ser andletet (eller i dette tilfelle kanskje logoen) til din kjære. Du reiser heim frå kamp i lykkerus som langt overgår både det eine og det andre.

Og vakner med eit smil dagen etterpå.

Har du ein dag der verda går deg imot, så hjelp det om du kryp oppi sofaen, slår av mobiltelefonen og leiter fram opptak av ein gammal kamp (gjerne ein cupfinale). Og så kjenner du deg straks betre att etterpå.

Du klarer å vri ein kvar samtale inn på "rett" emne. Til alle sin store irritasjon. Og i motsettning til eit "normalt" forhold, der dette kanskje spakner over tid, så oppfører fotballsupportarar seg som om dei er nyforelska heile tida.

Du gler deg til kvar einaste helg, fordi du har "date" med gutane dine. Og skulle det ikkje vere kamp ei helg, så sakner du dei. Landslagspausene er nesten ikkje til å halde ut. Når det er så langt mellom kampane, må du innom stadion av og til, berre for å seie 'hei'. Og du roter deg inn på nettsider på språk du overhodet ikkje skjøner, og laster ned programtillegg du ikkje aner kva gjer. Alt dette berre for å få sett ein hakkande, lavoppløyst versjon av Portugal - Finland, fordi han eine frå favorittklubben kanskje får spele.

Og når serien slutter til vinteren, kjennast det ut som om du er i eit avstandsforhold. Du går berre å tripper, og venter på første treningskampen.

Du blir lei deg når spelarar reiser, eller legg opp. Og så byrjer du så smått å halde med klubber både her og der i verda, så lenge han får spele der.

Du hisser deg opp noko voldsomt på alle som prøver å seie noke imot favorittane dine. Forsvarer dei med nebb og klør, same kor subjektiv og einspora dette får deg til å høyrast ut. Aldri i verda om det var gult kort! Nokre beinbrot må ein jo rekne med i fotball ...
Når det er kjærleik inne i biletet, då fyk logikken ut av vindauge.

Og likevel så er det ingen som kan bli så sint på dei som du sjølv. For somme dager er alt berre dumt. Du kjefter og roper, riv deg i håret og smell med dører. Surmuler. Og du er sikkert på at om dei berre hadde høyrt på deg, så hadde alt blitt så mykje betre.

Du sitt på kamp med hovudet i hendene, så oppgitt. Så irritert. Så utruleg sikker på at du kunne gjort det så mykje betre sjølv (enda du knapt nok har teke i ein fotball i ditt liv).

Og blir du irritert nok, så går du frå kamp det sekundet dommeren bles. For dette er i alle fall ikkje noko å stå her å klappe for!

... berre det at dagen etter så har du så dårleg samvittighet at du kryp til korset og ber om orsaking. Og så gjer du det aldri igjen.

Du kan banne, og steike, og kjefte deg igjennom 90 minutt. Og så ser du andleta deira etter kampen. Og ser at dei er minst like skuffa som deg. Og då greier du berre ikkje å vere sinna lenger.

For uansett kor irritert, eller sinna, eller skuffa du blir, så varer det aldri lenge. Om du kjem heim og slenger av deg drakta, så går det maks ein halv time før du plukker den opp og henger den fint på plass. Eller i alle fall vrenger den, og heng den over ein stol.

For du er trass alt glad i dei. Uansett kor mange neglar du bit av i løpet av ein fotballkamp, eller kor mykje tynnare håret ditt blir i løpet av to ekstraomgangar.

For plutseleg så vinn dei straffekonkurransen. Pluseleg så slår dei AZ Alkmaar i Europa League. Plutseleg, etter 89 minutt med 0-0 og stillingskrig, så scorer dei og vinn. Og så står du att i femten minutt og syng, og klapper, og smiler så du har vondt i kinna tre dager seinere.

Det er da du skjøner kor glad du verkeleg er i dei. Uansett kor sinna eller skuffa eller oppgitt du til tider blir. Det er då du skjøner at du er i eit forhold. Eit som kjem til å vare livet ut.

Det heiter trass alt ikkje "klubben i ditt hjarte" for ingenting ...

søndag 29. mai 2011

*9. runde: Kjetil Rekdal *klapp klapp klapp* Kjetil Rekdal *klapp klapp klapp*

Rekdal, eg bøyer meg i støvet.

AaFK - Viking 2-0

Eg var nervøs i dag. Og lettere skeptisk. Meir enn eg plar vere. Med Demar og Jason ute på landslagsoppdrag mangla det plutseleg to veldig viktige brikker på midtbana vår. Og med Fredrik framleis skada, og Sander og ute av spel, var eg ein smule uroa over start 11'ren.

Eg hadde gløymt at eg kan lite på Kjetil Rekdal.

Eg såg rett nok litt skrått på iPhonen då lagoppstillinga tikka inn. Men, eg bestemte meg for at Kjetil, som Alex Ferguson, veit kva han driv på med. Sjølv om det ikkje alltid ser slik ut. Og det skulle vise seg at eg hadde rett.

Solid og god kamp, frå fyrste til siste spark. Full kontroll på Viking, minus nokre minutt i byrjinga av andre omgang. Fantastisk flotte mål! Og klar forbedring på absolutt alle spelerane.

Og ein ting vil eg berre seie; kjære toppklubbane utanfor Noreg sine grenser som etter kvart kjem til å snuse på Michael Barrantes. Kan dykk vere så snill å ligge unna han denne sesongen? Han er gull verdt for oss akkurat no. Eg er klar over at ein slik speler ikkje blir i ein klubb som AaFK så veldig lenge. Men om vi i alle fall kan behalde han til november i år, så blir eg veldig glad.
Dykk kan for så vidt berre byrje å telle pengar, for når den mannen reiser så blir det ikkje for lommerusk.

Eg kan ikkje skryte nok av Sten Grytebust heller. For kvar kamp blir han berre tryggare og tryggare, og betre og betre. I dag var han bunnsolid.

Daniel og Ville gjer ein kjempejobb i midtforsvaret. Enar og Jonathan like så på kvar sin kant (innlegget til Parr på målet til Magnus var glitrande!).

Og Fredrik Ulvestad og Christian Myklebust ... det gjer så fantastisk godt å sjå AaFK få opp slike talent. Fantastisk gode, og ikkje redde for noko som helst. Strålande!

Sellin, konstant på hugget. Fuhre mykje meir organisert i dag. Orry var så god at eg knapt kjende han att frå sist kamp.
Og Magnus Sylling Olsen; du må GJERNE score fleire slike mål. Fantastisk!

Kjære alle AaFK-spelarane; kan dykk ikkje spele slik kvar einaste kamp?


* 8. runde fann eg ikkje noko fint å seie om. Og som kjent; kan ein ikkje seie noko fint, treng ein ikkje seie noko i det heile teke.

torsdag 3. februar 2011

45 dagar ...

Etter å ha sett gutane mine i aksjon i to av tre kamper på La Manga må eg innrømme ein ting;

Eg gler meg VERKELEG til sesongen i år.

Ein siger og to uavgjort. To kamper der vi spelte forhaldsvis godt, direkte glimrande til tider, mot forhaldsvis gode fotballag. Og ja, eg veit at FCK ikkje starta med førstelaget sitt. Dei starta framleis med FCK-spelarar. Som mistenkjeleg nok gjekk frå å vere hakket unna førstelaget før kampen til å plutselig ha blitt tredjeval i pausa, då det ikkje stod 14-0 til FCK.

Så, to tap i straffekonk til trass; eg er kjempenøgd! Eg sakner nesten ingen av dei spelerane som har reist. Dei som har kome inn i staden gjer det kjempebra. Sten er solid i mål, Fuhre har blitt enda betre, Sellin er direkte fantastisk ... og då har eg ikkje sett Morrison og Solomon i aksjon enno.

Så nøgd er eg at eg rett og slett let passere at Davy Wathne sine febrilske freistingar på å gjere AaFK til bunnlag. "Er du overraska over ...", "er du overraska over ...", "overrasker det deg at".
Alvorlig talt, TV2. Er det mogeleg å vinkle ei stigande formkurve på ein god måte for ein gongs skuld, sjølv om laget den høyrer til ikkje kjem frå verken Oslo eller Trondheim?

Igjen; det er tidleg enno. Alvoret byrjer ikkje før 20. mars. Men dette ser INNMARI BRA UT, gutar!

søndag 9. januar 2011

Hello goodbye

Det beste eg veit er å få julegåver etter nyttår. Sånne som ikkje har kome fram til juleaftan og difor blir liggande kvar dei no er til neste år. I år kom desse gåvene frå AaFK.

Velkomen til både Kjell Rune Selin og Jason Morrison. No mangler eg berre Thorstein Helstad, så er eg hakket mindre uroa for sesongen i år.

Og så må eg, diverre, seie adjø til Tor Hogne Aarøy. Eg unner han denne sjansen av heile mitt hjarte, men det blir likevel litt tomt no som han er borte. På meir enn ein måte.

Og adjø også til Johan Arneng. Det hadde kanskje vore på sin plass med eit aldri så lite "takk for meg" frå kapteinen før han forlot skuta, men lykke til videre Johan.

Plus/minus to månader til sesongstart. Alt alt ALT for lenge!

mandag 29. november 2010

Eg har ikkje gløymt deg, Alex

Sjølv om det kan verke litt som om dei fleste andre har gjort det.

Laurdag vart Alexander Mathisen einig med Lierse, og reiser til belgisk fotball. Og stakkars Alex har på ein måte blitt litt gløymt i Sirkus Lindegaard. Men du blir sakna du og, Alex. Du har trass alt scora ni mål i år, deriblandt eit uhyre vikitg eit mot VIF på CLS. 89 minutt med neglebiting, og så den største oppturen for heile sesongen!



Så tusen takk, Alex. Tusen takk for alt! Og lykke til videre

lørdag 13. november 2010

Anders Lindegaard - Entusiastprisen 2010

100% fortent. Og meir er det ikkje å seie om den saka.



Så kan eg bruke nokre månader på å fintenke slutt-replikken i talen hans;
Vi sees neste sesong.

Ja takk, Anders. JA TAKK!

søndag 7. november 2010

30. runde - TUSEN TAKK!

Sesongen er over. Og det er berre ein ting å seie; TUSEN TAKK!

RBK - AaFK 2-2

Tusen takk for ein fantastisk sesongstart!

Tusen takk for fem samanhengande runder på tabelltoppen!

Tusen takk for mandagskampar og tre-poengarar!

Tusen takk for sommerferie på femteplass!

Tusen takk for bortesiger mot heimesterke Tromsø!

Tusen takk for 89 nervepirrande minutt og 1-0 siger mot VIF!

Tusen takk for det målet, Alex!

Tusen takk for Europe League!

Tusen takk for to uavgjort-kampar mot RBK.

Tusen takk for to tre-poengarar mot Viking!

Tusen takk for alle jubelbrøla!

Tusen takk for alle søvlause nettene med kroppen full av adrenalin!

Tusen takk for kampnervane!

Tusen takk for alle dei fantastiske angrepa!

Tusen takk for alle dei sviande taklingane!

Tusen takk for alle susande skot!

Tusen takk for alle innlegga til Tor Hogne.

Tusen takk for alle klasseredningane, Anders!

Tusen takk for innsatsen, gutar!

Tusen takk for gutsen!

Tusen takk for viljen!

Tusen takk, Kjetil Rekdal!

Tusen takk, Kent Bergersen!

Tusen takk, Frank Mathiesen!

Tusen takk for 47 deilige poeng!

Tusen takk for 30 nervepirrande kampar!

Tusen takk for 46 vakre mål!

Tusen takk for at vi er det fjerde beste fotball-laget i Norge!

Tusen takk for ein fantastisk sesong!

søndag 31. oktober 2010

29. runde - Hjerte som brenne, vi e så stolte

Det er rett nok ein kamp att i år. Men siste heimekampen kjennast alltid som sesongslutt for meg.

AaFK - Brann 3-1

Eg har ikkje vore AaFK-supporter så lenge. Samanlikna med dei som klora seg fast i blåbærlyngen på Kråmyra lenge før eg hadde lært å seie -r, er eg ganske ny i faget. Men alle som har forelska seg veit kor fort dette kan hende og kor hodestups du kan falle frå fyrste stund.

Eg forelska meg i Aalesund den 8. mai 2005. Motstander var Tromsø, CLS var nyopna, vi hadde vunne billettar og sat på hovudtribuna. Aalesund tapte 0-1, men det gjorde ingenting. Eg var sjarmert.

Eg har hatt mange opp- og nedturar, både små og store, på mine 5 1/2 år som AaFK-supporter. Nedrykk i 2005, opprykk i 2006, å berge plassen for fyrste gong i 2007, cupfinalen i 2009. Eg har banna, brølt, jubla, gråte ein skvett ... Og, utan å på nokon måte sidestille cupgullet i fjor, så må eg innrømme;
Denne sesongen er den beste eg har vore med på!

Eg har rett nok kjefta min del i år og. Vore langt nede, og minst like høgt oppe. Men, med ein kamp att i år er det berre ein ting å seie;

Eg er KJEMPESTOLT oransje&blå av dykk, gutar!

I år har vi verkeleg vist at vi kan! I år har vi kjempa for plassen vår, gått ut og bevist gong på gong kva vi er gode for. Og kor gode vi er når vi er gode. No kan ikkje lenger ein AaFK-siger omtegnast som 'eit blaff', eller skuldast på 'krise' i klubben vi har slått ... ikkje at media ikkje prøver, men det går ikkje. Vi ligg på fjerdeplass på tabellen, vi har 46 poeng og den einaste gongen nedrykksstrid har vore eit tema har vore når vi har snakka om andre lag.
Det er ei merkeleg kjensle, å stå utanfor dørene før siste serie-heimekampen for sesongen og ikkje undrast over korvidt vi må spele kvalikk-kamp i år. Vi kan dårligast bli nummer seks. Det er nesten ikkje til å tru.

Og vi har fortent det og. Vi har hatt heimekampar der det har vore eit lag på bana. Vi har grusa mostandarar. Vi har forsvart oss til eittmålssiger på bortebane. Vi har 46 poeng og vi har fortent kvart steike eit av dei!

Kampen i dag sette krona på verket for meg. Etter Sandefjord-kampen, som vi burde ha vunne, såg mange heilt klart sjansen for at dei tre siste kampane fort kunne ende i tap. Det låg rett nok eit møte med Brann inni der, og vi har hatt godt tak på dei på CLS. Men ballen er rund og alt det der, og er det ein ting du kan vere sikker på når det gjeld Aalesund så er det at du ikkje kan vere sikker på noko.

Og likevel var eg litt ... avslappa i dag. Ikkje med vilje, det kom liksom berre sigande. Og etter 2 minutt byrja morroa. 43 minutt, ei utvising og to straffer seinere og dette såg veldig lovande ut til pause. Og kva gjer vi i andre omgang? Ein kjempejobb! Rydder unna det som er, angrep på angrep på angrep, flotte passningar, fantastiske løp. Det er ikkje utan grunn at ingen fekk lavere poeng enn 7 på min (noget subjektive) spelerbørs.

Dette var rett og slett fantastisk!

Eg må dessutan kome med ei lita, slags formell orsaking til Svein Oddvar Moen;
Eg har sagt mykje stygt om dine eigenskaper som fotballdommer opp igjennom åra. Og med god grunn, for så vidt. Og eg var på nippet til å avskrive deg i dag og. Men det skal du ha; den straffa rett før pause gjorde SÅ godt!
Folk har hengt som Bergans-sekkar på Tor Hogn Aarøy så lenge eg kan hugse, og det er nesten aldri nokon som tør blåse på det. Eg trudde du hadde tenkt å feige ut og. Difor kjendes straffa rett før pause ekstra rettferdig. Og Brann-spelarane hadde fått nok advarslar.
Du overraska meg positivt, Moen. Fortsett slik!

Alexander Mathisen ... du snakker meg om å krone avskjeden sin! Eg har på ein måte forsona meg med at han reiser, og han er kanskje ikkje den speleren eg kjem til å sakne mest. Men at han har vore viktig for oss er det ikkje tvil om, og eg håper han får ei framleis lysande karriere.
Lykke til, Alex!

Og så var det Anders Lindegaard. Igjen. "Den dagen jeg drar herfra blir det med blødende hjerte" sa han tidlegare i veka. Det blir ikkje berre ditt hjarte, Anders.
Det blir eit stort, gapande, Lindegaard-forma hol i fotballhjarta våre den dagen han reiser. Og ikkje berre fordi han er ein keeper av dimensjonar, men fordi han er ein person vi alle kjem til å sakne. Kven skal stå etter kampane neste år og snakke om orgasmer og impotens? Kven skal kome med gullkorn i media? Kven skal rive seg i håret nesten meir enn vi gjer? Kven i allverda skal erstatte Anders Lindegaard?

Joda, eg veit. Han er berre ein fotballspeler. Men han har vore så viktig for AaFK, på så mange måter. Og ein så tvers igjennom herleg fyr.
Anders, nyt proff-karriera di! Berre ikkje gløym kvar du skal kome å avslutte den.

Neste helg venter den aller, aller siste kampen i år. Mot Rosenborg, på Lerkendal. Og om vi taper denne så ja ... då blir vi dårligast nummer 6 i år. Og om vi, mot alle odds, vinn ... då avslutter Aalesund sesongen 2010 som Noreg sitt fjerde beste lag.

... kjenn litt på den ...

fredag 29. oktober 2010

28. runde - Du veit ein siger kjem uventa ...

... når du gløymer å bloggen om den på ei veke

Viking - AaFK 1-3

Dei aller, aller beste tre-poengerane er dei du aldri trudde du fekk. Som VIF tidlegare i år. Det er så deilig å sitje der å sjå at, mot alle odds, så VINN faktisk laget ditt kampen!

Vi ha allereie teke tre poeng meir enn eg trudde vi kom til å gjere på dei tre siste kampane. Eg har skjeldan vore så stolt oransje og blå.

søndag 17. oktober 2010

27. rude - Nestenuhell

Er det ein ting ein aldri skal gjere i fotball, så er det å ta lett på mostanderen

AafK - Sandefjord 2-2

Ei heller sleppe seg nedpå når ein leier. Og når mostanderen utliknar, og vi svarer kort tid etterpå, då er det direkte FORBUDT å kaste vekk ei leiing til.

Dette var surt. Rett og slett surt. Og ikkje på grunn av motstanden, men på grunn av måten det hende på. At Sandefjord fort kunne kome hit og setje ein støkk i oss, det var eg ganske klar for. Og eg lukta det, seint i fyrste omgang. Det var noko som mangla, noko som ikkje stemte.

Men, tabellen er framleis fin. Og ein ting er i alle fall sikkert; vi rykkjer ikkje ned i år.

Og berre å kunne konstanterer det allereie no, tre runder før slutt, er nesten nok til å gløyme heile kampen i dag.

Viking neste helg. Så siste heimekampen mot Brann. Så Rosenborg på Lerkendal ... Rosenborg må jo tape ein gong dei og ...

søndag 3. oktober 2010

26. serierunde - Og så var det desse bortekampane da

Kjære NFF; neste år vil vi berre spele heimekampar

Stabæk - AaFK 2-1

Ein ting er blir berre meir og meir klokkeklar; Tor Hogne Aarøy må klonast.

AaFK med og AaFK utan Tor Hogne Aarøy er som dag og natt. Rett nok scorer han kanskje ikkje så ofte som ein spiss bør, men med Aarøy på bana er vi eit heilt anna lag. Og det uroar meg.

Tor Hogne Aarøy er snart 34 år. Før eller seinere, og det er nærare før enn seinere, må han legge opp. Og då blir det eit to meter høgt, gapande hol i angrepet til AaFK som eg pr. dags dato ikkje ser kven vi skal putte inn i.

All ære til Alexander Mathisen, og alle fine måla hans i det siste. Men han reiser i vinter, og då er vi like langt. Sylling Olsen vil og vil, men får det framleis ikkje til. Og vi har så klart Didrik Fløtre i kulissane, men det er langt opp og fram før han kan vere spydspiss på eit Tippeliga-lag.

Kvifor får ikkje vi tak i ein Alanzinho? Eller ein Prica? Eller ein Moa? Kvifor ender vi opp med brasilianarar som anten ikkje virker, eller ikkje kjem att? Eller amerikanske landslagsspelarar som ikkje hadde spelt seg inn på Tufte ein gong? Og når vi får inn folk som virker, som Jeffrey Aubynn, kvifor kan vi ikkje da bla opp og behalde dei?

Ei veke pause er kanskje ingen dum idè akkurat no. For neste kamp vil eg ha Aarøy, Skiri og Fredriksen utkvilte og tilbake fra start.

Når alt dette er sagt så har dette vore ein fantastisk sesong. Og vi ligg framleis på 4. plass. Denne kjensla av å berre vere sur fordi vi taper, ikkje fordi vi taper viktige poeng og ligg enda dårlegare ann i bunnstriden, er nesten litt herleg, trass alt.

Den gjer ikkje kampen i dag mindre sur, gjer ikkje tapet mindre forsmederleg. Men det gjer litt godt, sånn på lang sikt.

mandag 27. september 2010

25. serierunde - Vi e med!

Eg hadde grua meg til denne kampen. Grua meg skikkelig! Difor gjorde

AaK - Haugesund 2-1

ekstra godt.

Haugesund er ikkje å kimse av i år. Dei har vore gode heile sesongen, og må ikkje tru at eg har gløymt at dei var det fyrste laget som slo oss i år (ein velfortent seier var det og). Eg har sett Haugesund herje med både den eine og den andre, og tabell-posisjonen sa sitt; dette vart overhodet ingen lett match. Dette kunne bli direkte smertefullt.

Difor var det så godt å sjå at ting stemte igjen. At flyten var tilbake, at vi hadde nærast full kontroll på Haugesund i store deler av fyrste omgang. To kjappe mål, 2-0 og det hadde ikkje gått ein halvtime ein gong.
Då ringer det unekteleg nokre alarmar i hovudet på ein AaFK-supporter, for det er vél mykje fotballkamp att. Og rett skal vere rett; reduseringa til Haugesund skulle aldri ha kome. I staden skulle vi ha scora eit, kanskje to til.

Men, eg ser klar betring etter ein noko tung periode. Berre vissheita om at Haugesund pressa heile andre omgang, og vi greidde å halde unna, er bra nok for meg. Framleis 4. plass på tabellen, Tor Hogne Aarøy - no også som 10-måls-scorer og den scoringa til Trond ... den verkeleg unna eg han!

Og kanskje enda viktigere; stemninga var tilbake på stadion. Publikum var tilbake på stadion. Både dei på tribuna, og dei på bana, leverte som bestillt.
DÅ er det deilig å vere oransje og blå!

tirsdag 21. september 2010

Det endelege bevis

På at det er gull i enden av regnboga :)

fredag 25. juni 2010

VM-pause

Klarte ikkje meir enn ein bikkjekald omgang av AaFK-Ranheim. Men fekk i alle fall døyva abstinensen. Storoppgjeret nærmer seg faretruande...

tirsdag 1. juni 2010

Dvale

Det er ikkje til å kome frå; pauser i Tippeligaen er noko drit. Sjølv med landslagsdebutt for Jonathan Parr, har den siste veka vore ... litt laber, fotballmessig.

Men no snik kampdagen seg nærare att. Rett nok bortekamp, men til gjengjeld ein viktig ein. Altså, alle kamper er viktige. Men å slå Brann i år blir ikkje lett.

Brann slit, stakkarane. Brann slit skikkelig. Og det er lite sympati å spore i byen, der spelerane blir nekta adgang til butikker og ei av byavisene bruker heile førstesida på å gni salt i såret. Tap for Hønefoss, sjølv etter at "rota til problemet" Steinar Nilsen var sparka ... slutta ... whatever, var eit ekstra spark i magen. Brann ligg nede for telling.

Men Brann kjem til å reise seg. Kanskje allereie på søndag. Trur ikkje Rekdal let gjengen ta lett på noko, men eg håper i alle fall at dei ikkje tek lett på Brann.

onsdag 26. mai 2010

Landslagsspeler

Liker denne trenden med AaFK-spelarar på landslaget. Først Parr, no Jalasto. Neste; Lindegaard *krysser fingrane*

onsdag 19. mai 2010

NM 2. runde - BOOM BOOM!

Det er kjempegøy med cupbomber. KJEMPEGØY. Og spesiellt når dei ikkje rammer ditt eige lag.

SIF - AaFK 2-3
Videre med eit naudskrik igjen. Litt uroa over denne nye "sleppe-inn-mål"-trenden vi er inne i ... har funne attende til. Men bevares; vi er videre, det er alt som betyr noko.

Då er det verre å halde med Brann. Om Steinar Nilsen framleis er Brann-trener på denne tida i morgon har eg mine tvil om ...

Og VIF. Det var faktisk nesten litt gøy. Det er ikkje meir enn tre dagar sidan dei blei prisa opp i skyane.

Nei, cup er og blir cup.

søndag 16. mai 2010

12. runde - Ikkje akkurat festfotball

16. mai har blitt fotballen sin nasjonaldag. Men det var ikkje mykje fest over

VIF - AaFK 3-0
Eg visste vi kom til å tape i dag. Eg håpa og trudde så klart noko anna, men med Carlsen, Parr, Phillips og Herrera ute med skade, og Orry hinkande av bana midtvegs i fyrste, såg dette heller mørkt ut. Dessutan har VIF blitt gode i det siste. Og Ullevaal er fortet deira.

Så det er ikkje det at vi taper som svir ... eller, eigentleg er det det. Difor er eg meir irritert på meg sjølv enn noko anna i dag. Etter endt runde i dag kan vi i værste fall vere nr. 6 på tabellen. Vi var skadeskutt, og tapte for eit lag som nok hadde slått oss sjølv om alle var friske. Vi hadde god kontroll på VIF i om lag 70 minutt.

Eg har ikkje lov til å klage.

Likevel er eg skuffa. Og eg liker det ikkje. Eg vil ikkje vere sånn supporter som ikkje tåler motgang, sånn som syt å klager over alt og alle. Som roper på dommarfeil, usportslige motstandarar og sal av den og den speleren som ikkje lev opp til forventningane.

Så etter denne kampen er det faktisk eg sjølv som må ta meg i nakkeskinnet. Eg er framleis stolt oransje og blå. Det er framleis Aal'sun til vi dør. Vi har mange kampar å snu dette på, og eg er dessutan ikkje sikker på om tre tap på rad i det heile tatt kan kallast ein trend for ein klubb som AaFK.

Om ei veke står Godset på CLS. Forhåpentligvis står Carlsen, Phillips, Herrera, Orry og Parr alle klar på andre sida av bana.

Skal gå bra, dette ...

Ny blogg

Det blei for mykje fotball på den forrige bloggen min. Så no har eg laga ein Stolt oransje og blå-gg. Velkomen.

fredag 14. mai 2010

NM runde 1 - videre med eit naudskrik

Å slå eit tredjedivisjonslag i første runde i cup'en treng ikkje vere lett. Men
Volda - AaFK 0-1
var vel ikkje akkurat noko å skryte av.

Men, vi rauk i alle fall ikkje i fyrste runde. At det ikkje blir cupfinale att i år trur eg vi konstanterer her og no, men det hadde vore greit å i alle fall kome seg igjenom dei fyrste 2-3 rundene med nogelunde verdighet i behald.