søndag 28. mars 2010

3. runde - Litt meir tilbake til normalen

Utan at det akkurat er ein fordel

AaFK - Stabæk 2-2

Heilt isolert sett; superresultat. Stabæk er ikkje akkurat eit lag ein berre plukker poeng mot. Og igjen slår det meg at vi gir bort dødball etter dødball ad nauseum ad infinitum. Og som vi fekk beviset på i dag; held vi på sånn kan sjølv ikkje Anders Lindegaard redde oss i lengda.

I dag var det mykje stang ut. I dag kjende eg att favorittlaget mitt litt, om enn på ein negativ måte.

MEN

Eg akter framleis å nyte det som er bra. Som overnevnte Lindegaard. Sjølv om han samanliknar det å sleppe inn to mål med å ha kraftig impotens. Har lyst til å kome med ein kommentar om at akkurat det kan eg sikkert bistå med, men skal halde meg for god til slikt usakeleg fjaseri.

Eller at Magnus Sylling Olsen opna målkontoen i Tippeligaen. Og det angrepet åleine er nok til å smile av, genial prestasjon! Tor Hogne har blitt noko så uventa som god med beina. Fredrik Carlsen kan eg ikkje anna enn like, sjølv om han er eit vandrande friskpark waiting to happen.

At målet skulle kome akkurat på overtid var nok det suraste med heile greia. Men, vi ligg framleis på topp. Vi ligg der rett nok kun på målforskjell, men likavel. Og dei ansikta som gjekk i garderoba etter kampen i dag var faktisk litt gode å sjå. Misforstå meg rett, eg unner ingen å sjå så nedfor ut som mellom anna Ville og Anders gjorde i dag. Men eg er glad for at dei ikkje tok lett på poengtap.

Og om alle er like forbanna som Tor Hogne var i etterkamp-intervjuet, då skal det ikkje bli lett å vere Kongsvinger 2. påskedag...


mandag 22. mars 2010

2. runde - galskapen held fram

Eg skjøner ingenting... ingenting...

Hønefoss - AaFK 0 - 2

Eg såg kampen, eg såg måla, eg veit at det skjedde men eg skjøner ikkje korleis... Kva har skjedd med favorittlaget mitt??

Ikkje at eg klager, nei nei nei nei. Overhodet ikkje. Etter x antall sesongar med "1 mål pr. 5.000 sjanse", er eg overlukkeleg over at vi ser ut til å ha blitt *gisp* effektive. Middels god kamp mot LSK sist helg, og tre mål. Elendig dårleg kamp mot Hønefoss i går, og to mål.

For la oss vere ærlege; det var ikkje bra i går. Stressa, upresist, oppjaga, passningane sat skjeldan, vi mista ballen heile tida. Og vi gir bort ALT for mange dødballar. No skal det heldigvis seiast at på desse dødballane har det og skjedd noko; vi har fått ein heilt annan kontroll enn før. Før gjekk dei ofte i mål, utan at nokon heilt forstod kva som hadde skjedd. No klarerer vi dei, meir eller mindre kontrollert.

Vi slapp til Angan alt for mange gonger i går... men vi stoppa han i siste liten kvar gong.


Men det var trass alt ikkje heiltsvart. Vi vann på ein dårleg dag, det er kanskje det viktigaste av alt. Det er ikkje lenge sidan vi hadde reist frå ein slik kamp med 2-2, eller enda verre 3-2. Sjølv om vi slapp dei til alt for mykje, haldt vi nullen.
Pablo klarte seg godt som erstattar for Ville. Sjølv om eg framleis håper sistnevnte er speleklar til Stabæk-kampen. Han har trass alt for vane å score mot dei...
Og det var utrulig moro å sjå Enar springe inn på bana i oransje igjen.

To kampar. To sigerar. Null baklengs og tabelltopp. Slett ingen dårleg start. No har eg starten på -08-sesongen friskt i minne, så eg har ikkje tenkt å ta av. Men, inntil videre kjem eg til
å nyte dette.

Aal'sun på topp, Aal'sun på topp. Aal'sun, Aal'sun, Aal'sun på topp

mandag 15. mars 2010

1. runde

Eg tenkte eg skulle vente til i dag før eg blogga om seriestart i Tippeligaen. Få det litt på avstand, kanskje eg kunne vere litt meir sakeleg.

... kjenner no at det er særs lite truleg...


AaFK - LSK 3-0
Det kunne ikkje starta stort betre. Det starta hinsides alle tenkjelege forventningar. Rett nok har vi godt tak på LSK på Color Line, men dog. Er det ein ting du lærer tidleg som AaFK-supportar så er det kor lett håp kan gå i tusen knas. Så eg drog på kamp i går med ei noko blanda kjensle.

Eg skal vel ikkje lyge på oss at det var nokon god kamp. Vi gav bort alt for mange dødballar, på eit tidspunkt 4-5 cornarar på rad. Men fotball handler om å score flest mål, og akkurat der har vi eit ganske godt våpen. Altså, ikkje i angrep. I andre enden. Anders Lindegaard.

Eg tør ikkje tenkje på det, eigentleg. Kor lenge vi kan behalde ein keeper som Anders. Bunnsolid i mål, vinnervilje av adamantium, kjeften i orden og eit engasjement som berre må smitte over på dei fleste. Og når han kjem med slike herlege sitat som etter kampen i går... du må berre elske Anders Lindegaard. Som jager framover, i det 91. minutt, når vi ligg under med to mål. Anders Lindegaard er gull både på og utanfor bana.

Ikkje det. Heile forsvaret skal ha skryt. Arnefjord er kanskje den viktigaste spelaren vi har. Ville blir berre betre og betre for kvar kamp. Til og med Tollås hadde rista av seg mesteparten av feila sine i går. Det såg i det heile teke ganske solid ut. Med så mange "klabb og babb"-situasjonar, der vi tidlegare har sluppe inn alt for mange mål, fekk vi klarert eller redda alle i går.

Men tre mål. TRE mål. Både Aarøy og Silva. Og Arnefjord, som i fylje SMP hadde som mål å score på dødball i 2010. Mission accomplished :)

Nei, dette såg unekteleg bra ut, trass periodar med kløning. #optimist


mandag 8. mars 2010

Om dommarar, superfinalar og deffansive feil

Seriestart i går... eller, retter sagt sesongstart. Superfinale mot RBK, ein kamp som på papiret var endå meir opplagt enn cupfinalen mot Molde. Difor er det lite overraskande at det enda med 3-1 siger til RBK. Det er ikkje det at vi taper som plager meg.

Det er måten vi taper på.

Vi spelte slett ingen dårleg kamp. Anders stod som ei støtte i mål. Orry var brilliant på midtbana. Diego dribla av det som var av RBK-spelarar. Generellt sett var vi så gode at eg ikkje ein gong gidd å bruke energi på å irritere meg over at vi vart snytt for ei soleklar straffe, eller at Orry fekk eit totalt feildømt gult kort for at Steffen Iversen snubla i sine eigne bein.

Alt i alt; vi er i rute. Problema ligg der dei alltid har vore;

1. Vi scorer for lite ut frå kor mange sjansar vi har

2. Dei måla vi slepp inn er stort sett billig drit

Det vil seg berre ikkje. Stang ut, to mm over, ein halv meter til sida. Frispark som suser akkurat utanfor mål, eller keeper som får ein halv peikefinger på ballen... Den vil alle andre plassar enn i mål.
Eg er klar over at vi brukte opp stang-inn-flaksen vår i cupfinalen, men dog.

Og når vi først slepp inn mål så er dei av den superbillige typen. Det hadde vore heilt greit om vi hadde tapt etter tre Prica-susarar a'la seriekampen på Lerkendal i fjor. Men dei to fyrste måla, å i alle fall det andre, var berre for billig. Slik kan ein ikkje drive på. Og det veit nok gutane og. Og eg rekner med at Rekdal har minna dei på det.

Men spelemessig er eg nøgd. Fullt på høgde med RBK i store deler av kampen, direkte brilliant til tider. Flotte angrep. I fleirtal. Det skortar berre på den siste lille biten framføre mål. Og ein må berre elske vinnervilja til Anders Lindegaard som, sjølv 3 minutt på overtid, jager laget framover enda vi ligg under med to mål og det er 1 minutt att av kampen.

Konklusjonen må bli at dersom vi har tenkt å spele slik i år... då kan det fort bli gøy å vere AaFK-supportar.

Om vi berr scorar på sjansane da...