tirsdag 21. desember 2010

Kunsten å tenkje positivt

No har eg vore sinna og oppgitt i nokre dager, men nok får vere nok. Dette skal ikkje få øydelegge jula mi.

Eg har bestemt meg for at Tor Hogne Aarøy sin exit er positivt for klubben.

Sånn umiddelbart ser det sikkert ikkje slik ut, og eg må innrømme at eg sakk litt saman første gong eg las det. Men, sanninga er at før eller seinere må vi lære oss å spele fotball utan Tor på bana. Om han ikkje hadde reist til utlandet, hadde det tross alt ikkje gått lenge før han måtte legge opp. Og då hadde vi blitt nødt til å legge om stilen uansett. Det hender berre litt før vi hadde rekna med.

Det er slett ikkje ideellt. Vi har mista fire/fem av fyrstelagsspelerane våre, det er ikkje til å stikke under ein stol at det er ... problematisk.

Men, eg vel å sjå positivt på det. OK, det krev forandring. Men kanskje denne forandringa er til det betre. Kanskje blir vi eit enda betre fotballag neste år?

Når det er sagt så grin eg ikkje om Thorstein Helstad og/eller Christian Grindheim dukker opp under juletreet i år ...

fredag 17. desember 2010

Nei

Nei nei nei nei nei.

Nei.

Lindegaard hadde eg kalkulert med, heilt frå den dagen United byrja å snuse på han. Arneng hadde eg og mine mistanker om, særleg etter at han byrja å snakke om det å spele for AaFK i fortid. Alex visste vi jo om, han sa tidleg frå. Og Jonathan har drøymt om proffspel lenge.

Men TOR?! NEI!

Ikkje fordi eg ikkje unner Tor Hogne ei proffkariere. Ikkje fordi det ikkje er gøy at favorittklubben min pluselig sel spelarar i hytt og gevær. Ikkje fordi Tor Hogne ikkje fortener dette.

Nei nei.

NEI!! fordi Tor er den einaste speleren eg ikkje aner korleis vi skal erstatte! Dei andre legg opp til han, anten han er på bana eller ikkje. Dei kampane han ikkje speler er det eit to meter høgt hol i lagoppstillinga som ingen ser ut til å fylle. Dei lange oppspela kjem, anten han er der for å ta imot dei eller ikkje.

Keeper kan erstattast. Midtbanespeler kan erstattast. Spissar kan erstattast.

Tor Hogne Aarøy ... kven i allverda skal erstatte han?

mandag 29. november 2010

Eg har ikkje gløymt deg, Alex

Sjølv om det kan verke litt som om dei fleste andre har gjort det.

Laurdag vart Alexander Mathisen einig med Lierse, og reiser til belgisk fotball. Og stakkars Alex har på ein måte blitt litt gløymt i Sirkus Lindegaard. Men du blir sakna du og, Alex. Du har trass alt scora ni mål i år, deriblandt eit uhyre vikitg eit mot VIF på CLS. 89 minutt med neglebiting, og så den største oppturen for heile sesongen!



Så tusen takk, Alex. Tusen takk for alt! Og lykke til videre

lørdag 27. november 2010

Lykke til, Anders!

Det har vore nokre spanade veker sidan sesongen slutta og overgangsspekulasjonane rundt Anders Lindegaard starta. Men no er det altså i boks;
Anders Lindegaard er Manchester United speler!

Det kjennast som eg har skrive dette innlegget 35 gonger allereie. Og eg skal ikkje gjenta meg sjølv i det uendelege. Men det må skrivast ein siste gong, no som signaturar og medisinske testar er i boks;
Tusen, tusen takk for alt, Anders!

Vi misser ein fantastisk keeper! Frå klasseredningar, til leierskap på bana, til entusiasme og oppfyring av publikum, for ikkje å snakke om strafferedningar i cupfinaler!
Og vi misser ein fantastisk fyr! Kven i allverda skal stå i media å snakke om orgasmer og impotens no? Kven skal gjere splitthopp når Tor Hogne avgjer semifinale-kampar mot Odd?

Det blir utruleg rart å sitje på CLS neste år, sjå spelerane springe ut til oppvarming og ikkje sjå Anders kome springane mot oss. Det blir utruleg rart å ikkje synge "Anders Anders Anders Lindegaard" idet han kjem springane mot oss, hoppande og veivande med armane, like gira som alle oss på tribuna.

Det er rett og slett litt trist.

Men samstundes er eg utruleg glad på Anders sine vegne. At han er klar for større utfordringar har vi alle sett. At desse utfordringane skulle bli i Manchester United var det nok få som trudde på (bortsettfrå underteikna). Og eg er sikker på at dette er ei utfordring han tek på strak arm. Han har vist så mange gonger at han har evnen til å heve seg akkurat dei hakka han treng for å bli så god som han må. Dette blir ikkje noko untak.



Dessutan er eg utruleg stolt av AaFK! Ein av spelerane våre har gått til den mest kjende fotballklubben i verda. Vi har solgt ein speler til Manchester United!
Det er ikkje lenge sidan Kjetil Rekdal tok over ei synkande skute, med stø kurs mot Adecco-liga. To år seinere, og vi sit her med cupgull, 4. plass i serien og ein speler solgt til Manchester United. Det er mildt sagt fantastisk.

Tusen, tusen takk for to fantastiske år, Anders. For strafferedninga i cupfinalen, for alle små og store redningar i serie- og treningskampar. Du blir sakna, sårt sakna. Men samstundes er eg sikker på at Manchester United blir eit nytt, enda større kapittel i fotballhistoria di.

Og skulle det, mot alle formodningar, ikkje gå så bra som eg trur, så er du hjarteleg velkomen heim til Ålesund. Alltid!

lørdag 13. november 2010

Anders Lindegaard - Entusiastprisen 2010

100% fortent. Og meir er det ikkje å seie om den saka.



Så kan eg bruke nokre månader på å fintenke slutt-replikken i talen hans;
Vi sees neste sesong.

Ja takk, Anders. JA TAKK!

søndag 7. november 2010

30. runde - TUSEN TAKK!

Sesongen er over. Og det er berre ein ting å seie; TUSEN TAKK!

RBK - AaFK 2-2

Tusen takk for ein fantastisk sesongstart!

Tusen takk for fem samanhengande runder på tabelltoppen!

Tusen takk for mandagskampar og tre-poengarar!

Tusen takk for sommerferie på femteplass!

Tusen takk for bortesiger mot heimesterke Tromsø!

Tusen takk for 89 nervepirrande minutt og 1-0 siger mot VIF!

Tusen takk for det målet, Alex!

Tusen takk for Europe League!

Tusen takk for to uavgjort-kampar mot RBK.

Tusen takk for to tre-poengarar mot Viking!

Tusen takk for alle jubelbrøla!

Tusen takk for alle søvlause nettene med kroppen full av adrenalin!

Tusen takk for kampnervane!

Tusen takk for alle dei fantastiske angrepa!

Tusen takk for alle dei sviande taklingane!

Tusen takk for alle susande skot!

Tusen takk for alle innlegga til Tor Hogne.

Tusen takk for alle klasseredningane, Anders!

Tusen takk for innsatsen, gutar!

Tusen takk for gutsen!

Tusen takk for viljen!

Tusen takk, Kjetil Rekdal!

Tusen takk, Kent Bergersen!

Tusen takk, Frank Mathiesen!

Tusen takk for 47 deilige poeng!

Tusen takk for 30 nervepirrande kampar!

Tusen takk for 46 vakre mål!

Tusen takk for at vi er det fjerde beste fotball-laget i Norge!

Tusen takk for ein fantastisk sesong!

søndag 31. oktober 2010

29. runde - Hjerte som brenne, vi e så stolte

Det er rett nok ein kamp att i år. Men siste heimekampen kjennast alltid som sesongslutt for meg.

AaFK - Brann 3-1

Eg har ikkje vore AaFK-supporter så lenge. Samanlikna med dei som klora seg fast i blåbærlyngen på Kråmyra lenge før eg hadde lært å seie -r, er eg ganske ny i faget. Men alle som har forelska seg veit kor fort dette kan hende og kor hodestups du kan falle frå fyrste stund.

Eg forelska meg i Aalesund den 8. mai 2005. Motstander var Tromsø, CLS var nyopna, vi hadde vunne billettar og sat på hovudtribuna. Aalesund tapte 0-1, men det gjorde ingenting. Eg var sjarmert.

Eg har hatt mange opp- og nedturar, både små og store, på mine 5 1/2 år som AaFK-supporter. Nedrykk i 2005, opprykk i 2006, å berge plassen for fyrste gong i 2007, cupfinalen i 2009. Eg har banna, brølt, jubla, gråte ein skvett ... Og, utan å på nokon måte sidestille cupgullet i fjor, så må eg innrømme;
Denne sesongen er den beste eg har vore med på!

Eg har rett nok kjefta min del i år og. Vore langt nede, og minst like høgt oppe. Men, med ein kamp att i år er det berre ein ting å seie;

Eg er KJEMPESTOLT oransje&blå av dykk, gutar!

I år har vi verkeleg vist at vi kan! I år har vi kjempa for plassen vår, gått ut og bevist gong på gong kva vi er gode for. Og kor gode vi er når vi er gode. No kan ikkje lenger ein AaFK-siger omtegnast som 'eit blaff', eller skuldast på 'krise' i klubben vi har slått ... ikkje at media ikkje prøver, men det går ikkje. Vi ligg på fjerdeplass på tabellen, vi har 46 poeng og den einaste gongen nedrykksstrid har vore eit tema har vore når vi har snakka om andre lag.
Det er ei merkeleg kjensle, å stå utanfor dørene før siste serie-heimekampen for sesongen og ikkje undrast over korvidt vi må spele kvalikk-kamp i år. Vi kan dårligast bli nummer seks. Det er nesten ikkje til å tru.

Og vi har fortent det og. Vi har hatt heimekampar der det har vore eit lag på bana. Vi har grusa mostandarar. Vi har forsvart oss til eittmålssiger på bortebane. Vi har 46 poeng og vi har fortent kvart steike eit av dei!

Kampen i dag sette krona på verket for meg. Etter Sandefjord-kampen, som vi burde ha vunne, såg mange heilt klart sjansen for at dei tre siste kampane fort kunne ende i tap. Det låg rett nok eit møte med Brann inni der, og vi har hatt godt tak på dei på CLS. Men ballen er rund og alt det der, og er det ein ting du kan vere sikker på når det gjeld Aalesund så er det at du ikkje kan vere sikker på noko.

Og likevel var eg litt ... avslappa i dag. Ikkje med vilje, det kom liksom berre sigande. Og etter 2 minutt byrja morroa. 43 minutt, ei utvising og to straffer seinere og dette såg veldig lovande ut til pause. Og kva gjer vi i andre omgang? Ein kjempejobb! Rydder unna det som er, angrep på angrep på angrep, flotte passningar, fantastiske løp. Det er ikkje utan grunn at ingen fekk lavere poeng enn 7 på min (noget subjektive) spelerbørs.

Dette var rett og slett fantastisk!

Eg må dessutan kome med ei lita, slags formell orsaking til Svein Oddvar Moen;
Eg har sagt mykje stygt om dine eigenskaper som fotballdommer opp igjennom åra. Og med god grunn, for så vidt. Og eg var på nippet til å avskrive deg i dag og. Men det skal du ha; den straffa rett før pause gjorde SÅ godt!
Folk har hengt som Bergans-sekkar på Tor Hogn Aarøy så lenge eg kan hugse, og det er nesten aldri nokon som tør blåse på det. Eg trudde du hadde tenkt å feige ut og. Difor kjendes straffa rett før pause ekstra rettferdig. Og Brann-spelarane hadde fått nok advarslar.
Du overraska meg positivt, Moen. Fortsett slik!

Alexander Mathisen ... du snakker meg om å krone avskjeden sin! Eg har på ein måte forsona meg med at han reiser, og han er kanskje ikkje den speleren eg kjem til å sakne mest. Men at han har vore viktig for oss er det ikkje tvil om, og eg håper han får ei framleis lysande karriere.
Lykke til, Alex!

Og så var det Anders Lindegaard. Igjen. "Den dagen jeg drar herfra blir det med blødende hjerte" sa han tidlegare i veka. Det blir ikkje berre ditt hjarte, Anders.
Det blir eit stort, gapande, Lindegaard-forma hol i fotballhjarta våre den dagen han reiser. Og ikkje berre fordi han er ein keeper av dimensjonar, men fordi han er ein person vi alle kjem til å sakne. Kven skal stå etter kampane neste år og snakke om orgasmer og impotens? Kven skal kome med gullkorn i media? Kven skal rive seg i håret nesten meir enn vi gjer? Kven i allverda skal erstatte Anders Lindegaard?

Joda, eg veit. Han er berre ein fotballspeler. Men han har vore så viktig for AaFK, på så mange måter. Og ein så tvers igjennom herleg fyr.
Anders, nyt proff-karriera di! Berre ikkje gløym kvar du skal kome å avslutte den.

Neste helg venter den aller, aller siste kampen i år. Mot Rosenborg, på Lerkendal. Og om vi taper denne så ja ... då blir vi dårligast nummer 6 i år. Og om vi, mot alle odds, vinn ... då avslutter Aalesund sesongen 2010 som Noreg sitt fjerde beste lag.

... kjenn litt på den ...

fredag 29. oktober 2010

28. runde - Du veit ein siger kjem uventa ...

... når du gløymer å bloggen om den på ei veke

Viking - AaFK 1-3

Dei aller, aller beste tre-poengerane er dei du aldri trudde du fekk. Som VIF tidlegare i år. Det er så deilig å sitje der å sjå at, mot alle odds, så VINN faktisk laget ditt kampen!

Vi ha allereie teke tre poeng meir enn eg trudde vi kom til å gjere på dei tre siste kampane. Eg har skjeldan vore så stolt oransje og blå.

søndag 17. oktober 2010

27. rude - Nestenuhell

Er det ein ting ein aldri skal gjere i fotball, så er det å ta lett på mostanderen

AafK - Sandefjord 2-2

Ei heller sleppe seg nedpå når ein leier. Og når mostanderen utliknar, og vi svarer kort tid etterpå, då er det direkte FORBUDT å kaste vekk ei leiing til.

Dette var surt. Rett og slett surt. Og ikkje på grunn av motstanden, men på grunn av måten det hende på. At Sandefjord fort kunne kome hit og setje ein støkk i oss, det var eg ganske klar for. Og eg lukta det, seint i fyrste omgang. Det var noko som mangla, noko som ikkje stemte.

Men, tabellen er framleis fin. Og ein ting er i alle fall sikkert; vi rykkjer ikkje ned i år.

Og berre å kunne konstanterer det allereie no, tre runder før slutt, er nesten nok til å gløyme heile kampen i dag.

Viking neste helg. Så siste heimekampen mot Brann. Så Rosenborg på Lerkendal ... Rosenborg må jo tape ein gong dei og ...

søndag 3. oktober 2010

26. serierunde - Og så var det desse bortekampane da

Kjære NFF; neste år vil vi berre spele heimekampar

Stabæk - AaFK 2-1

Ein ting er blir berre meir og meir klokkeklar; Tor Hogne Aarøy må klonast.

AaFK med og AaFK utan Tor Hogne Aarøy er som dag og natt. Rett nok scorer han kanskje ikkje så ofte som ein spiss bør, men med Aarøy på bana er vi eit heilt anna lag. Og det uroar meg.

Tor Hogne Aarøy er snart 34 år. Før eller seinere, og det er nærare før enn seinere, må han legge opp. Og då blir det eit to meter høgt, gapande hol i angrepet til AaFK som eg pr. dags dato ikkje ser kven vi skal putte inn i.

All ære til Alexander Mathisen, og alle fine måla hans i det siste. Men han reiser i vinter, og då er vi like langt. Sylling Olsen vil og vil, men får det framleis ikkje til. Og vi har så klart Didrik Fløtre i kulissane, men det er langt opp og fram før han kan vere spydspiss på eit Tippeliga-lag.

Kvifor får ikkje vi tak i ein Alanzinho? Eller ein Prica? Eller ein Moa? Kvifor ender vi opp med brasilianarar som anten ikkje virker, eller ikkje kjem att? Eller amerikanske landslagsspelarar som ikkje hadde spelt seg inn på Tufte ein gong? Og når vi får inn folk som virker, som Jeffrey Aubynn, kvifor kan vi ikkje da bla opp og behalde dei?

Ei veke pause er kanskje ingen dum idè akkurat no. For neste kamp vil eg ha Aarøy, Skiri og Fredriksen utkvilte og tilbake fra start.

Når alt dette er sagt så har dette vore ein fantastisk sesong. Og vi ligg framleis på 4. plass. Denne kjensla av å berre vere sur fordi vi taper, ikkje fordi vi taper viktige poeng og ligg enda dårlegare ann i bunnstriden, er nesten litt herleg, trass alt.

Den gjer ikkje kampen i dag mindre sur, gjer ikkje tapet mindre forsmederleg. Men det gjer litt godt, sånn på lang sikt.

mandag 27. september 2010

25. serierunde - Vi e med!

Eg hadde grua meg til denne kampen. Grua meg skikkelig! Difor gjorde

AaK - Haugesund 2-1

ekstra godt.

Haugesund er ikkje å kimse av i år. Dei har vore gode heile sesongen, og må ikkje tru at eg har gløymt at dei var det fyrste laget som slo oss i år (ein velfortent seier var det og). Eg har sett Haugesund herje med både den eine og den andre, og tabell-posisjonen sa sitt; dette vart overhodet ingen lett match. Dette kunne bli direkte smertefullt.

Difor var det så godt å sjå at ting stemte igjen. At flyten var tilbake, at vi hadde nærast full kontroll på Haugesund i store deler av fyrste omgang. To kjappe mål, 2-0 og det hadde ikkje gått ein halvtime ein gong.
Då ringer det unekteleg nokre alarmar i hovudet på ein AaFK-supporter, for det er vél mykje fotballkamp att. Og rett skal vere rett; reduseringa til Haugesund skulle aldri ha kome. I staden skulle vi ha scora eit, kanskje to til.

Men, eg ser klar betring etter ein noko tung periode. Berre vissheita om at Haugesund pressa heile andre omgang, og vi greidde å halde unna, er bra nok for meg. Framleis 4. plass på tabellen, Tor Hogne Aarøy - no også som 10-måls-scorer og den scoringa til Trond ... den verkeleg unna eg han!

Og kanskje enda viktigere; stemninga var tilbake på stadion. Publikum var tilbake på stadion. Både dei på tribuna, og dei på bana, leverte som bestillt.
DÅ er det deilig å vere oransje og blå!

tirsdag 21. september 2010

Det endelege bevis

På at det er gull i enden av regnboga :)

søndag 19. september 2010

24. serierunde* - JA!

* joda, eg veit at 23. mangler. Men når eg har lova meg sjølv å ikkje kjefte på dommarar, og å ikkje kjefte på gutane mine, så satt eg att utan noko å seie forrige helg.

Men no. Endeleg!

AaFK - KIL 2-0

Før eg gler meg over tre poeng skal eg ver sur i eit par settningar;
Vi har snakka om dette før, folkens;
Pip vi på eigne spelarar? Nei, det gjer vi ikkje
Pip vi på eigne spelarar når dei speler bakover i nokre trekk? Nei, det gjer vi ikkje.
Pip vi på eigne spelarar når dei speler bakover i nokre trekk, og vi leier 1-0? Nei, det gjer vi ikkje.

La meg oppsummere;
Pip vi på eigne spelarar? NEI, det gjer vi ikkje!

Sånn, la meg sleppe å seie det fleire gonger.

3 poeng igjen. Endeleg! Dette trong både vi på tribuna og dei på bana. Det verka som det hende noko med gutane denne kampen.
Først scorer vi på ein gratissjanse, noko som slett ikkje er sjølvsagt for oss.
Så får vi straffe imot. Korpå Anders AWESOME Lindegaard faktisk REDDER!

Og etter den straffa hende det noko. Det verka som om gutane fekk trua, som om det gjekk opp for dei at "hey, ting kan gå vår veg igjen jo!". Og så gjekk det berre betre og betre.

Målet til Orry var ei perle! Og vi hadde så mange flotte angrep på slutten av kampen. Og ja, eg veit; det var ingen stor fotballkamp. Men det var ein viktig siger etter ein tung periode, og det er det einaste som betyr noko.

Og Trond. Trond! Er det rart vi syng "Trond Fredriksen, kun EN"? Han var fantastisk i dag!

Og til slutt; Anders Lindegaard.

Ja, igjen. Eg veit eg dreg fram Anders kvar gong, men han fortener det kvar gong.
Det er liten tvil om at han ikkje står i mål for oss neste år. Spørsmålet er vel eigentleg berre kvar han havner i vinter (personleg håper eg på Manchester United).

Og den dagen du reiser, Anders, då blir det eit stort hol i dei oransje og blå hjarta våre. For du er ikkje berre ein fantastisk keeper, du er ein fantastisk fyr og! Du har ein entusiasme og ein glød som smitter over på alle. Du blir minst like glad som oss på tribuna når vi scorer, og kanskje enda meir fortvila enn oss når vi misser.

Du har vokse frå Aalesund, det er ikkje til å stikke under ein stol. Det einaste vi kan gjere er å ønske deg lukke til videre, kvar du no havner.

Men først skal du hjelpe oss å sikre fjerdeplass i Tippligaen i år :)

mandag 30. august 2010

Kunsten å vere ein god supporter

Eg har dårleg samvittighet i dag.

Skikkelig dårlig.

Eg har rett og slett litt vondt i magen.

For i går var eg ein dårleg supporter.

I alle fall i mine eigne auge. Altså, eg gjekk ikkje før kampen var slutt. Ein går ikkje før kampen er slutt, sånn er det berre med den saka. Men i går gjorde eg noko som var enda verre.

Eg gav opp.

Tidleg.

Allereie på 0-2 gav eg opp. Skuffelsen tok over. Eg mista vilja, trua. Klarte ikkje å rope, klarte ikkje å synge. Klarte ikkje å kjefte ein gong. Eg berre sat der, rista på hovudet. Brukte store deler av pausa på å konsentrere meg om å puste djupt, ta meg saman. Kanskje klare å mane fram litt ny giv til andre omgang.

Men det gjekk ikkje.

Og eg er ikkje spesiellt nøgd med meg sjølv i dag.

Er eg ikkje ein av dei som syng høgast "vi støtter laget vårt i tjukt og tynt!"? Eller "Aal'sun til vi DØR!"? Kva var det som kom over meg i går?

Er det verkeleg så fort gjort å ta lett på ting? Veit eg ikkje kor ofte bunnlag slår topplag, når det står om nedrykk og kvalikkplassar? Har eg ikkje vore med på det sjølv, kampar der det beste laget (tabell-messig) undervurderer bunnlaget?

Nei, i dag er eg mest skuffa over meg sjølv. Eg fortener ein 3-er på supporterbørsen. Eigentleg skulle eg hatt straffetrening, men eg skal til tannlegen i morgon så det får vere straff nok.

Beklager, gutar. Eg kjem sterkere att neste gong. Lover!

søndag 29. august 2010

22. runde

404 error

Game not found.

onsdag 25. august 2010

21. runde - Ingenting

Eg har ikkje gløymt å blogg om

LSK - AaFK 1-0

Eg veit berre ikkje heilt kva eg skal skrive om ein kamp der vi ikkje kom til ein. Einaste. Målsjans.

mandag 9. august 2010

20. runde - Spissjakt avblåst!

... ok, ikkje heilt avblåst. Men det kjennast litt feil å klage etter

AaFK - Tromsø 2-0

Eg har eigentleg ikkje ord. Etter eit knallhardt kampprogram dei siste vekene, eit sviande tap i Skottland for 2 dagar sidan og klar mangel på scoringar etter ferien ... ein må berre bli imponert.

Det er ikkje vits i å analysere. Vi var best. Utan nokon som helst form for tvil. Full kontroll, fulle av energi og iver. Vi spelte så fin fotball i andre omgang at den burde vore ramma inn og hengt på veggen hjå NFF.

Og at Tor Hogne (som eg heilt ærleg trudde hadde scora frå seg for i år) ikkje berre scora eitt, men TO mål!

Dette var berre fantastisk!

Og på toppen av heile greia så får eg til og med skryte av Lars Fuhre igjen. Eg LIKER han. Han er god allereie han, berre tenk kor god han blir når han blir varm i trøya.

Nei, gårsdagen var utelukkande positiv. Reint bortsettfrå dei to gongane i fyrste omgang Lindegaard masserte det høgre låret sitt. Satser på at 14 dagar med fotballpause fikser kva det no var.

Alle gutta *klapp klapp klapp*
Alle gutta *klapp klapp klapp*

torsdag 5. august 2010

Snipp snapp snute

Europa-eventyret er ute.

Motherwell - AaFK 3-0

Då var det gjort. AaFK sitt fyrste møte med Europa blei, ikkje uventa, kort. Og når ein taper 3-0 så er det på ein måte fortent. Så lite mål som vi scorer for tida såg eg igrunn at dette ikkje gjekk allereie etter 13 minutt av fyrste omgang.

Sjølvsagt er det litt surt. Og litt sur har eg vore. Men samstundes tykkjer eg vi har klart oss bra.

Eg er kry av gutane våre eg. Det er trass alt ikkje lite fantastisk at vi i det heile teke har kome oss ut i Europa. Og berre vent; vi kjem att.

No er det berre ein ting som gjeld; Tippeligaen. Vi har vist i år at vi kan gjere det himla bra på vårt beste. Vi får ein ny sjanse til å vise dette søndag, når vi tek imot Tromsø.

Det vore litt snubling og knoting i det siste. Mykje feilpasningar. Lite mål. No håper eg det er slutt på dette. At vi tek oss saman. Full fokus på å halde fram den gode trenden.

... og så var det den spissen da ...

søndag 1. august 2010

19. runde - Ein spiss, ein spiss! Mitt kongerike for ein spiss!

Eg skal vere ærleg; I dag er eg IKKJE blid!

Godset - AaFK 3-1

Altså, det å tape for Godset på Marienlyst er i seg sjølv ikkje så gale. For Godset er gode på heimebane, det skal ingen ta fra dei.

Men å tape slik som vi gjer i dag; det er alt for gale!

Eg veit ikkje kva som skjedde på det frisparket. Kanskje skulle det ikkje vore frispark i det heile teke. Det er ikkje poenget. Det vart frispark, det vart mål. Lik handsane til Arild Sundgot; får'kje gjort så mykje med det.

Straffa er det heller ingenting å utsette på. Det var faktisk to straffer på rad, i same angrep.

Og når vi endeleg tenner ein gnist av håp heilt på slutten, så gir vi dei 3-1 målet rett etterpå ved å la Lars Sætra stå heilt steike umarkert midt i feltet. Blir mål imot av slikt.

Og det verste er at vi var ikkje dårlege ein gong. Vi får berre ikkje ballen i mål.

Nei, eg vil ha ein spiss. Og han skal ikkje vere ein centimenter høgere enn Mini Jacobsen, sånn at vi lærer oss ein gong for alle at det går ann å spele på andre enn Tor Hogne. Vi må faktisk snart lære oss å spele på andre enn Tor Hogne.

Men, eit lyspunkt skal eg ta med meg frå denne kampen; Lars Fuhre. Han imponerte meg.

Returoppgjer i Skottland til veka. Og heimekamp mot Tromsø neste helg. Om vi kjem oss igjennom denne perioden uten nye skader blir eg særs overraska...

torsdag 29. juli 2010

Stolt oransje&blå dagen derpå

Litt flaks må'n jo ha

AaFK - Motherwell 1-1

Dette var slett ikkje verst!

I fyrste omgang hadde vi full kontroll på bortelaget, pluss/minus eit par skot som Lindegaard redda mesterleg (eg foreslår at vi byrjar å legge på ein million på pr. redning på prislappen hans). Vi burde ha scora, Demar var SÅ nær. 0-0 til pause var nesten litt ... surt.

Og så hender det som så ofte hender. Motstanderen kjem ut frå pause, starter omgangen i høggir og plutselig ligg vi under utan at nokon har skjønt kva som har hendt. Korpå våre skotske vener la seg i forsvar som ein vegg, særs nøgde med å ha fått bortemålet sitt.

AaFK kom rett nok mot slutten, og fekk inn ein del angrep. Men det svikta framføre mål. Speakeren annonserte to minutt tillegg, folk byrja å gå. Mesteparten (underteikna inkludert) gjekk ut ifrå at det no blei tap.

... altså, eg gjekk ikkje før kampen var slutt. Ein går ikkje før kampen er slutt, sånn er det berre med den saka.

Men dei kan angre, dei som gjekk. Siste angrepet i kampen, Demar blir hindra i feltet og det er straffe! Mathisen, kald og rolig, sett ballen i nota. Dommeren bles for mål, og bles så av.

Europadrømmen lev videre.

Eg veit det ikkje blir lett å slå Motherwell neste veke. Men, vi treng ikkje å slå dei. Uavgjort 2-2, og vi er videre. Sjølv om eg personleg håper på siger. For vi var fullt på høgde med dei i fyrste omgang, kva som skjedde etter pause aner eg verkeleg ikkje.

Rekdal hevder det var den dårlegaste kampen vi har spelt i år. Eg er ikkje heilt einig i den, så dårlege var vi da ikkje. Men vi rota voldsomt i andre omgang, og det straffer seg fort. Mot eit betre lag enn Motherwell hadde det nok straffa seg enda meir.

Nei, eg tykkjer vi kom godt ut av vår fyrste kamp i Europa. Så får vi berre håpe at kampprogrammet framover ikkje øydelegg verken for den eine eller den andre turneringa.

onsdag 28. juli 2010

Kampnervar

På denne tida i morgon er eg heime att frå den kampen eg har gledd meg desidert mest til i år ... utanom kanskje Molde-kampen. Men det blir noko anna. Det var Tippeliga.

Dette er Europe League.

Vi skal faktisk spele Europacup-kamp i morgon.

... eller, spelerane skal spele. Eg skal berre synge meg hes på supportersangar og prøve å ikkje kjefte så mykje som sist.

Dette er stort. STORT.

Eg var innom Ålesund ein tur i dag, og gjekk meg rett på ein stim med skotske fotballspelarar. Og då blei det veldig ekte, plutselig. Vi skal spele kamp mot dei i morgon jo!

Kampnervane er det i alle fall ingenting i vegen med. Dei er der som berre juling, allereie. Men det er sånne gode kampnervar. Glede-seg-kampnervar. Sjølv om det å gå videre hadde vore hinsides alt som er fantastisk, så er det ganske fantastisk å spele kvalikk-kamp i seg sjølv. Og når eg tenkjer tanken at kanskje vi kan gå videre frå dette... då får eg sånne gele-kne som eg fekk då det var sju minutt att av AaFK-Odd i semien i fjord, og eg innsåg at vi var sju minutt unna cupfinale.

Nei, dette er stort. Same korleis det går i morgon. Framleis stolt oransje&blå. Og eit steg nærare 'Absolutt verdensherredømme'.

lørdag 24. juli 2010

18. runde - Wow!

Det er dager som denne eg hugser kvifor eg elsker fotball.

AaFK - VIF 1-0

Misforstå meg rett, eg går ikkje rundt å lurer sånn til daglig. Men etter kamper som den i dag, då kjenner eg verkeleg at dette er gøy!

Det er lenge sidan eg har kjefta så mykje på fotballkamp. Og det til trass for at både eg og pappa eigentleg hadde konstantert med at 2/3-0 tap i dag var "greit". Etter å ha sett litt på Vålerenga i det siste var det berre å konstantere at dei var i fin flyt. Og at sjølv eit AaFK-lag på sitt beste skulle få slite denne kampen. Håp og kjærleik, men smått med tru.

Men at du egentleg tar kampen med knusande ro, det gløymer du med ein gong dommeren bles i gong. Og når dei fyrste femten minutta har gått, og du enda ikkje har fått målet du forventa å få imot, då vakner eit eller anna.

I dag var vi surrette. Upresise. Tre mann på ein VIF-speler, og han kom seg likevel unna med ballen. Men, det var to ting som redda oss i dag; vi har Anders Lindegaard i mål, og vi gir ALDRI opp... vi ga i alle fall aldri opp i dag. 0-0 til pause vekka ein aldri så liten optimisme. Og då blei andre omgang enda verre.

Eg er glad i gutane, veldig glad i dei. Sånn på ein heilt platonisk og grei "flinke-favorittlaget-mitt"-måte. Men av og til kan eg ikkje noko for det; av og til må eg kjefte. Og i dag kjefta eg. Masse. På alle. Eg er til dømes særs glad for at alle brølte samstundes då eg ropte "faen i helvette, Parr" etter ei noko dristig dribling framføre eige mål. Eg stoler på deg altså, Jonathan. 0-0 er berre sånn eit horriblet resultat medan det pågår (for eitt poeng i dag hadde vore gull det, altså).

Så eg kjefta, small, trua med å gå heim, eller å kaste opp. Reiv meg i håret, heiv både opp og ut med armane. Det er eit under at eg ikkje har strekk i eit eller anna...

Så skjer det. Eit av tre million innlegg på Aarøy i denne kampen (og to minutt tidlegare hadde eg ytra noko sarkastisk om at "jada, oss må spele opp på an Aarøy. De he virka SO bra hittil i kampen"). Denne gongen lander ballen der den skal. Eller det står ein speler der ballen lander. Og Alexander Mathisen veit kvar målet står, og sender ballen i elegant bue rundt både forfjamsa keeper og forvirra forsvarsspelarar.

Den kjensla du får når ballen går i nota, etter at du har brølt deg igjennom 89 minutt ... den går det ikkje an å beskrive. Og eg er ganske sikker på at det brølet eg sette i då ballen gjekk i mål er grunnen til at eg no svir heftig i halsen, og ikkje har stemme att. Det tok liksom siste rest.

Dessutan har eg sunge alt eg var god for i dag. Både eg og Stormen. Stormen var verkeleg både bestemann og 12. mann i dag, medan Klanen var noko spak til seg å vere.

VIF skulle sikkert hatt straffe. Det skulle kanskje vore frispark. Skulle skulle, burde burde. Fakta er at då dommaren blåste for fulltid hadde vi slått Vålerenga. Og unnskyld meg, men det er faen ikkje dårleg!

Torsdag er det Europe League-kamp på CLS. EUROPE LEAGUE! Eg får kriblingar berre av å skrive orda. Korleis det går tør eg verken spå eller tenkje på. Men vere der skal eg, med sjerf, drakt og entusiasme i bøtter og spann.

Eg må berre pleie stemma mi litt først...

søndag 18. juli 2010

17. runde - Gryande uro

Altså, ikkje for sesongen generellt, for eg kan ikkje klage. Men naturgras...

Start - AaFK 1-0

No byrjer denne naturgras-greia å likne eit seriøst problem. Eg kjenner ikkje att laget mitt frå runde til runde. Vi kan spele fantastisk ei helg, for så å møte ekte grastustar neste helg og sjå ut som eit lilleputt-lag.

Eg skjøner at det er skilnad mellom naturgras og kunstgras. Og eg hadde sikkert ikkje klart det betre sjølv. Men eg speler heller ikkje fotball på toppnivå. Ei heller har eg peiling nok til å vete kva vi skal gjere for å ordne opp i dette. Ikkje trur eg det blir nedrykk av å alltid tape på naturgras heller. Men alvorleg talt; noko må vi då kunne gjere med det?

Eg slit med å finne lyspunkt i dag. Einaste positive eg kan seie er at vi i alle fall jobber som eit lag. Er ein dårleg, så er alle dårlege. Bortsettfrå kanskje Lindegaard.

Nei, legge denne kampen bak seg med ein einaste gong og tenkje framover. Og håpe at Fredrik Carlsen er speleklar til laurdag, for han treng vi verkeleg.

... og ein liten ting til; når motstanderen har bestemt seg for, og lukkast med, å pakke inn Tor Hogne som ei tidleg julegåve; hadde det då ikkje vore ein idè å ha ei alternativ løysing? Nokon annan å spele til? Sånn for å variere, meiner eg...

søndag 11. juli 2010

16. runde - Vakum

Det viktigste er ikkje å vinne, men å ikkje tape. Og i alle fall når ein speler mot Molde.



AaFK - Molde 0-0

Så sånn sett er eg nøgd. Eg tek heller eit uavgjort-resultat mot våre rivalar på andre sida av fjorden, enn eit forsmederleg tap. Og attpåtil på heimebane. Sånn sett; 0-0 heeeeeilt greit.

Men, sånn liker ikkje Anders Lindegaard at eg tenkjer, så eg har ikkje slått meg heilt til ro med det.

Det var ein rotette kamp i går. Og sikkert ein keisam ein, for dei som sat heime og såg den, utan tilhørigheit til nokon av laga. Ein skulle trass alt tru at Slaget om Møre og Romsdal skulle bli noko meir ... spanande.

Altså, det var spanande nok for oss i oransje og/eller blått på stadioen. Men for dei som ikkje brydde seg om utfallet var det nok ikkje store fotballkampen.

Den blei litt vakum for meg og, etterpå. For eg har gledd meg til denne kampen ganske lenge. Og uansett utfall så var eg ganske sikker på både mål, gule kort, sviande taklingar og kanskje til og med ei utvisning.

No fekk eg rett nok eit par gule kort, og nokre sviande taklingar. Fredriksen var til dømes i høggir i går (og det var for så vidt Hoseth og). Men måla uteblei. Sjansane uteblei til ein viss grad og. Og sjølv om det var spanande nok medan det stod på, kan eg ikkje rista av meg kjensla av å vere bittelitt skuffa no i etterkant.

Og det er vel sånn det skal vere? For etter tabellen så skulle vi slått Molde. Men, etter tabellen skulle Tromsø slått Hønefoss og.

Eg tek i alle fall til takke med eitt poeng, framleis 4. plass og å ha unngått tap mot Molde på CLS. Spelerane tok det heldigvis noko tyngre. Og det håper eg går utover Start neste helg.

mandag 5. juli 2010

15. runde - Den der gjor HIMLA godt!

To tap før ferien. Dette var knusande naudsynt!

Tromsø - AaFK 0-1

– Ein sensasjon om vi vinn, sa Rekdal før kampen. Og eg var heilt einig. Forsvarstrøbbel i lange baner, skader, skader og enda fleire skader. Men, det viser seg at desse karane kan når dei vil.

For dette var imponerande. Tromsø pressa i 45 minutt + tillegg. Og vi haldt unna. Igjen må ein stor klapp på skuldra gå til Anders Lindegaard. Eg aner verkeleg ikkje kva vi skulle gjort utan han.

Positivt overraska over Tollås i går. Eg går og håper han finn attende til den forma han var i fyrste sesongen sin på a-laget. Han var fryktlaus og bunnsolid, uansett. Han har det i seg.

Og Ville, som visstnok var skada denne veka. Han rynka på nasen ein gong, fem min ut i fyrste omgang, men elles var det ikkje mykje som vitna om vondt kne. Full kontroll og styring i forsvar. Blir berre betre og betre.

Demar byrjar å glimte til med den forma han hadde før skaden sin. Same med Pablo, som er gull på sitt beste.

Og det beste av alt er at vi vann 1-o i ein kamp der mostanderen pressa i over ein omgang.

Laurdag venter lokaloppgjer. Eg kan ikkje anna enn innrømme at eg gler meg som ein unge. Uansett vêr, føreforhold, resultat og gudane veit kva. Og eg går ikkje rundt og innbiller meg at det blir siger heller, det kan fort bli smertefullt. Og ekstra smertefullt med tanke på at det er Molde. Og vi er på heimebane.

Men eg gler meg til TIFO, og show og full stadion. Det er sånne kampar det er ekstra gøy å vere fotballsupporter. I alle fall før kampstart :)

fredag 25. juni 2010

VM-pause

Klarte ikkje meir enn ein bikkjekald omgang av AaFK-Ranheim. Men fekk i alle fall døyva abstinensen. Storoppgjeret nærmer seg faretruande...

onsdag 9. juni 2010

NM runde 3 - BOOM

Løv-Ham - AaFK 2-1

Ikkje uventa. Ikkje bra. Ikkje gøy.

søndag 6. juni 2010

14. runde - Sommerferie på 5.plass

Eg hadde rekna med tap mot Brann.

Brann - AaFK 2-1

Før eller seinere måtte det snu for Brann. Og då det ikkje snudde mot Hønefoss, var eg ganske sikker på at det kom til å snu mot oss. Eg fekk rett.

Det er mykje eg kan henge meg opp i. Mange detaljar. Vårt veksande problem på naturgras, mellom anna. Eller at vi serverer Brann 2-0-målet. Eg er kanskje Ville Jalasto sin største fan, men eg er ikkje blind. Den må han ta på si kappe. Og det har han nok gjort.

Men detaljar, detaljar ... ein kan diskutere detaljar til ein blir gul og blå. Det koker ned til ein ting; i dag var Brann betre. Dei ville meir. Dei vann.

Vi kom oss rett nok i andre omgang. Og Diego Silva krona avskjeden sin med eit mål. Kvar han havner no gjenstår å sjå. Kven som havner hjå oss i staden blir særs spanande.

Eg kunne surmula. Men kvifor? Vi var ikkje gode nok, vi tapte. Sånn er det. Eg vel heller å sjå tilbake på vårsesongen med eit smil. Når gutane får rista av seg den verste skuffelsen over dette tapet, har dei framleis ein 5. plass og 23 poeng å gle seg over. Kven hadde trudd vi skulle ligge der etter halvspelt sesong?

Onsdag venter Løv-Ham i cup'en. Utan at eg har tenkt å ta lett på det heller. Så er det velfortent ferie for gutane. Sjølv aner eg ikkje korleis eg skal døyve abstinensen. Mogeleg eg held med Nederland i VM, av gammal vane.

Halvspelt sesong. 5. plass. 23 poeng.

Gi meg ein god grunn til å klage!

tirsdag 1. juni 2010

Dvale

Det er ikkje til å kome frå; pauser i Tippeligaen er noko drit. Sjølv med landslagsdebutt for Jonathan Parr, har den siste veka vore ... litt laber, fotballmessig.

Men no snik kampdagen seg nærare att. Rett nok bortekamp, men til gjengjeld ein viktig ein. Altså, alle kamper er viktige. Men å slå Brann i år blir ikkje lett.

Brann slit, stakkarane. Brann slit skikkelig. Og det er lite sympati å spore i byen, der spelerane blir nekta adgang til butikker og ei av byavisene bruker heile førstesida på å gni salt i såret. Tap for Hønefoss, sjølv etter at "rota til problemet" Steinar Nilsen var sparka ... slutta ... whatever, var eit ekstra spark i magen. Brann ligg nede for telling.

Men Brann kjem til å reise seg. Kanskje allereie på søndag. Trur ikkje Rekdal let gjengen ta lett på noko, men eg håper i alle fall at dei ikkje tek lett på Brann.

onsdag 26. mai 2010

Landslagsspeler

Liker denne trenden med AaFK-spelarar på landslaget. Først Parr, no Jalasto. Neste; Lindegaard *krysser fingrane*

mandag 24. mai 2010

13. runde - Tilbake på rett spor

Det er ikkje gøy å tape fotballkampar, uansett kor van du er med det. Så etter tre serietap på rad var det innmari godt med

AaFK - Godset 3-1

Det var så fantastisk innmari godt! Sjølv om eg ikkje på langt nær har kome dit at eg går rundt og forventer at vi skal plukke tre poeng i kvar kamp, byrja tre tap på rad å ta på. Og med overskrifter om at AaFK aldri hadde tapt for Godset på CLS vart eg ikkje mindre uroa.

Utan grunn, skulle det vise seg. For i dag var vi gode igjen. Rett nok ikkje heile tida, men nok til at vi kunne gå av bana med siger og tre poeng.

Jonathan tilbake i form og. Ikkje at han åleine skal ha æra for at det gjekk bra i dag, men gud bedre han hjelp på! Eg har kjefta min del på Jonathan Parr i forsvar, og det har eg ingen problem med å innrømme. Han har verka stressa, litt panikkslagen og til tider ufokusert. Men ikkje no lenger. No har han full kontroll. Og for nokre innlegg den guten serverer!
Jonathan, dette er ei offisiell orsaking. Eg skal ALDRI kjefte på deg igjen.

Ville har blitt ein bunnsolid midtstopper. Trygg, god, slepp aldri mannen sin og om han skulle gjere det ein skjeldan gong spring han opp att sin eigen feil. Og han kjefter aldri på dommaren. Det er kanskje ein noko sær ting å legge merke til, men Ville kjefter verkeleg aldri på dommeren. Det vil seie; han protesterte i dag. Men å kalle det kjefting blir å ta det litt langt. Lager han frispark, anten avgjerda er rett eller ei, rister han berre på hovudet og lusker seg på plass at for å gjere jobben sin. Slikt liker eg. Vis meg den dommeren som ombestemmer seg av å få kjeft.


Enar er tilbake der han var no. Sikker som banken. Berre han får finskrudd litt på siktet til innleggsfoten sin no, så har vi Parr på eine sida og Enar på andre sida. Kan berre bli suksess.

Johan hadde ein kjempekamp i dag. Og Alexander ...

Alexander Mathisen. Etter kvar einaste kamp i fjor dukka diskusjonen opp i bilen på veg heim; når skal Mathisen byrje å treffe mål?
No har han byrja. Og for nokre mål! Tempo, dribleferdigheter og no attpåtil scoringar. Rekdal, Hoff; tvilhald på denne mannen så lenge vi klarer!

Anders Lindegaard, entusiasten vår. Amund, veteranen vår. Khari, no også med iver. Trond Fredriksen, kun EN!

Og Tor Hogne. Eg må innrømme det, eg var ein smule uroa for om det kom fleire scoringar frå Tor Hogne i år. Ikkje det at eg ikkje har trua på to-meteren vår, men måltørken byrja å bli litt vel lang. Så da han stanga ballen i mål i andre omgang må eg innrømme at eg fyrst nølte nokre sekund for å vere sikker, før eg spratt opp med eit jubelbrøl. Vel unt, Tor Hogne. No sikter vi mot toppscorer-tittelen.

Nei, dette gjorde unekteleg godt. Tredjeplass på tabellen, enn så lenge. 23 deilige poeng. Snart sommerferie, og så avslappa trur eg aldri eg har tatt den. Sjølv om vi har Brann att. Før eller sidan må det snu for Brann. Det kan fort snu mot oss ...

Og til slutt, eit litt vemodig farvel. Sjølv om eg held på at det er greit at Diego reiser, var det likevel litt trist å ta farvel med han etter kampen i dag. Han vil jo heilt klart vere her, men eg aner at det er krefter utanfor Diego sine eigne ynskjer som verker inn her ...

Uansett; takk for alt, Diego, og lykke til videre!

søndag 23. mai 2010

Den verste jobben i verda - del 3

Del to her.

Denne veka fekk Steinar Nilsen sparken i Brann ... nei vent no; Steinar Nilsen trakk seg i Brann ... nei, vent no ...

Uansett; Steinar Nilsen er ferdig i Brann. Etter ein mildt sagt elendig sesongstart for bergensklubben gjorde dei som fotballklubber i krise oftast gjer; ut med treneren. Eller, eigentleg ikkje. For dagen før den dagen då Steinar Nilsen og advokaten sat i møte til dagen etter for å bli einige om sluttpakke, så hadde Nilsen full tillit frå styret.

Forvirra? Du er ikkje åleine. Men den noget forvirrande prosessen rundt avgangen var ikkje det eg skulle skrive om. For heller ikkje her er eg heilt med på trener-tuppinga.

Er det ein trener sin jobb å få det beste ut av laget, finne dei beste løysingane og sørge for at poeng og pokalar tikkar inn? Ja, sjølvklart. Men er det berre treneren sitt ansvar? Har ikkje dei 11 som spring rundt på bana og eit ansvar for å gjere sitt beste?
No har eg sett nokre Brann-kampar i år, og Brann har ikkje vore utelukkande dårlege. Dei har vore direkte gode til tider. Men det skortar på det viktigaste i fotball; måla. No er det få fotballspelarar som kan programerast til å score, og i motgang så butter det sjølvsagt imot alle stader på bana. Men likavel.

Eirik Huseklepp blir skrytt opp i skyene av samtlige aviser og media, og hever visstnok ei løn som ikkje likner grisen. Kva gjer han eigentleg for den løna? Om løn i fotball skal vere prestasjon-basert, er ikkje unge herr Huseklepp då ein smule overbetalt?

Eller Eirik Bakke. Tidlegare Leeds-speler og utanlandsproff, ja. Han var god ein gong i tida han, ingen tvil om det. Men han er ikkje den han var. No spring han rundt hissig frå første minutt, med taklingar som hadde kvalifisert til raudt kort på sekundet om han heite (eksempelvis) Lasse Holm og spelte for Ranheim. Og kjefter og smell på dommer og motspelarar. Men kva bidreg han med, reint sportsleg?

Petter Vaagan Moen, Håkon Opdal, Erik Mjelde, Gustavino ... Brann har nok av profilar. Som eg vil tru tener ganske gode penger på å spele fotball. Ligg ikkje litt av ansvaret hjå dei og?

Dette gjeld sjølvsagt ikkje berre Brann. Å sparke treneren i motgang er eit kjent verkemiddel for å snu ting. Somme gonger virker det, andre gonger ikkje. Og somme gonger er det det rette. Somme trenarar går seg fast, eller maler seg opp i eit hjørne. Men somme gonger blir det ein litt for lettvint syndebukk. Eller ein smule uforståeleg. Vi hugser vel alle det året By Rise fekk sparken i RBK. Etter å ha leda laget til seriemeisterskap ...

Av og til kan ein lure på korleis det hadde gått om trenaren ikkje hadde fått sparken. Hadde Steinar Nilsen greid å snu dette? Hadde Ole Bjørn Sundgot fått skikk på Hønefoss etter kvart?

Sist eg sjekka var fotball ein lag-idrett. Blir det ikkje då litt feil å skulde all motgang på ein person?

onsdag 19. mai 2010

NM 2. runde - BOOM BOOM!

Det er kjempegøy med cupbomber. KJEMPEGØY. Og spesiellt når dei ikkje rammer ditt eige lag.

SIF - AaFK 2-3
Videre med eit naudskrik igjen. Litt uroa over denne nye "sleppe-inn-mål"-trenden vi er inne i ... har funne attende til. Men bevares; vi er videre, det er alt som betyr noko.

Då er det verre å halde med Brann. Om Steinar Nilsen framleis er Brann-trener på denne tida i morgon har eg mine tvil om ...

Og VIF. Det var faktisk nesten litt gøy. Det er ikkje meir enn tre dagar sidan dei blei prisa opp i skyane.

Nei, cup er og blir cup.

søndag 16. mai 2010

12. runde - Ikkje akkurat festfotball

16. mai har blitt fotballen sin nasjonaldag. Men det var ikkje mykje fest over

VIF - AaFK 3-0
Eg visste vi kom til å tape i dag. Eg håpa og trudde så klart noko anna, men med Carlsen, Parr, Phillips og Herrera ute med skade, og Orry hinkande av bana midtvegs i fyrste, såg dette heller mørkt ut. Dessutan har VIF blitt gode i det siste. Og Ullevaal er fortet deira.

Så det er ikkje det at vi taper som svir ... eller, eigentleg er det det. Difor er eg meir irritert på meg sjølv enn noko anna i dag. Etter endt runde i dag kan vi i værste fall vere nr. 6 på tabellen. Vi var skadeskutt, og tapte for eit lag som nok hadde slått oss sjølv om alle var friske. Vi hadde god kontroll på VIF i om lag 70 minutt.

Eg har ikkje lov til å klage.

Likevel er eg skuffa. Og eg liker det ikkje. Eg vil ikkje vere sånn supporter som ikkje tåler motgang, sånn som syt å klager over alt og alle. Som roper på dommarfeil, usportslige motstandarar og sal av den og den speleren som ikkje lev opp til forventningane.

Så etter denne kampen er det faktisk eg sjølv som må ta meg i nakkeskinnet. Eg er framleis stolt oransje og blå. Det er framleis Aal'sun til vi dør. Vi har mange kampar å snu dette på, og eg er dessutan ikkje sikker på om tre tap på rad i det heile tatt kan kallast ein trend for ein klubb som AaFK.

Om ei veke står Godset på CLS. Forhåpentligvis står Carlsen, Phillips, Herrera, Orry og Parr alle klar på andre sida av bana.

Skal gå bra, dette ...

Ny blogg

Det blei for mykje fotball på den forrige bloggen min. Så no har eg laga ein Stolt oransje og blå-gg. Velkomen.

fredag 14. mai 2010

NM runde 1 - videre med eit naudskrik

Å slå eit tredjedivisjonslag i første runde i cup'en treng ikkje vere lett. Men
Volda - AaFK 0-1
var vel ikkje akkurat noko å skryte av.

Men, vi rauk i alle fall ikkje i fyrste runde. At det ikkje blir cupfinale att i år trur eg vi konstanterer her og no, men det hadde vore greit å i alle fall kome seg igjenom dei fyrste 2-3 rundene med nogelunde verdighet i behald.

søndag 9. mai 2010

11. serierunde - ...

...

AaFK - ODD Grenland 2-3

...


...


...


Dette var 114 000 gonger verre enn å tape for Molde!

Molde-tap hadde eg kalkulert med, det forventa eg. Det hadde eg for så vidt i dag og, men ikkje etter at vi gjekk opp til 2-0.

Det
skal ikkje gå ann å kaste vekk ei 2-0-leiing på 10 minutt! Det skal berre ikkje gå ann! Jamnspelt fyrste omgang, to kjappe mål, lekre mål av Alex i andre omgang. Dette skulle vi eigentleg berre safe inn. Men neida. Gufs frå fortida, AaFK slik dei var for eitt-to år sidan.

Og det verste av alt; eg er ikkje sinna ein gong. Eg er berre 'veldig, veldig skuffet'. Eg klarer ikkje å bli sinna på gutane "mine". Eg ser det på dei, dei er akkurat like skuffa som alle oss andre. Då Staberg blåste for full tid kollapsa heile forsvarsrekka. Ville vart sitjande i 6-7 minutt å berre stirre tomt framføre seg. Korleis i allverda skal eg klare å vere sinna på dei? Dei veit jo så alt for godt sjølve at dette ikkje er bra. Og når det dukker opp slike bilete av Anders Lindegaard;

Foto: Staale Wattø

... eg klarer ikkje å bli sinna. Eg er berre like skuffa som dei er.

Akkurat i dag er tabellen uviktig. 20 poeng speler inga rolle. Eg kan så smått gle meg over at Alex har byrja å treffe mål. Men likevel. Eg kan snakke skader, dommer, brente sjansar. Men kva hjelp det? Kampen er slutt. Vi rota vekk ei 2-0-leiing, og tapte.

Dette er berre surt.

torsdag 6. mai 2010

10. runde: Tap og vinn med same sinn

... altså, ikkje heilt same sinn så klart, men likevel;

Molde - AaFK 2-1

Eg kunne så klart klaga no. Men kvifor i allverda skal eg klage? Reint bortsettfrå at det sjølvsagt er drit å tape for naborivalen. Det verste eg veit er lag i toppen av tabellen som er dårlege taparar når dei blir slått av lag lenger nede på tabellen. Sånn har ikkje eg tenkt å vere.

Eg kunne så klart hengt meg opp i dommaren. Men eff. Molde fekk ikkje straffe i cupfinalen, og det har plaga Kjell Jonevret sidan. No har han fått straffa si, så eg håper han får sove i natt. At den øydela kampen for oss, blir ei litt for enkel løysing.

For i dag funka ikkje spelet vårt slik som det t.d. gjorde på mandag. Fyrste omgang var uoversikteleg og rotette, feilpassningar i begge lag og tydelege nerver utanpå drakter. Målet til Magnus var direkte vakkert, vi tek gjerne eit sånt i kvar kamp.
Men Molde fekk eit mål før pause, noko som aldri er ein bakdel, og i andre omgang tok dei over kampen. Og vi lot dei. Dei sjansane vi hadde til å kontre, ta over spelet og score sjølve rota vi vekk. Og det er ingen andre si skuld enn vår eiga.

Ei heller var eg på nokon måte sikker på siger i dag. Som tidlegare nevt er dette ein kamp som lev sitt eget liv, uavhengig av tabellposisjon. Molde hadde sitt å revansjere, vi hadde (i følge media) vårt å bevise.

Nei, kvifor i allverda skal eg klage? Reint bortsettfrå at det som nevnt er drit å tape. Men kor mange gonger har vi tapt i år? To. 10 kampar og to tap. 20 poeng, 3. plass på tabellen. Alvorleg talt, eg er då ikkje Alex Ferguson heller.

Du trur meg sikkert ikkje. Du trur sikkert at eg er pøttsur, og bere later som eg tek dette med fattning. Du om det. Skuffa er eg, det skal eg ikkje legge skjul på. Men klage har eg ikkje tenkt å gjere.

Då vil eg heller vere uroa over midtforsvaret mot Odd, med Daniel ute. Får håpe Jonathan er restituert og klar for å stogge Peter Kovacs. Så får vi heller unngå at nokon ligg nede, så Odd ikkje får scora mål. Ein Herrera tilbake på bana hadde heller ikkje skada, sjølv om eg helst ser at han får kome seg heilt til att slik at vi kan bruke han meir enn ein gong i månaden.

Det er nok av kampar att å ta av. Nok av poeng å sloss om.

Og tabellen er framleis eit særs vakkert syn!


tirsdag 4. mai 2010

9. runde - Good things come in small packages

Alle veker burde starte sånn...

AaFK - Start 2-0

Og gå rett frå ein megastressa deadline-mandag til ein 2-0 siger og gjeninntatt tabelltopp er absolutt å anbefale.

Kor byrjer eg? På ein dag der alle fortener skryt og klapp på skuldra og eigentleg ein kjempediger klem oppå toppen, verker det litt dårleg gjort å trekkje fram enkeltspelarar.
Som Fredrik Carlsen, som berre blir betre og betre og betre. Eller Pablo Herrerra, som parkerte Start i går. Og då han måtte ut til pause, kom Alexander Mathisen inn og gjorde nesten like god figur. Amund regjerte, Parr brillierte. Enar er 99% tilbake der han var, Ville no like solid i midtforsvaret som på kanten. Daniel, som alltid, bunnsolid. Tor Hogne eit konstant (dog godt påpassa) uromoment, Magnus alltid på løp.

Og når Khari Stephenson kom inn så
sprang han faktisk!

Dette var... dette var bra! Eg jubla så eg vakna med strekt muskel bak eine låret (trur det skjedde då Alex scora), og stemma mi var heilt kaputt i går.

Det let seg igrunn best illustrere med skjermdumpen av spelerpoenga mine:


Når vi er gode så er vi VERKLEG gode!

Men...

... torsdag venter Molde. Topp mot bunn, men ironisk nok i "feil" rekkefølge.

Eg har ikkje teke lett på ein einaste kamp i år, og eg har i alle fall ikkje tenkt å ta lett på Molde. Skadeskutte, og laber start på sesongen til trass; dette er eit oppgjer som lever sitt eige liv, uavhengiga av kvar laga ligg på tabellen, og kven av dei som ligg øverst og nederst.

Men det fine er at skulle vi tape mot Molde, og/eller neste mostander Odd, så er det ikkje krise. 9 serierunder og 20 poeng.

Ikkje rart sjølv Rekdal smiler...

tirsdag 27. april 2010

Lynerindring*

Eg får litt flashback av heile denne Diego Silva-greia. Og ei snikande kjensle at her er det agenten, og ikkje Diego sjølv, som er hovuddrivkrafta.

No skal det seiast at eg er einig med Sindre Halkjelsvik (i alle fall til om lag midvegs i innlegget); Silva, slik han har fungert for Aalesund, har ikkje fungert. Han er spiss, jobben hass er utelukkande å score mål. Og han har aldri heilt innfridd. Korvidt han har blitt brukt på rett plass, fått tillitt og så bortetter, skal ikkje eg legge meg opp i.

Men at han ikkje har gjort seg fortent til nokon "hinsides" lønnsauke, det ser dei fleste. Og ja; eg veit han scora på søndag. Men det var også stort sett alt han gjorde i den kampen.

Men som sagt, eg har ei snikande kjensle av at dette er agenten og ikkje Diego. Litt som då Roy Carroll forsvann frå Manchester United. Då var det både italienske klubbar og betre tilbod inne i biletet. Til slutt enda han opp i West Ham...

Diego virker som ein herleg kar, og frå ein personleg ståstad kan han godt bli her. Han trivast, han liker klubben. Men no er han ein gong her for å spele fotball. Og det kan han kanskje gjere betre ein anna plass...

Og så får moralen i historia vere; Hadde det ikkje vore for at Roy Carroll enda opp i OB til slutt, hadde nok aldri Anders Lindegaard kome attende til oss. One good thing may lead to another...

*courtsey of @hvarfredriksen :)

søndag 25. april 2010

8. runde - Back on top

og ikkje heilt ufortent...

Sandefjord - AaFK 0-1
Eg skal slutte å vere overraska no, og slutte med "ka E DE so skje me favorittlage mitt?!"-uttalelsar. Utan at det på nokon måte tyder at eg har blitt høg på pæra og trur at det er slik det skal vere. Men etter 8 runder, og 17 poeng, må det berre konstanterast;

Vi er ikkje eit blaff.

Vi kjem ikkje til å vinne. Vi blir ikkje topp tre. Vi er framleis laget som vart nummer 13 i fjor, det er litt tidleg å kalle seg topplag enda. Men vi er ikkje eit blaff.

Vi slo LSK 3-0. Same LSK som i dag haldt Rosenborg til uavgjort på Lerkedal. Vi har spelt uavgjort mot nevnte RBK, og mot Stabæk. Vi grusa Viking på CLS. Og i dag slo vi heimesterke Sandefjord på komplett.no arena (kven sa at Color Line Stadion var eit idiotisk navn?).

Så kva er skilanden? Kva har skjedd med AaFK?

For det første vinn vi på dårlege dager. AaFK for eit par år sidan hadde reist frå Sandefjord i dag med i beste fall uavgjort, men mest truleg tap. Om det berre er Kjetil "hater-å-tape" Rekdal som skal ha æra for dette veit eg ikkje. Men nokon har fått ein vinner-mentalitet inn i AaFK. Som tidlegare nevt var det nesten godt å sjå Ville Jalasto sende ein ball halvvegs til stratosfæren i rein frustrasjon etter 2-2 mot Stabæk. AaFK for nokre år sidan hadde vore nøgd med å karre til seg eit poeng mot eit slikt lag.

For det andre sett vi sjansane våre. Ikkje alle, så klart, men klart fleire. Der AaFK før var Ole Alexander File-bom-bom-bom-bom har vi no blitt mykje betre på å faktisk treffe mål. I dag stod ein god Espen Bugge Pettersen i vegen for 2, kanskje 3-0-siger.

Eg kunne sagt at vi har forsterka laget. Men vi har faktisk ikkje gjort det så mykje. Når det gjeld spelarar inn det siste året, som har gjort ein markant skiland i start-ellveren, kjem eg berre på Ville Jalasto og Anders Lindegaard. Herrera, Phillips og Carlsen kjem hakk i hæl, men har av ulike grunnar (t.d skader) ikkje fått utmerka seg like jamt. Eg skulle ønske eg kunne legge til Magnus Sylling Olsen, men frå min ståstad har han ikkje innfridd enda.

Ellers er det stort sett det same laget i år som i fjor. Og i 2008. Skiri, Aarøy, Arneng, Jääger tilbake, Parr, Orry Larsen, Fredriksen, Mathisen, Tollås. Stallen er meir eller mindre den same.

Men det har skjedd noko med spelarane. Dei orker meir, dei vil meir. Som Ivar Hoff sa for nokre år sidan; hadde fotballkamper vart i 75 minutter så hadde Aalesund blitt seriemester.

Den tida er forbi.

Og eg liker det eg ser. Eg banner og kjefter rett nok medan det står på. Men eg liker det eg ser. Etter 1-0 scoringa i dag tok eg meg nesten i å slappe av litt. For eit år sidan hadde eg sagt at det farligaste i verda er å leie 1-0.

Eg har ikkje tenkt å ta av no heller. Eg veit at eit velplassert Tromsø-spark i mageregionen til Molde i morgon dytter oss ned att på andreplass. Men der ligg heile moroa;

DYTTER OSS NED ATT PÅ ANDREPLASS!


Det har gått 8 serierunder, Aalesund ligg på 1. plass i Tippeligaen, har scora 15 (!!) mål og sluppe inn 7. I fjor blei vi nummer 13.

Bakkekontakten får eg fort nok att. Inntil det skal dette nytast så lenge det varer.

Er du klar over kor himla gøy det er å vere AaFK-supporter for tida??

tirsdag 20. april 2010

Runde 7 – RBK bit frå seg (bokstaveleg talt)

... åså sure vi vart

Om nokon hadde sagt til meg i fjor at vi skulle spele toppkamp mot Rosenborg i 7. runde, hadde eg ledd godt av dei. Men ja;

AaFK – RBK 1-1

Toppkamp vart det. Nummer en mot nummer to. Ikkje topp mot bunn denne gongen, topp mot topp. Eit poeng mellom laga før kampen. Det er slutt på å reise til Ålesund for å hente poeng.

Det er vel ikkje å overdrive å seie at vi knallopna. Åtte minutt, og Fredrik Carlsen smell inn 1-0! Rundens mål, sånn reint objektivt sett. Deretter spelte vi Rosenborg av bana i store deler av omgangen. RBK kom litt mot slutten, men vi gjekk til pause med 1-0. Stolte, oransje og blå.

Men å slå RBK er ikkje så lett. Rade Prica var fly forbanna allereie midtvegs i fyrste omgang. Og som kjent er det ikkje eit spørsmål om nemnte Prica scorar, men eit tidsspørsmål. Difor var ingen overraska då han laga 1-1 målet. Men det sluttar aldri å overraske meg kor fantastisk usympatisk den mannen er. Dette er andre gong han har scora mot Stormen, og andre gong han har feira med å gestikulere hånleg opp mot oss. Sist tok eg meg i å vise fingeren til han (fyrste og einaste gong eg har gjort dette på kamp). I går klarte eg å halde meg ganske rolig, men det er få i norsk eliteserie som får meg like forbanna som Rade Prica. Eg unner han det eigentleg ikkje, men sånn er det berre.

Andre omgang var eigentleg særs oppløftande, trass mål imot. På slutten heva vi oss igjen, og kunne fort avgjort kampen. Men i det fulle og heile; 1-1 mot Rosenborg er meir enn godkjent.

Eg prøver å vere litt sakleg, å ikkje klage på dommarar og motspelarar. For gudane veit at dei er ikkje akkurat englar gutane våre heller. Fredrik Carlsen skal vere glad han fekk avslutte kampen i går. Samstundes var han kanskje bestemann, og kjempa seg igjennom 90 minutt. Det er litt skrekkblanda fryd å sjå Fredrik gå inn i duellar; han ser heilt forrykt ut, men samstundes må du berre elske iveren og vilja til å vinne.
Målet var heller ikkje vondt å sjå...

Men, saklig til trass, litt må eg seie. Eg har lenge hatt ein slags... innebygd fordom mot RBK. Dei er best, så suverent best at vi tek oss i å nesten barnsleg vere mot dei på trass. Men i går fekk eg det endelege beviset på at eg kan mislike Rosenborg si haldning med godt samvit.
Makan til dårlege taparar! Og dei tapte ikkje ein gong! AaFK er kanskje AaFK, men vi ligg på andreplass og tabellen lyg ikkje. Eg veit ikkje kva motstand RBK trudde dei traff i går, men det var tydeleg midtvegs i fyrste omgang at dei var sure og frustrerte allereie. Dette har eg opplevd før, den einaste gongen AaFK har slått RBK på CLS; det var 1-1 15 minutt ut i fyrste omgang, etter m.a. sjølvmål av RBK, og Christer Basma og Vidar Riseth sto to meter frå kvarandre og kjefta så fråden rann.

Det hjalp vel ikkje på humøret til RBK at vi i går hadde gleda av ein dommar som faktisk dømte nokolunde upartisk. At store lag som Brann, RBK, Man United, Chelsea og så bortetter har ein dommar-fordel er opplest og vedtatt.
I går hadde ikkje RBK det. Dei heiv ut med armane, kjefta, dytta, beit. Eg talde 5-6 RBK-handsar som dommeren lot passere, men då Arnefjord handsa i andre omgang var samtlige svarte og kvite klar til å lynsje dommaren som ikkje bles. Rade Prica sat nede med skade i fyrste omgang, og nærast slo etter dommaren då han var borte for å høyre korleis det gjekk.

Alvorlig talt, Rosenborg. Dykk har hatt dommerfordelar og nytt einevelde i Noreg så lenge eg kan hugse (med unntak av eit par sesongar). Dykk har vore det beste laget i Noreg i mange år, teke seriemeisterskap etter seriemeisterskap. Dykk vinn sjølv på elendige dagar, dykk har alltid ein speler på benken som kan avgjere kampen. Dykk har pengar nok i banken til å redde eit underskot, handlekraft og eit rykte i Europa. Dykk har så mange pokalar at det snart er på tide med eit eige hus til dei.

Det einaste dykk mangler, er audmjukheit.

Eg har ingen problem med å tape for eit betre lag. Det året Stabæk vann serien, pulveriserte dei oss på CLS og det var heilt greit. Dei var berre så mykje betre.
Det eg har problem med er lag som kjem seilande som førehandsbestemte verdsmeistarar, for så å bli drita sure når ting ikkje går vegen.

Aalesund er eit lag å rekne med i år. Vi ligg faktisk pr. dags dato rett bak dykk og puster dykk i nakken. Kanskje, om dykk ikkje såg lett på all motstand som ikkje har Champions League-pokalar, kanskje dykk då slapp å rømme rett i spelerbussen etter kamp. Kanskje dykk slapp å bite motespelarar, eller gestikulerer til heimefansen.

Og kanskje folk likte dykk ein smule betre...


onsdag 14. april 2010

6. runde - Inevitably

... nokre ord har vi berre ikkje på norsk...

Haugesund - AaFK 2-1

No trur du sikkert at eg er sur. At det går på innventaret laus. At eg gjer som dei i den reklama, og pælmer drakta i søpla.

At eg skal kjefte på dommaren. På grasmatta. På linjemannen. På feildømte offsidar og billige frispark.


Du har sikkert ana at du tek feil.

Eg er skuffa. Klart er eg skuffa, laget mitt har tapt sin fyrste kamp i år. Men, det tok faktisk fem runder før det tapet kom. Så eg har ingenting å klage på. Ei heller trudde eg Haugesund blei lett match. Eg såg dei mot Brann i sesongstarten, og dei var slett ikkje å kimse av.

Du vender ikkje laget ditt ryggen etter ein dårleg kamp. Du vender ikkje laget ditt ryggen etter to dårlege kampar heller. Du blir kanskje skuffa, du blir sinna, du blir oppgitt. Du veit at dei kan så mykje betre, du vil så gjerne at dei skal gjere det betre. Og i kampens hete seier du ting du i etterkant ikkje meinte. Slik er vi alle. Men du vender ikkje laget ditt ryggen.

Du vender ALDRI laget ditt ryggen.

Du pip ikkje på eigne spelarar. Du går ikkje før kampen er slutt. Og du klagar ikkje når laget som blei nr. 13 i fjor speler dei 5 fyrste kampane utan å tape. Då syng du heller "Aal'sun til vi DØR!" og meiner det.

Det var ikkje Terje Hauge si skuld at vi tapte. Det var ikkje grasmatta si skuld heller. Ingen feildømte offsidar, ingen billige frispark. Vi har berre oss sjølve å takke. I dag var vi rett og slett ikkje gode nok.

Haugesund hadde iver, giv, pågongsmot. Vi knota, rota og snubla oss igjennom heile kampen. At vi berre tapte 2-1 skal vi takke Lindegaard og dårleg innstillte Haugesund-skuddføter for.

For i dag var vi dårlege. Så enkelt er det.

I skrivande stund leier RBK mot Brann, og Aalesund er dermed tabelltoar. Og det er greit. Som tidlegare nevt Ivar Hoff-sitat seier; En fotballtabell er det ærligste som finnes.

Eg gruar meg til FotballExtra. Ikkje fordi eg ikkje toler dette tapet, men fordi eg veit at dette er det media har venta på. Forkjølelsen AaFK har gått over, no kan vi endeleg snakke drit om dei igjen. Kunstgras-laget som ikkje takler naturgras. Serieleiaren som ikkje toler presset. Toppscoraren som ikkje innfrir når han blir hausa opp.

Vi speler ikkje fotball for Davey Watne og Carsten Skjelbreid. Vi speler ikkje fotball for VG, eller Dagbladet eller kven det no skulle vere. Vi legg ikkje ambisjonane våre etter avisoverskriftene.

Vi speler for poeng. For videre Tippeligaspel. For å ta eit steg oppover. Og trass tap mot nyopprykka Haugesund i dag, har vi teke eit gigasteg allereie i år. Dessutan er det ingen løyndom at nyopprykka lag ofte er vanskelege å slå. Har du først karra deg opp i øvste divisjon så held du deg fast som best du kan. Kven hugser vel ikkje då seriemester Brann berre skulle til Ålesund og plukke heim dei siste tre poenga for nokre år sidan?

Så om du hadde håpa å treff ein drita sur AaFK-supporter med dårlege unnskyldningar og usaklege kommentarar, må eg berre beklage. Her i distriktet er vi van med å tape.

Mandag venter RBK heime på CLS. Speler vi som i dag, går det til helvette. Speler vi som på søndag, kan det bli rett gøy...

mandag 12. april 2010

5. runde - Eg trur ikkje mine eigne, uskuldige gråblå

Aldri i mitt liv hadde eg trudd!

AaFK - Viking 3-1
Aalesund har aldri slått Viking. 10 oppgjer, ingen sigarar. Aldri slått Viking!

Før i dag.

Det snakkast mykje om spøkjelser i fotball; nedrykkspøkjelse er populært frå midten av sesongen, og samtlege lag har sine heilt personlege spøkjelse som lager trøbbel ein eller to gonger i løpet av ein sesong.

Aalesund hadde ein del. Men det var før Kjetil Rekdal tok over. Før kampen i dag vart det nevnt at Viking var eit av dei siste spøkjelsa. I fjor sprengte vi dei eit etter eit.

Eg var nervøs. Særs nervøs. Eg elsker Aalesund, eg elsker gutane og eg elsker at vi ligg på topp. Men eg veit at det ikkje er på permanent basis. Likevel liker eg ikkje tanken på at dagen kjem då vi ramler ned. Om det så er berre ein plass. Og med bunnsolide Tromsø i ryggen, og ein mostander vi aldri hadde slått på andre sida av bana var eg mildt sagt skeptisk. Sanninga er at eg var litt kvalm...

Og det viste seg å vere heilt utan grunn. Kvar kamp i år har eg tenkt "vinn vi med SÅ dårleg spel, korleis blir det då når vi speler GODT?" I dag fekk eg svaret mitt. Det blir 3-0 til pause, og total bulldoserfotball. Viking blei spelt av bana, det var så gøy at eg gliste frå 1-0 til dommeren blåste.

Viking-spelarane hadde det nok ikkje like gøy, og kom 5 minutt for tidleg ut frå garderoba klar til å ta revansje. Og det klarte dei til ein viss grad. Tollås kunne nok hatt betre kontroll på Ingelsten. Men etter det gjekk det stort sett greit. Vi rydda unna, hadde kontroll. Som eg sa til pappa på veg heim; Aalesund for 2 år sidan hadde glatt sluppe inn tre, kanskje fire mål i ein slik andreomgang.

Ein kan ikkje anna enn å vere nøgd. Aarøy er toppscorar, Pablo spelte så godt i dag at det nærast er skandale om han ikkje starter neste kamp. Ville tilbake på plassen "sin", og hokus pokus så var eine kanten til Viking nærast nøytralisert. Anders, som alltid, trygg som banken i mål. Fredrik kjempa som ein tiger på midtbana, og for ein gongs skuld utan å få gult kort.

Onsdag venter Haugesund borte. På naturgras, som visstnok likner meir ein potetåker enn ei fotballbane. Og eit lag som kjemper med nebb, klør og kva anna dei måtte finne for å halde på Tippeligaplassen. Det er lenge sidan eg konstanterte at det ikkje finns lette kampar i fotball.

Men likevel; det blir ikkje lett...

Opp med begge hendene den som er toppscorer i Tippeligaen!

mandag 5. april 2010

4. runde - Dazed&confused*

... fy dæven...

KIL - AaFK 1-2
Berre... fy dæven...

Desse post-game-postane byrjar å likne mistenkjeleg på kvarandre, men ja. Hva ska'n si? Det er jo ikkje til å stikke under ein stol at vi ikkje spelte videre bra i dag heller. Folk ler av Kjetil Rekdal som aldri blir nøgd, men eg vil heller ha "knote oss videre"-Rekdal enn "bra-dom-första-fem-minuten"-Åkeby.

Men bevares, tre poeng. Enda ein middels dårleg dag, og tre nye poeng. 6 poeng på to vanskelege bortekampar, 10 poeng etter fire runder. Og vi leier søren meg framleis heile driten! *forvirra*

Litt kritisk må eg få lov til å vere, trass alt. Deilig som det var å sjå Enar springe på bana att frå start, så er han vel ikkje heilt tilbake der han var. At eg meiner det er feil at han skal gå rett inn att på den plassen etter å ha vore borte eit år, når han som speler der til vanlig har vore bunnsolid (med eit par unntak) sidan Jääger reiste, for vere ein annan sak.

Eg meiner framleis at Parr er litt for stressa til å spele i forsvar. Roe seg ned, gut. Du treng ikkje pælme ballen i hytt å gæver med ein gong du får den. Have a little faith :)

Eg treng vel ikkje ein gong å seie at Glen burde sett den målsjansen. Og sidan når bommer Tor Hogne med hovudet?? Fire mål i år, og alle fire med beina... *forvirra*

Men, det som er bra er framleis bra. Dødballar og knoting til tross, vi held bra unna. Før eller seinere måtte vi byrje å sleppe inn mål. Og tre baklengsmål hittil i år kan eg fint leve med.

Vi har spelt fire runder. Vi har møtt to gode lag på heimebane, og to vanskelege lag på bortebane. Vi har scora ni mål, og sluppe inn tre. Vi leier Tippeligaen. Tor Hogne er toppscorar (saman med Christer Kleiven). Eg veit at det ikkje kan vare, men dog... eg har hatt nok nedturar som AaFK-supporter, eg akter å nyte denne oppturen.

Det er lenge til november, men ein kan ikkje fri seg heilt for tanken; kvar skal dette ende...


* Nokon som hugser kven som gav ut den plata? Kall det ein sein påskequiz ;)

E du tul'n, så he du de i haude

Det er kamp om meir eller mindre fire timar. Eg er heime hjå mamma og pappa, har hatt "påskeferie" her (sjølv om eg bor 10 minutt unna). Eg skal så klart heim i kveld, etter Tippeliga-runda.

Meeeeeeeeen.

Eg kom nettopp på at eg eigentleg hadde tenkt å dra heim laurdag. For så å kome att i dag. Noko eg altså ikkje gjorde.

Resultatet; drakta mi, den trufaste, (litt for) tettsittande, oransje og blå AaFK-drakta mi som har vore med på både cupfinalar, treningskampar og seriestarten i år, ligg heime. Altså, hjå-meg-heime. I leiligheta.

Det blir ikkje kamp utan drakt. Eg vurderte om kanskje cupfinale-genseren kunne gjere nytta for seg. Den er jo oransje og blå den og, det står AaFK på den.

Men nei. Den er ikkje drakta mi. Og det er drakta mi eg har på når eg ser kamp. Kva om gutane mine taper i dag, berre fordi eg ikkje gadd å stikke heim å hente den? Kva om vi taper tabelltoppen i dag, berre fordi eg er så lat at eg ikkje gidd ein 10-minutters biltur? Kva om alt snur i dag, og det er berre mi skyld?

Då kjem eg aldri til å tilgi meg sjølv.

Så, når kaffikoppen er tom (og det er den snart) sett eg meg i bilen. For å hente ei fotballdrakt.

Kven det no var som sa "E du tul'n, så he du de i haude"... du hadde rett.

søndag 28. mars 2010

3. runde - Litt meir tilbake til normalen

Utan at det akkurat er ein fordel

AaFK - Stabæk 2-2

Heilt isolert sett; superresultat. Stabæk er ikkje akkurat eit lag ein berre plukker poeng mot. Og igjen slår det meg at vi gir bort dødball etter dødball ad nauseum ad infinitum. Og som vi fekk beviset på i dag; held vi på sånn kan sjølv ikkje Anders Lindegaard redde oss i lengda.

I dag var det mykje stang ut. I dag kjende eg att favorittlaget mitt litt, om enn på ein negativ måte.

MEN

Eg akter framleis å nyte det som er bra. Som overnevnte Lindegaard. Sjølv om han samanliknar det å sleppe inn to mål med å ha kraftig impotens. Har lyst til å kome med ein kommentar om at akkurat det kan eg sikkert bistå med, men skal halde meg for god til slikt usakeleg fjaseri.

Eller at Magnus Sylling Olsen opna målkontoen i Tippeligaen. Og det angrepet åleine er nok til å smile av, genial prestasjon! Tor Hogne har blitt noko så uventa som god med beina. Fredrik Carlsen kan eg ikkje anna enn like, sjølv om han er eit vandrande friskpark waiting to happen.

At målet skulle kome akkurat på overtid var nok det suraste med heile greia. Men, vi ligg framleis på topp. Vi ligg der rett nok kun på målforskjell, men likavel. Og dei ansikta som gjekk i garderoba etter kampen i dag var faktisk litt gode å sjå. Misforstå meg rett, eg unner ingen å sjå så nedfor ut som mellom anna Ville og Anders gjorde i dag. Men eg er glad for at dei ikkje tok lett på poengtap.

Og om alle er like forbanna som Tor Hogne var i etterkamp-intervjuet, då skal det ikkje bli lett å vere Kongsvinger 2. påskedag...


mandag 22. mars 2010

2. runde - galskapen held fram

Eg skjøner ingenting... ingenting...

Hønefoss - AaFK 0 - 2

Eg såg kampen, eg såg måla, eg veit at det skjedde men eg skjøner ikkje korleis... Kva har skjedd med favorittlaget mitt??

Ikkje at eg klager, nei nei nei nei. Overhodet ikkje. Etter x antall sesongar med "1 mål pr. 5.000 sjanse", er eg overlukkeleg over at vi ser ut til å ha blitt *gisp* effektive. Middels god kamp mot LSK sist helg, og tre mål. Elendig dårleg kamp mot Hønefoss i går, og to mål.

For la oss vere ærlege; det var ikkje bra i går. Stressa, upresist, oppjaga, passningane sat skjeldan, vi mista ballen heile tida. Og vi gir bort ALT for mange dødballar. No skal det heldigvis seiast at på desse dødballane har det og skjedd noko; vi har fått ein heilt annan kontroll enn før. Før gjekk dei ofte i mål, utan at nokon heilt forstod kva som hadde skjedd. No klarerer vi dei, meir eller mindre kontrollert.

Vi slapp til Angan alt for mange gonger i går... men vi stoppa han i siste liten kvar gong.


Men det var trass alt ikkje heiltsvart. Vi vann på ein dårleg dag, det er kanskje det viktigaste av alt. Det er ikkje lenge sidan vi hadde reist frå ein slik kamp med 2-2, eller enda verre 3-2. Sjølv om vi slapp dei til alt for mykje, haldt vi nullen.
Pablo klarte seg godt som erstattar for Ville. Sjølv om eg framleis håper sistnevnte er speleklar til Stabæk-kampen. Han har trass alt for vane å score mot dei...
Og det var utrulig moro å sjå Enar springe inn på bana i oransje igjen.

To kampar. To sigerar. Null baklengs og tabelltopp. Slett ingen dårleg start. No har eg starten på -08-sesongen friskt i minne, så eg har ikkje tenkt å ta av. Men, inntil videre kjem eg til
å nyte dette.

Aal'sun på topp, Aal'sun på topp. Aal'sun, Aal'sun, Aal'sun på topp

mandag 15. mars 2010

1. runde

Eg tenkte eg skulle vente til i dag før eg blogga om seriestart i Tippeligaen. Få det litt på avstand, kanskje eg kunne vere litt meir sakeleg.

... kjenner no at det er særs lite truleg...


AaFK - LSK 3-0
Det kunne ikkje starta stort betre. Det starta hinsides alle tenkjelege forventningar. Rett nok har vi godt tak på LSK på Color Line, men dog. Er det ein ting du lærer tidleg som AaFK-supportar så er det kor lett håp kan gå i tusen knas. Så eg drog på kamp i går med ei noko blanda kjensle.

Eg skal vel ikkje lyge på oss at det var nokon god kamp. Vi gav bort alt for mange dødballar, på eit tidspunkt 4-5 cornarar på rad. Men fotball handler om å score flest mål, og akkurat der har vi eit ganske godt våpen. Altså, ikkje i angrep. I andre enden. Anders Lindegaard.

Eg tør ikkje tenkje på det, eigentleg. Kor lenge vi kan behalde ein keeper som Anders. Bunnsolid i mål, vinnervilje av adamantium, kjeften i orden og eit engasjement som berre må smitte over på dei fleste. Og når han kjem med slike herlege sitat som etter kampen i går... du må berre elske Anders Lindegaard. Som jager framover, i det 91. minutt, når vi ligg under med to mål. Anders Lindegaard er gull både på og utanfor bana.

Ikkje det. Heile forsvaret skal ha skryt. Arnefjord er kanskje den viktigaste spelaren vi har. Ville blir berre betre og betre for kvar kamp. Til og med Tollås hadde rista av seg mesteparten av feila sine i går. Det såg i det heile teke ganske solid ut. Med så mange "klabb og babb"-situasjonar, der vi tidlegare har sluppe inn alt for mange mål, fekk vi klarert eller redda alle i går.

Men tre mål. TRE mål. Både Aarøy og Silva. Og Arnefjord, som i fylje SMP hadde som mål å score på dødball i 2010. Mission accomplished :)

Nei, dette såg unekteleg bra ut, trass periodar med kløning. #optimist


mandag 8. mars 2010

Om dommarar, superfinalar og deffansive feil

Seriestart i går... eller, retter sagt sesongstart. Superfinale mot RBK, ein kamp som på papiret var endå meir opplagt enn cupfinalen mot Molde. Difor er det lite overraskande at det enda med 3-1 siger til RBK. Det er ikkje det at vi taper som plager meg.

Det er måten vi taper på.

Vi spelte slett ingen dårleg kamp. Anders stod som ei støtte i mål. Orry var brilliant på midtbana. Diego dribla av det som var av RBK-spelarar. Generellt sett var vi så gode at eg ikkje ein gong gidd å bruke energi på å irritere meg over at vi vart snytt for ei soleklar straffe, eller at Orry fekk eit totalt feildømt gult kort for at Steffen Iversen snubla i sine eigne bein.

Alt i alt; vi er i rute. Problema ligg der dei alltid har vore;

1. Vi scorer for lite ut frå kor mange sjansar vi har

2. Dei måla vi slepp inn er stort sett billig drit

Det vil seg berre ikkje. Stang ut, to mm over, ein halv meter til sida. Frispark som suser akkurat utanfor mål, eller keeper som får ein halv peikefinger på ballen... Den vil alle andre plassar enn i mål.
Eg er klar over at vi brukte opp stang-inn-flaksen vår i cupfinalen, men dog.

Og når vi først slepp inn mål så er dei av den superbillige typen. Det hadde vore heilt greit om vi hadde tapt etter tre Prica-susarar a'la seriekampen på Lerkendal i fjor. Men dei to fyrste måla, å i alle fall det andre, var berre for billig. Slik kan ein ikkje drive på. Og det veit nok gutane og. Og eg rekner med at Rekdal har minna dei på det.

Men spelemessig er eg nøgd. Fullt på høgde med RBK i store deler av kampen, direkte brilliant til tider. Flotte angrep. I fleirtal. Det skortar berre på den siste lille biten framføre mål. Og ein må berre elske vinnervilja til Anders Lindegaard som, sjølv 3 minutt på overtid, jager laget framover enda vi ligg under med to mål og det er 1 minutt att av kampen.

Konklusjonen må bli at dersom vi har tenkt å spele slik i år... då kan det fort bli gøy å vere AaFK-supportar.

Om vi berr scorar på sjansane da...