mandag 9. april 2012

Sivil status: AaFK-supporter

Eg har lenge rekna meg sjølv som singel. Men no har eg innsett at eg eigentleg ikkje er det. Eg er så absolutt i eit forhold. Og ikkje berre med ein mann, men med ein heil fotballklubb. Neste gong noko spør skal eg seie det som sant er;

Sivil status? AaFK-supporter.

For å vere fotballsupporter er som å vere i eit forhold. Du har dei gode dagane, der alt er rosenraudt og du smiler berre du ser andletet (eller i dette tilfelle kanskje logoen) til din kjære. Du reiser heim frå kamp i lykkerus som langt overgår både det eine og det andre.

Og vakner med eit smil dagen etterpå.

Har du ein dag der verda går deg imot, så hjelp det om du kryp oppi sofaen, slår av mobiltelefonen og leiter fram opptak av ein gammal kamp (gjerne ein cupfinale). Og så kjenner du deg straks betre att etterpå.

Du klarer å vri ein kvar samtale inn på "rett" emne. Til alle sin store irritasjon. Og i motsettning til eit "normalt" forhold, der dette kanskje spakner over tid, så oppfører fotballsupportarar seg som om dei er nyforelska heile tida.

Du gler deg til kvar einaste helg, fordi du har "date" med gutane dine. Og skulle det ikkje vere kamp ei helg, så sakner du dei. Landslagspausene er nesten ikkje til å halde ut. Når det er så langt mellom kampane, må du innom stadion av og til, berre for å seie 'hei'. Og du roter deg inn på nettsider på språk du overhodet ikkje skjøner, og laster ned programtillegg du ikkje aner kva gjer. Alt dette berre for å få sett ein hakkande, lavoppløyst versjon av Portugal - Finland, fordi han eine frå favorittklubben kanskje får spele.

Og når serien slutter til vinteren, kjennast det ut som om du er i eit avstandsforhold. Du går berre å tripper, og venter på første treningskampen.

Du blir lei deg når spelarar reiser, eller legg opp. Og så byrjer du så smått å halde med klubber både her og der i verda, så lenge han får spele der.

Du hisser deg opp noko voldsomt på alle som prøver å seie noke imot favorittane dine. Forsvarer dei med nebb og klør, same kor subjektiv og einspora dette får deg til å høyrast ut. Aldri i verda om det var gult kort! Nokre beinbrot må ein jo rekne med i fotball ...
Når det er kjærleik inne i biletet, då fyk logikken ut av vindauge.

Og likevel så er det ingen som kan bli så sint på dei som du sjølv. For somme dager er alt berre dumt. Du kjefter og roper, riv deg i håret og smell med dører. Surmuler. Og du er sikkert på at om dei berre hadde høyrt på deg, så hadde alt blitt så mykje betre.

Du sitt på kamp med hovudet i hendene, så oppgitt. Så irritert. Så utruleg sikker på at du kunne gjort det så mykje betre sjølv (enda du knapt nok har teke i ein fotball i ditt liv).

Og blir du irritert nok, så går du frå kamp det sekundet dommeren bles. For dette er i alle fall ikkje noko å stå her å klappe for!

... berre det at dagen etter så har du så dårleg samvittighet at du kryp til korset og ber om orsaking. Og så gjer du det aldri igjen.

Du kan banne, og steike, og kjefte deg igjennom 90 minutt. Og så ser du andleta deira etter kampen. Og ser at dei er minst like skuffa som deg. Og då greier du berre ikkje å vere sinna lenger.

For uansett kor irritert, eller sinna, eller skuffa du blir, så varer det aldri lenge. Om du kjem heim og slenger av deg drakta, så går det maks ein halv time før du plukker den opp og henger den fint på plass. Eller i alle fall vrenger den, og heng den over ein stol.

For du er trass alt glad i dei. Uansett kor mange neglar du bit av i løpet av ein fotballkamp, eller kor mykje tynnare håret ditt blir i løpet av to ekstraomgangar.

For plutseleg så vinn dei straffekonkurransen. Pluseleg så slår dei AZ Alkmaar i Europa League. Plutseleg, etter 89 minutt med 0-0 og stillingskrig, så scorer dei og vinn. Og så står du att i femten minutt og syng, og klapper, og smiler så du har vondt i kinna tre dager seinere.

Det er da du skjøner kor glad du verkeleg er i dei. Uansett kor sinna eller skuffa eller oppgitt du til tider blir. Det er då du skjøner at du er i eit forhold. Eit som kjem til å vare livet ut.

Det heiter trass alt ikkje "klubben i ditt hjarte" for ingenting ...

søndag 7. august 2011

Kjære Ole Christian Rørvik,

Amund Skiri, Edvard Skagestad, Jonatan Tollås Nation, Ville Jalasto, Magnus Sylling Olsen, Jason Morrison, Fredrik Carlsen, Sander Post, Peter Orry Larsen, Pablo Herrera, Sten Grytebust, Jonathan Parr, Daniel Arnefjord, Enar Jääger, Demar Phillips, Christian Myklebust, Kjell Rune Sellin, Didrik Fløtre, Robert Sandnes, Fredrik Ulvestad, Mathias Rasmussen, Lars Fuhre, Sverre Økland, Magnus Solevåg, Solomon Okoronkwo, Michael Barrantes Rojas og Jonas Sandqvist;

Misforstå meg no rett. Det har vore fantastisk gøy å vere på Europa League kamp på CLS i år. Kvar gong. Og eg er umåteleg stolt oransje og blå av måten vi har kome oss videre på.

Men. Eg vil mykje, mykje, mykje heller ha tre poeng i Tippeligaen.

Vi veit at dykk kan. Kvar og ein av dykk. Det har dykk vist mot Neath, mot Ferencváros og mot Elfsborg. Kan dykk vere så snille å gjere dette mot Strømsgodset, Molde og Sogndal i staden?

For no treng vi tre poeng meir enn noko anna.

mandag 4. juli 2011

13. runde: Lokaloppgjer til besvær

Det var ikkje det at eg hadde så store forventningar. Ei heller at eg har noko imot å tape for betre fotballag. Men denne kampen gav vi bort.

Molde - AaFK 5-2

Vi rett og slett gav den bort. Eg har ikkje tenkt å skulde på nokon spesiell, ei heller har eg tenkt å ta nokon unna (nei, ikkje ein gong deg, Ville. Spesiellt ikkje deg).

Vi gav rett og slett bort 4 mål. Og vi kasta vekk 6-7 målsjansar. Då taper ein fotballkampar, anten ein speler mot Molde eller Måløy.

Tek denne kampen som eit arbeidsuhell. Rekner med full skjerpings mot Neath på torsdag. For eg trur ikkje Rekdal finn seg i mange slike kamper på rad ...

torsdag 30. juni 2011

Europa League 2011

Litt deilig å vinne ein fotballkamp kjempesuverent igjen

AaFK - Neath FC 4-1

Kjempegod kamp. Meir er det ikkje å seie. Litt irriterande å "gi" dei eit bortemål (sjølv om det var eit fantastisk fint mål), men ellers er det absolutt ingenting å utsette på innsatsen. Vi spelte dei trill rundt, verken meir eller mindre.

Og Magnus Sylling Olsen er den nye helten min. Eg aner konturane av ein ganske så brilliant angreps-tre'ar.

Skulle gjerne vore med til Wales neste veke og heia gutane videre. Men eg får sitje heime med kryssa fingrar i staden.

Vi skal berre ein liten snartur oppom Molde først ... *grøss*

torsdag 16. juni 2011

11. runde -

Skal ikkje kjefte på gutane mine. Skal ikkje kjefte på dommeren. Det eg har å seie om RBK, sa eg for så vidt i fjor.

AaFK - RBK 1-3

mandag 13. juni 2011

10. runde - Lindegaard who??

Kjære norske fotballkommentatorane; fra no av vil eg ikkje høyre eit ORD om å "fylle hanskane til Lindegaard"

Stabæk - AaFK 1-2

No er det nok. Kvar einaste kamp eg har sett på TV i år (og eg mistenkjer at det har blitt nevnt før dei kampane der eg har vore på stadion og), har det blitt påpeika at Sten Grytebust har "store hanskar å fylle etter at Anders Lindegaard forsvann i vinter". Og Sten Grytebust har nesten ikkje gjort anna enn å bevise at han fint klarer å fylle dei hanskane.

Og i dag sette han krona på verket. FOR EIN KAMP! For ein keeper!

Eg vil ikkje høyre eit pip til om 'hanskane til Lindegaard'. Eller skoa til Lindegaard. Eller noko som helst som har tilhøyrt Lindegaard. Vi har keeper. Han heiter Sten Grytebust. Og han er fantastisk!

Utrulig deilig å vinne i dag, det var ein GRUSOM fotballkamp. Det var berre flaks at vi gjekk til pause med 1-0 (fantastisk angrep!). Andre omgang var betre, men framleis ikkje bra. Men igjen; fantastisk angrep! Nydelig mål!

Alt i alt; kanskje ikkje den beste kampen vi har spelt. Men vi vann. Og det er trass alt det fotball handler om.

RBK på torsdag. Nytt nervehelvette. Men steik kor ej gle mej!

søndag 29. mai 2011

*9. runde: Kjetil Rekdal *klapp klapp klapp* Kjetil Rekdal *klapp klapp klapp*

Rekdal, eg bøyer meg i støvet.

AaFK - Viking 2-0

Eg var nervøs i dag. Og lettere skeptisk. Meir enn eg plar vere. Med Demar og Jason ute på landslagsoppdrag mangla det plutseleg to veldig viktige brikker på midtbana vår. Og med Fredrik framleis skada, og Sander og ute av spel, var eg ein smule uroa over start 11'ren.

Eg hadde gløymt at eg kan lite på Kjetil Rekdal.

Eg såg rett nok litt skrått på iPhonen då lagoppstillinga tikka inn. Men, eg bestemte meg for at Kjetil, som Alex Ferguson, veit kva han driv på med. Sjølv om det ikkje alltid ser slik ut. Og det skulle vise seg at eg hadde rett.

Solid og god kamp, frå fyrste til siste spark. Full kontroll på Viking, minus nokre minutt i byrjinga av andre omgang. Fantastisk flotte mål! Og klar forbedring på absolutt alle spelerane.

Og ein ting vil eg berre seie; kjære toppklubbane utanfor Noreg sine grenser som etter kvart kjem til å snuse på Michael Barrantes. Kan dykk vere så snill å ligge unna han denne sesongen? Han er gull verdt for oss akkurat no. Eg er klar over at ein slik speler ikkje blir i ein klubb som AaFK så veldig lenge. Men om vi i alle fall kan behalde han til november i år, så blir eg veldig glad.
Dykk kan for så vidt berre byrje å telle pengar, for når den mannen reiser så blir det ikkje for lommerusk.

Eg kan ikkje skryte nok av Sten Grytebust heller. For kvar kamp blir han berre tryggare og tryggare, og betre og betre. I dag var han bunnsolid.

Daniel og Ville gjer ein kjempejobb i midtforsvaret. Enar og Jonathan like så på kvar sin kant (innlegget til Parr på målet til Magnus var glitrande!).

Og Fredrik Ulvestad og Christian Myklebust ... det gjer så fantastisk godt å sjå AaFK få opp slike talent. Fantastisk gode, og ikkje redde for noko som helst. Strålande!

Sellin, konstant på hugget. Fuhre mykje meir organisert i dag. Orry var så god at eg knapt kjende han att frå sist kamp.
Og Magnus Sylling Olsen; du må GJERNE score fleire slike mål. Fantastisk!

Kjære alle AaFK-spelarane; kan dykk ikkje spele slik kvar einaste kamp?


* 8. runde fann eg ikkje noko fint å seie om. Og som kjent; kan ein ikkje seie noko fint, treng ein ikkje seie noko i det heile teke.