søndag 23. mai 2010

Den verste jobben i verda - del 3

Del to her.

Denne veka fekk Steinar Nilsen sparken i Brann ... nei vent no; Steinar Nilsen trakk seg i Brann ... nei, vent no ...

Uansett; Steinar Nilsen er ferdig i Brann. Etter ein mildt sagt elendig sesongstart for bergensklubben gjorde dei som fotballklubber i krise oftast gjer; ut med treneren. Eller, eigentleg ikkje. For dagen før den dagen då Steinar Nilsen og advokaten sat i møte til dagen etter for å bli einige om sluttpakke, så hadde Nilsen full tillit frå styret.

Forvirra? Du er ikkje åleine. Men den noget forvirrande prosessen rundt avgangen var ikkje det eg skulle skrive om. For heller ikkje her er eg heilt med på trener-tuppinga.

Er det ein trener sin jobb å få det beste ut av laget, finne dei beste løysingane og sørge for at poeng og pokalar tikkar inn? Ja, sjølvklart. Men er det berre treneren sitt ansvar? Har ikkje dei 11 som spring rundt på bana og eit ansvar for å gjere sitt beste?
No har eg sett nokre Brann-kampar i år, og Brann har ikkje vore utelukkande dårlege. Dei har vore direkte gode til tider. Men det skortar på det viktigaste i fotball; måla. No er det få fotballspelarar som kan programerast til å score, og i motgang så butter det sjølvsagt imot alle stader på bana. Men likavel.

Eirik Huseklepp blir skrytt opp i skyene av samtlige aviser og media, og hever visstnok ei løn som ikkje likner grisen. Kva gjer han eigentleg for den løna? Om løn i fotball skal vere prestasjon-basert, er ikkje unge herr Huseklepp då ein smule overbetalt?

Eller Eirik Bakke. Tidlegare Leeds-speler og utanlandsproff, ja. Han var god ein gong i tida han, ingen tvil om det. Men han er ikkje den han var. No spring han rundt hissig frå første minutt, med taklingar som hadde kvalifisert til raudt kort på sekundet om han heite (eksempelvis) Lasse Holm og spelte for Ranheim. Og kjefter og smell på dommer og motspelarar. Men kva bidreg han med, reint sportsleg?

Petter Vaagan Moen, Håkon Opdal, Erik Mjelde, Gustavino ... Brann har nok av profilar. Som eg vil tru tener ganske gode penger på å spele fotball. Ligg ikkje litt av ansvaret hjå dei og?

Dette gjeld sjølvsagt ikkje berre Brann. Å sparke treneren i motgang er eit kjent verkemiddel for å snu ting. Somme gonger virker det, andre gonger ikkje. Og somme gonger er det det rette. Somme trenarar går seg fast, eller maler seg opp i eit hjørne. Men somme gonger blir det ein litt for lettvint syndebukk. Eller ein smule uforståeleg. Vi hugser vel alle det året By Rise fekk sparken i RBK. Etter å ha leda laget til seriemeisterskap ...

Av og til kan ein lure på korleis det hadde gått om trenaren ikkje hadde fått sparken. Hadde Steinar Nilsen greid å snu dette? Hadde Ole Bjørn Sundgot fått skikk på Hønefoss etter kvart?

Sist eg sjekka var fotball ein lag-idrett. Blir det ikkje då litt feil å skulde all motgang på ein person?

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar