mandag 24. mai 2010

13. runde - Tilbake på rett spor

Det er ikkje gøy å tape fotballkampar, uansett kor van du er med det. Så etter tre serietap på rad var det innmari godt med

AaFK - Godset 3-1

Det var så fantastisk innmari godt! Sjølv om eg ikkje på langt nær har kome dit at eg går rundt og forventer at vi skal plukke tre poeng i kvar kamp, byrja tre tap på rad å ta på. Og med overskrifter om at AaFK aldri hadde tapt for Godset på CLS vart eg ikkje mindre uroa.

Utan grunn, skulle det vise seg. For i dag var vi gode igjen. Rett nok ikkje heile tida, men nok til at vi kunne gå av bana med siger og tre poeng.

Jonathan tilbake i form og. Ikkje at han åleine skal ha æra for at det gjekk bra i dag, men gud bedre han hjelp på! Eg har kjefta min del på Jonathan Parr i forsvar, og det har eg ingen problem med å innrømme. Han har verka stressa, litt panikkslagen og til tider ufokusert. Men ikkje no lenger. No har han full kontroll. Og for nokre innlegg den guten serverer!
Jonathan, dette er ei offisiell orsaking. Eg skal ALDRI kjefte på deg igjen.

Ville har blitt ein bunnsolid midtstopper. Trygg, god, slepp aldri mannen sin og om han skulle gjere det ein skjeldan gong spring han opp att sin eigen feil. Og han kjefter aldri på dommaren. Det er kanskje ein noko sær ting å legge merke til, men Ville kjefter verkeleg aldri på dommeren. Det vil seie; han protesterte i dag. Men å kalle det kjefting blir å ta det litt langt. Lager han frispark, anten avgjerda er rett eller ei, rister han berre på hovudet og lusker seg på plass at for å gjere jobben sin. Slikt liker eg. Vis meg den dommeren som ombestemmer seg av å få kjeft.


Enar er tilbake der han var no. Sikker som banken. Berre han får finskrudd litt på siktet til innleggsfoten sin no, så har vi Parr på eine sida og Enar på andre sida. Kan berre bli suksess.

Johan hadde ein kjempekamp i dag. Og Alexander ...

Alexander Mathisen. Etter kvar einaste kamp i fjor dukka diskusjonen opp i bilen på veg heim; når skal Mathisen byrje å treffe mål?
No har han byrja. Og for nokre mål! Tempo, dribleferdigheter og no attpåtil scoringar. Rekdal, Hoff; tvilhald på denne mannen så lenge vi klarer!

Anders Lindegaard, entusiasten vår. Amund, veteranen vår. Khari, no også med iver. Trond Fredriksen, kun EN!

Og Tor Hogne. Eg må innrømme det, eg var ein smule uroa for om det kom fleire scoringar frå Tor Hogne i år. Ikkje det at eg ikkje har trua på to-meteren vår, men måltørken byrja å bli litt vel lang. Så da han stanga ballen i mål i andre omgang må eg innrømme at eg fyrst nølte nokre sekund for å vere sikker, før eg spratt opp med eit jubelbrøl. Vel unt, Tor Hogne. No sikter vi mot toppscorer-tittelen.

Nei, dette gjorde unekteleg godt. Tredjeplass på tabellen, enn så lenge. 23 deilige poeng. Snart sommerferie, og så avslappa trur eg aldri eg har tatt den. Sjølv om vi har Brann att. Før eller sidan må det snu for Brann. Det kan fort snu mot oss ...

Og til slutt, eit litt vemodig farvel. Sjølv om eg held på at det er greit at Diego reiser, var det likevel litt trist å ta farvel med han etter kampen i dag. Han vil jo heilt klart vere her, men eg aner at det er krefter utanfor Diego sine eigne ynskjer som verker inn her ...

Uansett; takk for alt, Diego, og lykke til videre!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar