...
AaFK - ODD Grenland 2-3
...
...
...
Dette var 114 000 gonger verre enn å tape for Molde!
Molde-tap hadde eg kalkulert med, det forventa eg. Det hadde eg for så vidt i dag og, men ikkje etter at vi gjekk opp til 2-0.
Det skal ikkje gå ann å kaste vekk ei 2-0-leiing på 10 minutt! Det skal berre ikkje gå ann! Jamnspelt fyrste omgang, to kjappe mål, lekre mål av Alex i andre omgang. Dette skulle vi eigentleg berre safe inn. Men neida. Gufs frå fortida, AaFK slik dei var for eitt-to år sidan.
Og det verste av alt; eg er ikkje sinna ein gong. Eg er berre 'veldig, veldig skuffet'. Eg klarer ikkje å bli sinna på gutane "mine". Eg ser det på dei, dei er akkurat like skuffa som alle oss andre. Då Staberg blåste for full tid kollapsa heile forsvarsrekka. Ville vart sitjande i 6-7 minutt å berre stirre tomt framføre seg. Korleis i allverda skal eg klare å vere sinna på dei? Dei veit jo så alt for godt sjølve at dette ikkje er bra. Og når det dukker opp slike bilete av Anders Lindegaard;
Foto: Staale Wattø
... eg klarer ikkje å bli sinna. Eg er berre like skuffa som dei er.
Akkurat i dag er tabellen uviktig. 20 poeng speler inga rolle. Eg kan så smått gle meg over at Alex har byrja å treffe mål. Men likevel. Eg kan snakke skader, dommer, brente sjansar. Men kva hjelp det? Kampen er slutt. Vi rota vekk ei 2-0-leiing, og tapte.
Dette er berre surt.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar