mandag 9. april 2012

Sivil status: AaFK-supporter

Eg har lenge rekna meg sjølv som singel. Men no har eg innsett at eg eigentleg ikkje er det. Eg er så absolutt i eit forhold. Og ikkje berre med ein mann, men med ein heil fotballklubb. Neste gong noko spør skal eg seie det som sant er;

Sivil status? AaFK-supporter.

For å vere fotballsupporter er som å vere i eit forhold. Du har dei gode dagane, der alt er rosenraudt og du smiler berre du ser andletet (eller i dette tilfelle kanskje logoen) til din kjære. Du reiser heim frå kamp i lykkerus som langt overgår både det eine og det andre.

Og vakner med eit smil dagen etterpå.

Har du ein dag der verda går deg imot, så hjelp det om du kryp oppi sofaen, slår av mobiltelefonen og leiter fram opptak av ein gammal kamp (gjerne ein cupfinale). Og så kjenner du deg straks betre att etterpå.

Du klarer å vri ein kvar samtale inn på "rett" emne. Til alle sin store irritasjon. Og i motsettning til eit "normalt" forhold, der dette kanskje spakner over tid, så oppfører fotballsupportarar seg som om dei er nyforelska heile tida.

Du gler deg til kvar einaste helg, fordi du har "date" med gutane dine. Og skulle det ikkje vere kamp ei helg, så sakner du dei. Landslagspausene er nesten ikkje til å halde ut. Når det er så langt mellom kampane, må du innom stadion av og til, berre for å seie 'hei'. Og du roter deg inn på nettsider på språk du overhodet ikkje skjøner, og laster ned programtillegg du ikkje aner kva gjer. Alt dette berre for å få sett ein hakkande, lavoppløyst versjon av Portugal - Finland, fordi han eine frå favorittklubben kanskje får spele.

Og når serien slutter til vinteren, kjennast det ut som om du er i eit avstandsforhold. Du går berre å tripper, og venter på første treningskampen.

Du blir lei deg når spelarar reiser, eller legg opp. Og så byrjer du så smått å halde med klubber både her og der i verda, så lenge han får spele der.

Du hisser deg opp noko voldsomt på alle som prøver å seie noke imot favorittane dine. Forsvarer dei med nebb og klør, same kor subjektiv og einspora dette får deg til å høyrast ut. Aldri i verda om det var gult kort! Nokre beinbrot må ein jo rekne med i fotball ...
Når det er kjærleik inne i biletet, då fyk logikken ut av vindauge.

Og likevel så er det ingen som kan bli så sint på dei som du sjølv. For somme dager er alt berre dumt. Du kjefter og roper, riv deg i håret og smell med dører. Surmuler. Og du er sikkert på at om dei berre hadde høyrt på deg, så hadde alt blitt så mykje betre.

Du sitt på kamp med hovudet i hendene, så oppgitt. Så irritert. Så utruleg sikker på at du kunne gjort det så mykje betre sjølv (enda du knapt nok har teke i ein fotball i ditt liv).

Og blir du irritert nok, så går du frå kamp det sekundet dommeren bles. For dette er i alle fall ikkje noko å stå her å klappe for!

... berre det at dagen etter så har du så dårleg samvittighet at du kryp til korset og ber om orsaking. Og så gjer du det aldri igjen.

Du kan banne, og steike, og kjefte deg igjennom 90 minutt. Og så ser du andleta deira etter kampen. Og ser at dei er minst like skuffa som deg. Og då greier du berre ikkje å vere sinna lenger.

For uansett kor irritert, eller sinna, eller skuffa du blir, så varer det aldri lenge. Om du kjem heim og slenger av deg drakta, så går det maks ein halv time før du plukker den opp og henger den fint på plass. Eller i alle fall vrenger den, og heng den over ein stol.

For du er trass alt glad i dei. Uansett kor mange neglar du bit av i løpet av ein fotballkamp, eller kor mykje tynnare håret ditt blir i løpet av to ekstraomgangar.

For plutseleg så vinn dei straffekonkurransen. Pluseleg så slår dei AZ Alkmaar i Europa League. Plutseleg, etter 89 minutt med 0-0 og stillingskrig, så scorer dei og vinn. Og så står du att i femten minutt og syng, og klapper, og smiler så du har vondt i kinna tre dager seinere.

Det er da du skjøner kor glad du verkeleg er i dei. Uansett kor sinna eller skuffa eller oppgitt du til tider blir. Det er då du skjøner at du er i eit forhold. Eit som kjem til å vare livet ut.

Det heiter trass alt ikkje "klubben i ditt hjarte" for ingenting ...

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar