søndag 31. oktober 2010

29. runde - Hjerte som brenne, vi e så stolte

Det er rett nok ein kamp att i år. Men siste heimekampen kjennast alltid som sesongslutt for meg.

AaFK - Brann 3-1

Eg har ikkje vore AaFK-supporter så lenge. Samanlikna med dei som klora seg fast i blåbærlyngen på Kråmyra lenge før eg hadde lært å seie -r, er eg ganske ny i faget. Men alle som har forelska seg veit kor fort dette kan hende og kor hodestups du kan falle frå fyrste stund.

Eg forelska meg i Aalesund den 8. mai 2005. Motstander var Tromsø, CLS var nyopna, vi hadde vunne billettar og sat på hovudtribuna. Aalesund tapte 0-1, men det gjorde ingenting. Eg var sjarmert.

Eg har hatt mange opp- og nedturar, både små og store, på mine 5 1/2 år som AaFK-supporter. Nedrykk i 2005, opprykk i 2006, å berge plassen for fyrste gong i 2007, cupfinalen i 2009. Eg har banna, brølt, jubla, gråte ein skvett ... Og, utan å på nokon måte sidestille cupgullet i fjor, så må eg innrømme;
Denne sesongen er den beste eg har vore med på!

Eg har rett nok kjefta min del i år og. Vore langt nede, og minst like høgt oppe. Men, med ein kamp att i år er det berre ein ting å seie;

Eg er KJEMPESTOLT oransje&blå av dykk, gutar!

I år har vi verkeleg vist at vi kan! I år har vi kjempa for plassen vår, gått ut og bevist gong på gong kva vi er gode for. Og kor gode vi er når vi er gode. No kan ikkje lenger ein AaFK-siger omtegnast som 'eit blaff', eller skuldast på 'krise' i klubben vi har slått ... ikkje at media ikkje prøver, men det går ikkje. Vi ligg på fjerdeplass på tabellen, vi har 46 poeng og den einaste gongen nedrykksstrid har vore eit tema har vore når vi har snakka om andre lag.
Det er ei merkeleg kjensle, å stå utanfor dørene før siste serie-heimekampen for sesongen og ikkje undrast over korvidt vi må spele kvalikk-kamp i år. Vi kan dårligast bli nummer seks. Det er nesten ikkje til å tru.

Og vi har fortent det og. Vi har hatt heimekampar der det har vore eit lag på bana. Vi har grusa mostandarar. Vi har forsvart oss til eittmålssiger på bortebane. Vi har 46 poeng og vi har fortent kvart steike eit av dei!

Kampen i dag sette krona på verket for meg. Etter Sandefjord-kampen, som vi burde ha vunne, såg mange heilt klart sjansen for at dei tre siste kampane fort kunne ende i tap. Det låg rett nok eit møte med Brann inni der, og vi har hatt godt tak på dei på CLS. Men ballen er rund og alt det der, og er det ein ting du kan vere sikker på når det gjeld Aalesund så er det at du ikkje kan vere sikker på noko.

Og likevel var eg litt ... avslappa i dag. Ikkje med vilje, det kom liksom berre sigande. Og etter 2 minutt byrja morroa. 43 minutt, ei utvising og to straffer seinere og dette såg veldig lovande ut til pause. Og kva gjer vi i andre omgang? Ein kjempejobb! Rydder unna det som er, angrep på angrep på angrep, flotte passningar, fantastiske løp. Det er ikkje utan grunn at ingen fekk lavere poeng enn 7 på min (noget subjektive) spelerbørs.

Dette var rett og slett fantastisk!

Eg må dessutan kome med ei lita, slags formell orsaking til Svein Oddvar Moen;
Eg har sagt mykje stygt om dine eigenskaper som fotballdommer opp igjennom åra. Og med god grunn, for så vidt. Og eg var på nippet til å avskrive deg i dag og. Men det skal du ha; den straffa rett før pause gjorde SÅ godt!
Folk har hengt som Bergans-sekkar på Tor Hogn Aarøy så lenge eg kan hugse, og det er nesten aldri nokon som tør blåse på det. Eg trudde du hadde tenkt å feige ut og. Difor kjendes straffa rett før pause ekstra rettferdig. Og Brann-spelarane hadde fått nok advarslar.
Du overraska meg positivt, Moen. Fortsett slik!

Alexander Mathisen ... du snakker meg om å krone avskjeden sin! Eg har på ein måte forsona meg med at han reiser, og han er kanskje ikkje den speleren eg kjem til å sakne mest. Men at han har vore viktig for oss er det ikkje tvil om, og eg håper han får ei framleis lysande karriere.
Lykke til, Alex!

Og så var det Anders Lindegaard. Igjen. "Den dagen jeg drar herfra blir det med blødende hjerte" sa han tidlegare i veka. Det blir ikkje berre ditt hjarte, Anders.
Det blir eit stort, gapande, Lindegaard-forma hol i fotballhjarta våre den dagen han reiser. Og ikkje berre fordi han er ein keeper av dimensjonar, men fordi han er ein person vi alle kjem til å sakne. Kven skal stå etter kampane neste år og snakke om orgasmer og impotens? Kven skal kome med gullkorn i media? Kven skal rive seg i håret nesten meir enn vi gjer? Kven i allverda skal erstatte Anders Lindegaard?

Joda, eg veit. Han er berre ein fotballspeler. Men han har vore så viktig for AaFK, på så mange måter. Og ein så tvers igjennom herleg fyr.
Anders, nyt proff-karriera di! Berre ikkje gløym kvar du skal kome å avslutte den.

Neste helg venter den aller, aller siste kampen i år. Mot Rosenborg, på Lerkendal. Og om vi taper denne så ja ... då blir vi dårligast nummer 6 i år. Og om vi, mot alle odds, vinn ... då avslutter Aalesund sesongen 2010 som Noreg sitt fjerde beste lag.

... kjenn litt på den ...

fredag 29. oktober 2010

28. runde - Du veit ein siger kjem uventa ...

... når du gløymer å bloggen om den på ei veke

Viking - AaFK 1-3

Dei aller, aller beste tre-poengerane er dei du aldri trudde du fekk. Som VIF tidlegare i år. Det er så deilig å sitje der å sjå at, mot alle odds, så VINN faktisk laget ditt kampen!

Vi ha allereie teke tre poeng meir enn eg trudde vi kom til å gjere på dei tre siste kampane. Eg har skjeldan vore så stolt oransje og blå.

søndag 17. oktober 2010

27. rude - Nestenuhell

Er det ein ting ein aldri skal gjere i fotball, så er det å ta lett på mostanderen

AafK - Sandefjord 2-2

Ei heller sleppe seg nedpå når ein leier. Og når mostanderen utliknar, og vi svarer kort tid etterpå, då er det direkte FORBUDT å kaste vekk ei leiing til.

Dette var surt. Rett og slett surt. Og ikkje på grunn av motstanden, men på grunn av måten det hende på. At Sandefjord fort kunne kome hit og setje ein støkk i oss, det var eg ganske klar for. Og eg lukta det, seint i fyrste omgang. Det var noko som mangla, noko som ikkje stemte.

Men, tabellen er framleis fin. Og ein ting er i alle fall sikkert; vi rykkjer ikkje ned i år.

Og berre å kunne konstanterer det allereie no, tre runder før slutt, er nesten nok til å gløyme heile kampen i dag.

Viking neste helg. Så siste heimekampen mot Brann. Så Rosenborg på Lerkendal ... Rosenborg må jo tape ein gong dei og ...

søndag 3. oktober 2010

26. serierunde - Og så var det desse bortekampane da

Kjære NFF; neste år vil vi berre spele heimekampar

Stabæk - AaFK 2-1

Ein ting er blir berre meir og meir klokkeklar; Tor Hogne Aarøy må klonast.

AaFK med og AaFK utan Tor Hogne Aarøy er som dag og natt. Rett nok scorer han kanskje ikkje så ofte som ein spiss bør, men med Aarøy på bana er vi eit heilt anna lag. Og det uroar meg.

Tor Hogne Aarøy er snart 34 år. Før eller seinere, og det er nærare før enn seinere, må han legge opp. Og då blir det eit to meter høgt, gapande hol i angrepet til AaFK som eg pr. dags dato ikkje ser kven vi skal putte inn i.

All ære til Alexander Mathisen, og alle fine måla hans i det siste. Men han reiser i vinter, og då er vi like langt. Sylling Olsen vil og vil, men får det framleis ikkje til. Og vi har så klart Didrik Fløtre i kulissane, men det er langt opp og fram før han kan vere spydspiss på eit Tippeliga-lag.

Kvifor får ikkje vi tak i ein Alanzinho? Eller ein Prica? Eller ein Moa? Kvifor ender vi opp med brasilianarar som anten ikkje virker, eller ikkje kjem att? Eller amerikanske landslagsspelarar som ikkje hadde spelt seg inn på Tufte ein gong? Og når vi får inn folk som virker, som Jeffrey Aubynn, kvifor kan vi ikkje da bla opp og behalde dei?

Ei veke pause er kanskje ingen dum idè akkurat no. For neste kamp vil eg ha Aarøy, Skiri og Fredriksen utkvilte og tilbake fra start.

Når alt dette er sagt så har dette vore ein fantastisk sesong. Og vi ligg framleis på 4. plass. Denne kjensla av å berre vere sur fordi vi taper, ikkje fordi vi taper viktige poeng og ligg enda dårlegare ann i bunnstriden, er nesten litt herleg, trass alt.

Den gjer ikkje kampen i dag mindre sur, gjer ikkje tapet mindre forsmederleg. Men det gjer litt godt, sånn på lang sikt.