fredag 18. februar 2011

Med trykk på *trening*

Fotball er fasinerande. Og då ser eg for ein gongs skuld vekk frå det som hender på bana. Sjølv det å sitje på ein stadion, eller i ein hall som i dag, å sjå noko så uviktig som ein treningskamp er noko heilt for seg sjølv.

For sjølv om det berre er treningskamp, og sjølv om den ikkje tell på nokon måte, så tek du deg, og alle rundt deg, i å ta det dønn seriøst. Du reiser kanskje ikkje til kamp med dei same sommerfuglane i magen. Du er ikkje så nøye på om du har rette sokkane, eller at du høyrer på rette CDen i bilen på veg til stadion. Du sit ikkje der og bit neglar, uroar deg over den og den skada eller korvidt storscoraren til bortelaget blir speleklar.

Du er enkelt og greit litt sånn avslappa.

Heilt til kampen starter.

Då blir det alvor likevel. Då kjem nervane. Då brøler du likevel når dommeren bles offside sjølv om det er KLINKANDE KLART at passninga vart lagt FØR speleren var i offside. Du kjefter. Du ooo-ar og off-ar på fine skudd og sløsing med sjansar.

Fotball er fotball, uansett.

Og det beste med alt; rundt deg på tribuna er du omringa av menneske som tenkjer akkurat det same. Anten dei er 15 eller 55, alle er like fokusert, like glødande engasjert i det som hender på bana.
Det er ingen som ser ned på deg på fotballkamp, ingen som flirer rått om du sit sju rader over bana og stille dirigerer spelerane, eller mumler for deg sjølv når laget ditt har ballen "Sjå an Ville. Ville. Ville. Der ja! Sikt på an Fløtre, framfor mål. BRA! He du Carlsen, dinna he du, dinna he du. Flink!"

For alle rundt deg har sine heilt eigne måtar å sjå fotballkamp på.

Du har gamlekarane, som har gått på kamp sidan laget kava rundt nede i tredjedivisjon, og som framleis veit betre enn samtlige på trenerbenken
... skjønt, det gjer vi vel strengt tatt alle.

Du har dei som, uansett stilling eller eller posisjonering på bana, konstant roper på "spel framover. Framover! FRAMOVER for faen!"

Du har dei som alltid held motet oppe, som alltid har trua inntakt.

Og dei som gir opp på fyrste baklengsmålet, og byrjer å snakke om nedrykk etter femten minutt.

Dei som sit dønn stille heile kampen, verken opner kjeften eller le'er på ein muskel.

Dei som ikkje kan rett namn på ein einaste speler.

Dei som kan namnet på alle spelarar som nokon sinne har spelt for laget.

Og dei som kjefter på dommaren, uansett kor soleklart frisparket var.

Dei som sit på fremste rad, for å kome nærast mogeleg bana og spelerane.

Og dei som skulle ynskje dei framleis var unge nok til å setje seg på fremste rad, for å kome nærast mogeleg bana og spelerane.

Det er kanskje berre ein treningskamp mot Sogndal. Den gir verken pokalar, poeng eller særleg med prestisje.

Men fotball er fotball. Og det er trass alt berre 31 dagar til seriestart.



PS: Det er lov å gjere feil i treningskampar. Det er difor det heiter 'treningskamp'. Det er mykje betre å gjere dei feila i februar, enn å gøyme dei til seriestarten i mars.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar